fredag 1. mai 2009

Aurikkelblomstring og plantepakke


Idag fekk eg klipt plenen for 2. gang i år og har ein bra dunge med plenklipp klar til å dekke beda med, men fyrst vil eg ha litt regn på jorda.

Ellers har eg teke bilder av alle auriklane mine (trur eg) - iallefall alle som blomstrar. Nokre av dei som var sådde i fjor blomstrar ikkje enno.









Som eg fortalde i går fekk eg torsdag ein bytteplantepakke i posten som inneholdt
Cypripedium - enten 'Calcolos' eller 'Gisela'
Hepatica nobilis asiatica frå Korea
Hepatica nobilis japonica -( rosa med kvitt senter).
Hepatica henryii frå Kina ( Kvit)

Dei asiatiske blåveisane trivst best i sur jord i motsetning til dei Europeiske artane, i tillegg vil dei ha skugge så då må eg forberede ein plass til dei.
Cypripediumen er enno meir kresen på både vekstplass og jordtype. Orkidear har eg lite erfaring med frå før men har fått råd om å plante den i jord med rikelig tilførsel av sauemøkk og skjelsand.
I tillegg vil den ha ein vekstplass med morgonsol, resten av dagen skugge.
Ein slik plass har eg bare eg flyttar på eit par andre plantar fyrst så det skal nok gå bra.
Verre kan det bli med dei milde og våte vintrane vi har på vestlandet for tida, men vi får prøve å takle det og!
Fyrst lyt dei få stå i potter ei stund, før vi får tilførsel av nedbør vil eg ikkje plante noko i beda mine. Det er enklare å halde kontroll på dei i potter.
Etter meldingane å dømme får vi det vi treng i så måte dei kommande dagane.



Ellers har det vore ein strålande dag idag og - reine sommardagen med temperatur over 20 grader til ut på ettermiddagen då vi fekk nokre lette regnbyger.
At heggen blømer 1. mai trur eg neppe har hendt før.


9 kommentarer:

Mariann S sa...

Der hadde du noken lekkerbiskener gitt :)

potentilla sa...

Svært pent :)

Marit sa...

Så mange flotte aurikler du har! De må trives ekstra godt hos deg ser det ut som. De må finnes i utrolige mange fargevarianter!

Anonym sa...

Her var det blomsterflor! Har ikkje hatt noko forhold til auriklar, men her var det virkelig mange lekkerbiskner!!

Røsslyng sa...

Du store allverden så mange flotte aurikler!

Nyt blomstringen og ha en flott helg videre! :)

Tove sa...

Du kan det der med aurikler. De er bare så flotte. Jeg venter enda på at mine skal blomstre, men nå nærmer det seg for d ehar store knopper :-) KOs deg videre i hagen.

hajal. sa...

Auriklar er flotte, varierte og finst i mange fargevariasjonar og kombinasjonar og så duftar dei så godt.....

inger lise sa...

Må berre få lov til å uttrykkje mi store beundring for auriklane dine. Du verden for eit fargespel, blir reint misunnelig. Men kos deg med dei ute på davike sida
Ha ein fin søndag
Inger Lise

hajal. sa...

Takk for det Inger Lise, no har eg to arbeidsdagar att så skal eg ha ein seks dagars friperiode.
DÅ skal eg KOSE meg i hagen - uansett veir.... ;)