lørdag 28. mars 2009

Det spirer og gror

Soloppgangen som eg venta på idag vart ikkje så praktfull i dag som på bildet eg tok for nokre dagar sidan, det var for mange skyer til det idag, men no ser det ut til at det sprekk opp og at det kan bli ein riktig fin vårdag idag og.
I natt har det vore såvidt under 0 så jorda i beda er skjerpa, men ikkje meir.

Ute er det fuglesong frå det begynde bli ei lita strime lys. Idag tidleg vakna eg av svartetrasta sin vakre mollstemte song. Eg har sagt det før at eg syns den er den flottaste songfuglen i norsk fauna - iallefall av dei som held til her hos oss.
I fjæra skvaldrar tjelden og etablerar seg på sine revir som dei har hevd på frå foregåande år og jagar vekk inntrengarar så godt som dei kan.
I skogkanten kurrar duene som og er komne att etter vinteropplag i sørlegare trakter.
Og småfuglane er travelt opptekne med å etablere seg revir og lokke til seg ein høveleg make.
Det er vår i skog og mark og hage!



Hepatica nobilis -Blåveistua mi er ikkje stor, men du verden kor mange blomar den presterar!


Hepatica nobilis 'Kyrvinberg' som eg fekk i fjor kjem med blomst i år - det var overraskande og gledelig.

Bergenia 'Rosie Klose' med store knoppar.

Primula denticulata - Kuleprimula har starta blomstringa.

Primula pubescens -Auriklane er komne langt, denne har ikkje lang tid att før den opnar seg heilt.

Erica -Vårlyngen har blomstra lenge alt og er ein kjær vårblomst.

Tulipanane er komne langt allereide, dette er gule og raude Apeldoorn.

Ha ei fin helg alle der ute.

6 kommentarer:

Vivishagerom sa...

Så fine vårbilder. Det er deilig når det skjer slike ting i hagen. Super fine Primula du har. Det er min dilla om dagen!
Ha en fin vårhelg.

Mariann S sa...

For ei flott blomstring Hajal :-)
Eg ser ikkje livstegn til blåveisen in i år :-(
Men det er rett før både aurikkel og kuleprimula spret ut.
Ei herlig tid dette hr.
Ha ei blomstrande helg :-)

orchis sa...

Fantastisk vakre bilder med masse herlig vårstemning. God Vår og God Helg.

IngunnBW sa...

Fantastisk soloppgang! Jeg er så glad i de gule/hvite.

Så mange nydelige blomster du har i haven din allerede :) Her er det bare hvitt i hvitt...

Sigrid sa...

Ååå, så fine vårtegn. Gleder meg til å se bilde av utsprunget Kyrvinberg :-)

Janne sa...

nyyyydelig soloppgang!!!!! :)