torsdag 5. mars 2009

Litt vårbilder til oppbygging

Blåveisen opna seg skikkelig idag då det var ei stund med solskin, er ikkje dette vår så veit ikkje eg !


No har vi hatt nokre flotte dagar med mildveir og opphald. I går var det ca 10 grader mykje av dagen men ein krafig austavind gjorde at det likevel var litt gufse. Idag har sola vore framme i periodar og det gjorde godt for sinn og skinn.
Våren er godt i gang og det blomstrar litt her og der i beda mine.
Både i går og idag har eg vore ute og knipsa litt her og der. Idag rakk eg heldigvis å knipse eit bilde av blåveisen på fyrste blomstringsdagen, men eg vart akkurat for sein å fange inn crocusane sin fyrste opne dag.
Idag er det den dagen då det meste som kan gå skeis går skeis. Iallefall var det slik på jobben, men heldigvis ikkje noko alvorleg bare slikt som er irriterande heft og møde.
Ein god blund på sofaen og ellers lite og inkje mellom dei to jobbperiodane får eg håpe gjorde susen så no er eg snart klar for dei to siste arbeidstimanepå jobben idag.


Crocus saturnus har eg på fleire plassar, syns dei er flotte !



Gule krokusar lyser godt opp i vårhagen


Denne krokusen trur eg heiter 'Blue Pearl', fargane vart litt blasse på bildet i forhold til slik dei er i virkeligheta.




Helleborus niger, kvit julerose blømer fint no.


Snøklokkene har blomstra lenge, i tillegg til dei vanlege G. nivalis har eg desse to
Galanthus nivalis flore plena og den andre sorten som er ukjend som eg skreiv om i forrige innlegg



Her er det nærbilde av Galanthus nivalis floreplena

På mandag sådde eg diverse som eg får omtale i eit anna innlegg.

10 kommentarer:

hildeG sa...

Dette er ikke oppbyggelig for oss som fortsatt ligger under en meter snø, vettu (buhuuu)

merethe sa...

:) er misunnelig på at våren har kommet så langt hos deg. Som hilde sier...her er det masse snø. Men nyt det hajal.

Elsa sa...

Her har det og vore skikkelig austavind siste dagane. Ikkje noko fristande å gjere noko ute.

Gikk ein lang tur i skogen saman med Bonnie i ettermiddag før sola gjekk ned.

Koselege vårbilde du har lagt inn:-)

Frøya-Heidi sa...

Deilige vårbilder du har tatt! Jeg går også å venter på blomstring av krokus og andre vårblomstrende. Tror ikke det blir så lenge til, hvis finværet holder seg.

Tove sa...

Tusen takk for titten Hajal :-)

ToneM sa...

Du store tid, er alle de flotte vårbildene dine fra i år?
Her er det fortsatt vinter og mye snø. Det grønneste vi har i området nå om dagen, er flokkene med grønnfink. :-)

hajal. sa...

Alle bileta har eg teke idag og i går.

Det er kjekt med vår no, men veit at plutselig kan vinteren komme over oss igjen så det gjeld å nyte det mens ein kan.

HildeG:
Det var då nettopp for dåkke som har så masse snø eg trudde det skulle vere oppbyggande og oppmuntande..... buhuuu ;)

Marosa sa...

Herregud, så misunnelig jeg ble nå!!! Her er det fremdeles uanstendig mye snø, sikkert 30 cm, og det snødde senest I DAG!! Arrrrgh, når kommer våren hit egentlig...

Janne sa...

ååå.so fantastisk herlig med vår!! Her lavar snøen ned og har snart nådd stoveglaset... :( :(

kos dåkke med våren!

Tone sa...

Deilig! Skulle tatt ein tur heimom for å snuse nedi den våreimande jorda!