fredag 27. mars 2009

Nyerverv

Soloppgang i halvsjutida i gårmorgon.




I det siste har eg ikkje vore plaga med skrivekløe som dei fleste har merka, men no har eg bestemt meg for å skjerpe meg. Eg har jo masse å vise fram frå hagen av blomstrande og spirande objekt.
Idag lyt det vere ei oppsummering at siste vekes hovudpunkt på hagefronten.
Eg får begynne med starten.

Forrige fredag kom det pakke i posten.
Blåveisar eg har vore med på å importere frå Tyskland ilag med mange andre på Hepaticaforumet http://www.hepatica.org/phpBB3/


Spennande før strikken skulle løysast og avispapiret brettast tilside........

Eg mottok 7 sortar:

Hepatica nobilis 'Albo-Rosea'
H. nobilis 'Marmorata'
H. nobilis 'Tausendschøn'
H. nobilis var pyrenaica 'Blaue Töne'
H. transsylvanica 'Rosea'
H. transsylvanica 'Weinreich's Blaue'
H. transsylvanica 'Weinreich's Weisse'

I tillegg var det med ein liten pose med frøplantar som skulle vere ein ekstra bonus frå han vi kjøpte plantane hos.
Dei har eg potta og står i drivhuset der veksten alt er i gang ser eg.
Dei vaksne plantane, nokre i blomst, nokre avblomstra, vart planta rett ut i eit bed og det ser ut til at dei har det fint der.


H. nobilis ' Albo-Rosea'



H. transsylvanica 'Weinreich's Blaue'

Eg har og fått tid til å rydde i pionbedet mitt og til alle glede ser det ut til at alle pionane har klart seg denne vinteren og. Så når eg får planta ut dei eg har ståande i potter som eg fekk på seinhausten i fjor er det vel begynt å fyllast opp i det opphøgde Pionbedet.

Ellers har det vorte lite hagearbeid denne veka, arbeid og kurs har teke dagane og litt vedkapping/ stabling har teke tida mi.
I dag er fyrste fridagen min og eg har ein del ved eg må få under tak i dag og med den er tørr, men skal nok få tid til meir opprydding i beda, det hastar no før nye spirar vert for store.

På onsdag var eg på Nordfjordeid på kurs igjen (jobben) og der fant eg ein orange påskekaktus eg ikkje hadde frå før, den vart sjølvsagt med meg heim til samlinga mi.
Fargemessig passar den fint ilag med Cliviaen som blomstrar fint no.
Den fekk eg for nokre år sidan som ein liten løk og i år er det fyrste gong den blomstrar, typisk det når eg i vinter kjøpte meg ein ny som var i knopp då.


Vel, no er det på tide å riste av seg skrivekløa og komme seg ut og stable ved. ;)
Ha ein fin fredag alle der ute!

4 kommentarer:

Berit sa...

Så spennende veiser!
Jeg som er vokst opp i blåveisland har ikke ei eneste tue. Det er for galt, og helt opp til meg sjøl å gjøre noe med.

Rita Hogefeld sa...

Jeg ser på de sortene du har fått på importen, og blir kraftig angrepet av "må-ha-syken". Ligger det an til litt bytting av frø etterhvert kanskje? :)

RandiF sa...

Lykke til med dei flotte blåveisane. Om dei skulle formeire seg for mykje, veit du jo kor eg bur.... :-DD

Den kaktusen var stilig!!

hajal. sa...

Berit:
Er det sant? Det må du sjå å få gjort noko med! ;)

Rita og Randi :
He he, fyrst må der no bli frø.... men med tida håpar eg at dei vert såpass livskraftige at dei kan bli både frøsådde og delte.