onsdag 7. juli 2010

Blomstring 1. Juli 2010 - del 3

Denne sibiririsen er både vakker og høgreist. I forgårs var det nokså mykje vind her og då låg den som ei spreidd vifte utover.

Orkideen Skogmarihand (Dactylhoriza fuchsii) er eit flott innslag og har blomstra ei god stund no. Den ser ut til å trivast i hagen og, men i år kom det bare ein blomster. Skal tru om det er den kalde vinteren eller Campanuaen ved sida av som er vorten for nærgåande som er årsaka?

Flekkmarihand (Dactylhoriza maculata) blomstrar også flott no. Ikkje langt frå hagen min veks dei i store mengder i gamle slåtteenger.

Blå fjellflokk (Polemonim caerulea) blomstrar rikt no. Desse må eg være påpasselig og klippe bort avblomstra blomsterstandar ellersd vert det fort mange - altfor mange småbarn rundt i beda. Eit nytt flor seinare i sesongen er belønninga for jobben.

Her er det den kvite sorten som står i fullt flor.

Denne Verbascum en får rå grunnen her før riddersporane i bakgrunnen tek over.

Pinsenellik (Dianthus gratianopolitanus) er vakker og sprer godduft der han veks på murkanten langs inngangsvegen til huset. Dette er sorten 'Aslaug Weydal'

Her er det Astrantia 'Lars' som blomstrar - i bakgrunnen ser vi den mørkblada Ligularia 'Brit-Marie Crawford', ein kvit Geranium - trur det er phaeum 'Alba' og bak Astrantiaen ser vi Podophyllum hexandreum.

Japansk Iris ( Iris ensata) er villig og blomsterrik og klarar seg godt i vanleg hagejord. Her er det 'Moniques Child' .


Akeleiefrøstjerne (Thalictrum aquilegifolia) er ei av dei høge staudene som eg set mest pris på.


Den gule daglilja (Hemerocallis flava / H. lilioasphodelus) er ein "arv" frå dei som hadde hage før oss. Den kjem trufast att år etter år og har truleg vore i hagen her i snart 50 år.

Pyrinèerlilja ( Lilium pyrenaicum) er ein av dei eg har fått som "arv" i familien. Denne vaks i hagen der mor mi vaks opp på ei øy sørvest for Florø. Den står no i full blomst og sprer god duft nesten over heile hagen.



Her er eit nærbilde av blomsten - flotte sjokoladebrune teikningar mot det gulgrøne - vakkert syns eg!

6 kommentarer:

Herdis sa...

Å så fint det er akkurat nå når "alt" blomstrar. Du er så flink til å hugse navn på alt, Harald. Ha ein fin hagedag!

Rita sa...

Så mye fint du har i hagen din, hajal. Blir aldri lei av å se blomsterbildene dine :)

janne sa...

den irisen, eller sibirisen (liknar i grunn på begge) liknar på den som vi har i hagen, med masse gras rundt! stilig! Kjempefine blomstrar!

gler meg til vi kjem heim!!

hajal. sa...

Herdis:
Eg har ikkje betre hugs enn at eg av og til må ut og sjekke namn enten når eg skal legge namn på bilda eller når eg bloggar..... ;)

Rita:
Takk for det. Det blir sånn når ein ikkje har vet å la være å skaffe seg nye plantar og frø og ikkje minst bite på når noko vil bytte... ;)

Janne:
Det finst mange slike Iris'ar som er meir eller mindre like, men også i andre fargar.
Eg skal grave opp noko som du kan ta med og prøve om det overlever hos deg, m.a. skal Primulane utprøvast om dei klarar seg ... (dersom du er interessert då.)

anne - moseplassen sa...

åå, så masse lekkert du viser i dag! Sikle sikle :D
Jeg er spesielt svak for sibiriris, synes den er så pen og stram i beddet og har så ryddig greit bladverk, har en som ligner veldig på den du viser, sikkert en god gammel landeplage det der.

hajal. sa...

Anne:
Ja den sibiririsen der trur eg er ein av dei vanligste rundt i heile landet. Det var ein av deu fyrste eg bytta til meg på hagegal. ;)