fredag 2. juli 2010

Blomstring 1. Juli 2010 - del 1

Juli månad er godt i gang og det meste av vår- og forsommerblomstringa er over. No overtek etterkvart midtsommarsblomstringa showet og overalt veks det så det knakar ikkje minst ugraset. Her ved fontena har eg planta ein Hosta 'Patriot' på kvar side og på eine sida planta eg hin dagen rhizom av lys blå kvitveis på høgre sida. Desse fekk eg av ei gavmild dame på Eid.
Eg kjøpte meg ein Cotoneaster praecox som var poda på Sorbus x hybrida på hagesenteret på Eid for gåvekort eg fekk til gebursdagen i vinter den vart plassert til venstre for biletkanten mellom fontena og Buddleja 'Royal Red'.

Dei tre neste bileta syner parti frå fjellhagen. Bilda er tekne idag og alle er klikkbare.



Biletet under er teke frå sitjeplassen vår. Til venstre skimtar vi Peonbedet, det gule midt i er Stormarikåpe (Alchemilla mollis), så ser vi m.a. vanleg syren og midt imot "Langbedet" der eg har Sibiriris, løytnantshjerter, fjellflokk (Polemonium) og Dagfiol (Hesperis matronalis)

Her kjem det nokre bilder frå det eg kallar woodlandet.
På fyrste under ser vi m.a. Acer palmatum *Stella Rossa', Hosta halycon, grasløk og ein Geranium.

Her har vi Acer shirasawanum aurea som vistnok skal kallast Måneskinslønn på norsk. Oppe i midten ser vi dei store blada til Dermera peltata, Geranium ibericum 'Vital' og Primula japonica -Japanprimula. Framme i høgre hjørnet er Primula chungensis som no er avblomstra og frøveksten er igang og til høgre ein Geranium.

Det siste biletet idag syner litt av "Langbedet " (th.) og "Øvre morelltrebed" (tv. ) Ein gullregnklase heng der og - den er på retur no, i år var det ikkje så rik blomstring på gullregnen som i fjor.


God helg til alle hagevenner landet rundt! :)

9 kommentarer:

Silje Elin sa...

oy so fint det vart i hagen! spesielt ved frontena, gjorde bra me dei steinane og blomstrane! :D

skulle tatt en tur heim og sett litt nøyare og kansje tatt nokre "kunsteriske" bilder :)

du har vert flinke! ;)

Marit sa...

Så kjempeflotte bilder du har tatt!
Fjellhagen din er så fin :)

TurboLotte sa...

Jeeezzzzz.. så lekkert! Sånn fjellhage er jo bare helt knall. Men får det ikke helt til her jeg. En fryd å se.

hajal. sa...

Takk for det alle tre! :)

Skulle ha laga til resten av fjellhagen og, men det lyt være til helsa betrar seg. I år lyt eg være fornøgd med å klare å halde nokonlunde vedlike det eg har.

Turbolotte:
Det går fint å lage seg fjellhage utan å ha hverken fjell eller skråning, men det er meir arbeidskrevande om ein skal bygge seg eit "fjell" frå botnen av - ikkje minst store mengder stein.

Silje:
Kom gjerne heim og samle inspirasjon du, her er det mange motiv å fange! ;)

janne sa...

kjempefint paps! Må sei det står respekt av hagen din! :) E mykje meir arbeid med uteblomstar enn eg trudde..! hehe. Du veit dei som eg kjøpte til verandakassa? million-etelleranna. Dei døde etter nokre dagar. So no har eg planta blomstrane sander fekk med seg frå bhg. Fløyelsblomt heite dei trur eg. Flesteparten lever ihvertfall, og ser antydning til blomster nedi dei. hehe. ikkje lett:)

solfrid sa...

Nydelig, Harald - mange gode tips å hente ;)

Linnemi sa...

Ja, dette var flott! :)

Rita sa...

For en nydelig hage du har, hajal. Jeg er overmåte imponert :)

hajal. sa...

Takk for det alle saman!

(Godt ingen kan sjå partia som er overgrodd med gras/ugras som eg ikkje har hatt energi å gjere noko med - det vel eg IKKJE å ta bileter av....hehe)!