
Nei då, "ryktet om min undergang er STERKT overdrevet" for å nytte eit mykje brukt sitat !
Dei siste 14dagane har vore særs lite produktive for min del, det skuldast at naturen sjølv har slått på storetromma med kuling, storm og regn dag ut og dag inn. Til no i oktober har vi fått 359 mm nedbør, omtrent det same som vi fekk i perioden Juni - September, og nesten 100 mm meir enn "normalt" for oktober månad.
Kroppen min har vore i særs heftig ulage for tida, gikta har herja som verst og energien og tiltakslysta har sjølvsagt vore laber. Det vesle som har vore er brukt på jobben, ellers har sofaen vore svært god å ha i det siste. I periodar svært lite oppdatering både på hagegal og i andre sine hagebloggar og då er eg ikkje "rare karen" .
I tillegg spelar nok "mørketid" og ei rolle i energitapet - ja ja alt har ein overgang, sa reven, dei drog skinnet av han !
Dei få posane med haustløk eg har kjøpt i år ligg framleis trygt under verandaen, men no MÅ eg få dei ned snart før det kjem snø og frost.
Vel, litt har eg gjort dei siste dagane:
Onsdag fekk eg rydda opp i vekstrommet mitt og plassert diverse av det som har stått i drivhuset under plantelyset.
Hippeastrumløkane som har stått i drivhuset har komme i kjellaren og til vinteroppbevaring. Det same har Vallota- og Zephyrantessamlinga mi, og alle november- og påskekaktusane mine er komne i hus - mange av novemberkaktusane har godt med knoppar så det er håp om blomsterpryd på dei utover i adventstida.
Så må eg nemne at eg i forrige veke fekk tak i "gul" novemberkaktus - Har prøvd å få tak i den to haustar, men ikkje lukkast før no.
I går var det slaktedag på garden. Far min og eg slakta årets smaler som skal bli juleribbe (pinnekjøt)og fårikål gjennom vinteren og sjølvsagt eit par lår til speking.
Vi brukar alltid å slakte gjømbrer (1 1/2 år gamle saulam), det er mykje meir smak på det kjøttet enn på lam - i lammekjøttet vert det for lite fylde i både i smak og mengde kjøt.
Surt veir var det med regn og kraftig vind, men ettersom vi står for det meste under tak med jobben var det ikkje så verst likevel.
Idag skal eg spa opp og ta inn Skaugumknollane mine, alle Fuchsiane (no står dei på det flottaste i full blomst !) og Dahliane skal avskjærast og settast i drivhuset ei stund for avmodning dersom det ikkje vert for mange kuldegrader over helga.
Enno er det mykje som blomstrar i hagen til tross for dei siste vekene med rikeleg nedbør og vind, men no varslar dei på yr.no at snøen er i anmasj over helga så då er det bare å ta i hus uansett. Ikkje triveleg å grave opp plantar i snøen iallefall.
Storm og regn har delvis feia lauva av trea, stort sett er det bare hasselen og oren som no har lauv - ei og anna bjørka held og imot. Hagen er full av lauv frå dei to store morelltrea våre og dette skal rakast saman og brukast enten i kaldkomposten i blanding med hønsemøkk eller som dekke til enkelte sarte stauder i woodlandet.
Tilslutt vil eg ta med eit dikt som høver for årstida. Eg skreiv det for ein del år sidan til opningsdikt på ein bygdakveld vi hadde i Davang - eller ungdomshuset som vi seier som Ungdomslaget i bygda eig.
Det kan og høve no i og med at eg ermed i komiteen også i år og bygdakvelden skal gå av stabelen som tradisjonen er fyrste helga i november - altså om ei god veke .1. november, det vert ei hektisk veke med øving på diverse program kvar kveld no utover...puh... (men det er no veldig kjekt og - ikkje minst på øvingane !! )
KARNEVAL
Det har nyss vore karneval i bygda.
Fyrst var det rognen og heggen
med sine raudleitte fargar
som prydde liene langsetter
kvar på sin måte.
Rognen pynta seg jamvel med raude perler
- dei bar rikt i år !
Heggen som ingen har lagt merke til
sidan juni fekk atter beundrande augekast
og raudna vel kansje endå meir av den grunn .
Så var det ospa og bjørka sin tur
- begge i det gule.
Ospene oftast i flokk lik flyttfuglane,
medan bjørkene blanda seg meir med hine.
Så kom maskefallet:
Med vinteren i kjømda
var det bare å kvitte seg med stasen
og la vinden slite og rive i dei siste tølene
som var att .
----- Noko for på videvanke,
noko fekk dekke føtene
til vern mot frost og sno til vinteren.
Dei var alle nøgde kvar med sitt spel !

Ha ei flott helg folkens og som trønderane seier :
"Ittj fårrå nåless !"