søndag 29. mars 2009

Den siste snøen ?



Eit kvitt snøteppe dekkjer hagen idag, det ser reint, ryddig og stille ut......

Midt på dagen i går fant veirgudane ut at det var på tide å drysse litt meir snø utover det vestlandske landskapet, det snøa lett i fleire timar før det vart så tett snøveir at den begynte å legge seg. Heldigvis vart det ikkje så mykje ut av det denne gongen og forhåpentligvis er det siste snøfallet denne vinteren, men vi har heile april framfor oss så det er vel for godt å tenkje seg....!





Blåsvingeltua mi - Festuca glauca 'Instant Blue' var faktisk vakker der den stikk opp av snøen ..... ehmmm......


Dei gule krokusane er hardføre og tåler både dette og meir til utan å ta skade.

Påskeliljene er i ferd med å opne seg, men fekk seg ein kalddusj dette døgnet.
Hardføre som dei er gjer det dei ikkje det slag!


Rhododendron 'BadenBaden' har store knoppar som har fått seg kvit topphue for anledninga.



Dei nyplanta blåveisane som eg fekk for ei god veke sidan dekte eg med potter i går så dei skulle få litt ly for snøen og ikkje verte heilt knekte til marka.


Herr og fru dompapp ser nokså betutta ut der dei sit i gullregnen .


Så får vi håpe at dette er siste gongen denne sesongen at snøen legg seg heilt i fjæra, no har tjelden fått sine tre snøfall på ryggen og eg reiknar med at ikkje han heller har trong for meir av denslags. Om ei stund håpar eg sola stikk seg fram frå skydekket ei stund og tærer bort dei 3 cm som ligg på bakken. I allefall fer den til kvelden igjen for då er det meldt storm og regn i vårt område.... ja ja vi kan ikkje seie at vi har einsformig og kjedelig klima iallefall.....

Ha ein god søndag alle saman !

3 kommentarer:

Ingrid E 's hage 630 moh sa...

Her på Lesja pleier vi å sjå på snødettane som kjem etter at snøen egenteg har gått, som rein gjødsling. Dessutan vil vi heller ha snø som nedbør før St. Hans enn regn. Merkeleg egentleg, men etter eit snøfall på våren og forsommaren, følger det gjerne sol og finver etterpå. Etter regn, blir det gjerne kaldt hjå oss.

Eg kan likevel skjøne at denne snøen virkar frustrerande. I allefall når eg ser bileta dine av alle dei blomstrande plantene.

Det gjer noke med ein når det byrjar grønast rundt ein, og blomane byrjar å vise fargane sine :-)
Det siste ein treng då, er at det kjem eit kvitt teppe og legg seg over det heile....

Elsa sa...

Det vart kvitt ute her også i går. I dag har vi lettskya vær og sola gløttar fram mellom skyene. Meir skal det ikkje til før snøen tinar.
Håper vi er ferdige med snøen no for i år.

Ha ei fortsatt fin helg i
Davik:-)

Mariann S sa...

Eg er i Syvde no, og her har det lagt ned ca 15 cm med nysnø.
Eg er glad eg snart skal heim, der kom det berre 1-2 cm :-)