søndag 7. september 2008

På nye premisser

Ja no har eg og teke skrittet ut i bloggverdenen.
Etter at eg sidan jula 2005 har meir eller mindre jamt har meddelt meg til andre om mine hageaktivitetar her på Nordåker, på nettstaden hagegal, hiv eg meg no ut i det og prøvar meg på min eigen blogg eg og slik mange andre frå hagegal (vi må jo prøve å behalde miljøet).
For tida har eg visse vanskar med biletbruken, men håpar å få kvalifisert hjelp til det om ikkje så lenge. (Finn meg ikkje tilrette med denne Vista pcen eg !!!)
Så har dåkke tolmodighet med meg kjem det nok bileter og i bloggen min etterkvart om det eg foretek meg.

Hagen min er på ca 1 da + eit areal eg har "anektert frå foreldrene mine sin eigedom der eg no held på å lage meg fjellhage.

Ellers har eg laga meg eit woodland som er under etablering ( mykje prøving og feiling, flytting og atter flytting...)
I vår kjøpte eg meg ein flott rogn - Sorbus 'Dodong' - kosta flesk, men var vel verdt pengane ! finast
Det som er flottast der no er Primula vialii, Tradescantia og Tricyrtis 'Tojen' som er i blomst.

Eit eige Peonbed har eg og som på langt nær er oppfylt, men har supplert med lobelia, lave tagetes, to stammefuchsia og ein Ricinus og står no på det aller finaste. Ricinusen vart veldig flott i år !

Ellers har eg øvre- og nedre Morelltrebed, som eigentleg har blitt eindel av woodlandet etterkvart.
-I Langbedet som går langs muren til gamlegardsvegen har eg for det meste høgre stauder som
Olympkongslys, stokkroser, Polemonium, Hesperis og mange andre+nokre Fuchsia.
-I Irisbedet har eg samlinga mi med Skjeggiris (I. germanica)
- Ei stolperad klatreroser og Clematis og sjølvsagt drivhuset der eg har fått ei fin avling med søte, gode druer av sorten 'Himrod' . Litt tomat og litt agurk og mykje anna (kansje altfor mykje.... )
Ein del av hagen er avsatt til hønsehus med kringliggande uteareal.

Eg har framleis mykje areal i hagen som med tida skal opparbeidast og bli beplanta, men no må eg få til der eg alt held på før eg går vidare.

9 kommentarer:

Aud på Dal sa...

Gratulerer med blogg.
Koselig å se deg her også ;o)

hajal. sa...

Takk for det !
Koselig at vi finst igjen på dei nye bloggsidene !

Tone sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Tone sa...

Gratulerer med eigen blogg pappa! No har du avansert over internettbruken til ungane dine! Her har du mykje moro i hende!

hajal. sa...

He he, ja det e mangt ein skal oppleve Tone !

Jannus sa...

Eg e imponert! Som Tone skreiv so e du blitt en avansert nettbrukar! Tidene utviklar seg forstår eg! hehe :)
Skal bli kjekt å følge utviklinga i hagen heime. Etter sjøen,er det den eg savnar mest her oppe på fjellet!!

Silje Elin sa...

oao! du inponerer oss alle sammen du ;) stå på :) grattis! kordan klarte du dette da? me litt hjelp av onkel eller?? :)

hajal. sa...

Nei onkelen har nok ikkje hatt fingrar med i spelet her, det må eg nok kredittere alle dei hjelpsomme datakyndige på hagegal.
Du får no bare følge med her framover på kva som skjer her heime i Bakkjen !!

Silje Elin sa...

hmm.. må sei at eg er imponert ;) ja, eg lyt vel sjå kordan det går dar heime :)