søndag 7. september 2008
prøve, prøve........
No vil eg prøve å legge inn bilde å sjå om eg greier det her då....... (spennande )
Ja så sannelig min hatt ...det gjekk ...ho hoooo no skulle eg hatt ein hoppesmileys her !
Ja då veit eg korleis det skal gjerast... verda går framover sjølv her på Nordåker ...
Ja dette er altså Primula vialii som eg kjøpte tidlegare i sommar. Vanlegvis ein kortliva Primula, men eg får håpe det vert mogna frø på den i haust så skal vi no saktens halde bestanden oppe !
Primula er ei av dei planteslektene eg samlar på, masse lekkert i den slekta med god variasjon i vekstkrav.
Dei fleste blomstrar om våren som namnet tilseier då Primula vel tyder den fyrste.
Ja ja no har eg lært meg litt meir om blogging idag så dagen er på ingen måte bortkasta fordi om eg har sete inne mykje av dagen i finveiret, men no skal eg ut og lage til byttepakke som skal gå i posten i morgon !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
11 kommentarer:
Gratulerer med blogg, håpar me får sjå fleire bilder etterkvart!
Takk for det!
Og bilder vert det garantert meir av !
Gratuler med bloggen din! Det er nokså gøy etterhvert som man får lekt seg litt. :)
Velkommen inn i blogg-verden du også. Her har det nok blitt en del flere grå hår i løpet av helga, men det er nå artig å prøve noe nytt. Si det at Primula Vialli er kortlivet, da har den nok avlidt naturlig. Har gitt opp fordi den levde bare en eller to somre, men nå kan jeg jo forsøke meg med godt mot igjen. For det er virkelig en nydelig Primula.
Grattis me blogg!
Nydelig primula :-)
Så hyggelig du er her, du ville ellers blitt savnet.
Lykke til med bloggen, det går sent med meg også!
Å så koselig at du har laget deg en blogg. Dette er da også gøy. :)
hilsen fiol fra hagegal.
Gratulerer med ny hageblogg, hajal!
grattis med bloggen. Kjempebra at folk hiver seg på på en slik sporty måte. Det lover godt for framtidens fellesskap blant de hagegale :-)
Å så kjekt med kommentarar i den nye bloggen og . Takk skal dåkke ha alle saman så kjekt å sjå dåkke her !
Til Hilde:
Her må vi alle stå ilag så vi beheld den gode "ånda" som rådar på hagegal.
Vil sjølvsagt gjerne vere med vidare så eg håpar flest muig av oss gjer det samme.
Her poppar det opp med flotte hagegalbloggar :) . Den primulaen er berre såå lekker *siklesmily*
Fekk helsing frå deg frå "murarmesteren" i dag. Synd eg ikkje var heime, så kunne vi tatt ein kopp kaffi og hagevandring(sjølv om det er mest rot å sjå her for tida).
Legg inn en kommentar