torsdag 19. mars 2009

Den fyrste humla og Krokusblomstring











Idag har eg vore på jobb etter to dagars sjukefråvær. Sykja sit so pass kraftig i kroppen enno at det bare vart fotorunde i hagen no med eg ventar på middagen, og seinare idag ei ny jobbøkt i fjøset. Det kosta bra mykje kroppslig å ta tunge løft på jobben idag så både vedkløyving og opprensking heime i hagen lyt vere til eg er restituert igjen.
Idag er det strålande veir med sol frå klar himmel etter at morgonskodda som kom sigande ut fjorden i 6-tida idag tidleg (eller fjordskodda som vi kallar den her) trakte seg tilbake ut på føremiddagen.

No blomstrar krokusane rund i beda for fullt og bakken bak huset der dei har fått sådd seg fritt og spreidd seg er det etterkvart mange og.
Eg har vore ute i hagen og fanga ein del krokusgrupper med fotoapparatet.
Alle bileta er klikkbare (håpar eg)!
- vær så god!

Dagens ekstramelding:
Då eg var i hagen og fotograferte krokusane såg eg fyrste humla av året ( det er forøvrig ein merkedag det.....) som var på leiting etter nektar i krokusblomane på plenen, men då eg nærma meg for å ta bilde tok den til vengjene, litt sky og redd etter ein lang vinter må vete, men kjekt å sjå den iallefall.

9 kommentarer:

Randines hageblogg sa...

Krokus og humler er vårtegn, håper formen din bedrer seg etterhvert.
Hyggelig uansett å høre fra deg uansett!

merethe sa...

Ja våren har kommet til hagen din ser jeg. Satt ute i soleggen i dag og da hørte jeg fluer som surret. DU verden for en herlig lyd...våren kommer hit også forstår jeg. :) EN fin kveld ønskes deg.

hajal. sa...

Takk for det begge to. No er det to timar på jobb og så skal eg kose meg med andre sine bloggar resten av kvelden.

Elisa sa...

Så fine krokus! Kan eg spørre kva den lyse er på bilde nr. 2?

hajal. sa...

Namnet hugsar eg ikkje i farten, men kan nok finne det ut om eg leitar i nota mine. Skal prøve å hugse på det !

Anne på Moseplassen sa...

å, så deilige å se!
Heldige du som har krokus i blomst (eller i hagen i det hele tatt), jeg har ingen og er stadig sur på meg selv for at jeg ikke fikk satt de løkene jeg kjøpte i høst, jaja, det er atter en høst om noen mnd... hihi

Du og din flotte frøken Flamingo er videre i finalerunden :D Gratulerer!

hajal. sa...

Å så kjekt og overraskande det er då Marosa, det er fyrste gongen eg er med og ...

Annika Christensen sa...

Så kul att hitta nya trädgårdsbloggar.
Tittar runt lite.
ha det gott
Annika

eling sa...

Godt du er på føtene igjen :)
Fantastisk flotte krokusbilete! Det er deilige dagar for tida, med sol frå klar himmel om dagen :)