onsdag 8. oktober 2008

Tytebæret opp på tuva


"Tytebæret opp på tuva vaks utav ei liti von" ..... dette sitatet frå ein song vi lærte i songtimane på skulen kom eg ihug i ettermiddag då eg var på tyttebærtur i marka.
No er eg ein av dei som likar godt å komme meg ut i skog og mark enten det er på bærtur eller bare tur for turen si skuld, men idag vart altså 5 literen med meg og den var så godt som fylt før eg gjekk heimatt.
Har visst at det var godt med bær i marka i år, men av ymse årsaker har det ikkje vorte til at eg har gått på bærplukking tidlegare på hausten.
Tytebær likar eg helst å plukke for hand og bæra som veks i myrlendt terreng er mykje større og saftigare enn dei "på tuva" tykkjer eg !



Ein eller annan stad i "skriften" står det at det er ei tid for å hauste og ei tid for å så, men her trur eg Overgartnaren har teke seg vatn over haudet som serverer både bær og blomst samstundes. Det vert nok dårleg med pollinering og framvokster av "vona" på desse tytebærblomane no i oktober.




På bærtur har eg ikkje bare fokus på bæra som eg er ute etter, nei eg er like glad om eg får sjå ein av desse :










Eller ein av desse - undrar meg forresten på kva slags krabat dette vert når den vert vaksen ?








Sopp var det også i ymse variantar - her er ein av dei, for meg ein ukjent art.







Ellers var det nok ramnen som var mest forviten på kva eg styrte med der oppe i bakkane for det var stadig over meg to-tre av dei med sitt "korrp-korrp" - kansje den trudde eg flådde hjort eller noko slikt, det er jo tid for det no....




Ellers var det flotte fargar både på blåbærlyngen og på starret, mosen og på busker og tre.
Her eit parti blåbærlyng.

6 kommentarer:

Aud sa...

Så fine høstbilder du har tatt.
Hjemmelaget tyttebærsyltetøy er nums til kjøttmiddagen ;-)

Unknown sa...

Og Herr Padde bor sannelig ute i skogen, han også.
Takk for turen! :-)

Anonym sa...

Åååå no fekk eg heimlengsel kan du tru, tenk å få ta seg ein tur uti markja, kanskje opp på Furuhovden! vi får heller sjå om vi kan vere med å hogge juletreet i år når vi kjem på besök?

hajal. sa...

Ja det var på "baksida" av Furehovden eg var og plukka bæra.
I år trur eg juletrehoggsten må føregå i Nipsene - var ein tur i Holene ein dag og der ser det ikkje uttil å vere noko som eignar seg !

Anonym sa...

Synest vanlegvis ikkje så mykje om desse kvekkande krypa som hoppar så ubereknelig, men denne var no skikkelig søt!

Unknown sa...

De er søte, sjekk det blikket, da. :-)