mandag 8. september 2008

Fjellhagen under arbeid


Idag har eg ikkje fått tid til stort haging bortsett frå at eg pakka to plantepakkar som skulle avstad med posten får eg reiste til Nordfjordeid ein tur. Der gjekk det meste av dagen med bilverkstadbesøk, venting og handling.
Var innom gartneiet sjølvsagt og kjøpte meg meir lyng til lyngfeltet . mitt (som eg skal skrive meir om i seinare innlegg ) og eit par potteplantar til stoveglasa.

Idag vil eg skrive litt om fjellhagen eg held på å lage meg.
Eigentleg ligg den delen på foreldra mine sin eigedom, men den ligg slik til at det naturleg ser slik ut at det høyrer til min hage.
Gamle gardsvegen danna grensa til min eigedom og etter at vi fekk kommunal veg tilgards i 1985 vart dette arealet mellom min hage og kommunevegen brakkland der bringebærkratt og anna kratt sådde seg villig og voks godt. Istaden for å holde dette partiet nede med ujamne mellomrom fant eg ut at det næraste arealet forbi inngangsvegen til hagen vår var betre å "innlemme" i min hage (iallefall i praksis) og lage meg ein fjellhage.
Ca.halvparten av skråninga er eg ferdig med utforminga av, dvs. nedgraving av stein/heller, så det vert framleis nokre lass med stein som skal til gards.

På biletet til venstre ser ein Halesiabuska mi som skal vere der for å lage skyggeparti i ein del av fjellhagen ein del av dagen, ikkje alle fjellhageplantar likar steikande sol heile dagen heller. Den vart planta i fjor vår, kom ikkje med blomster i vår, men med god vekst i sommar og ein strålande seinsommar og flott haust så langt vonar eg at det vert blomster på den til våren.

Forøvrig er den hyllen kjært skatta då eg lagar helsebringande hylleblomstsaft av blomstrane.Godt mot sår hals og begynnande forkjøling.


Her gjekk den gamle gardsvegen tidlegare, på nederste kanten har eg planta fire forskjellige sortar engnellik : Artic Fire, Brilliant, Nelli og Samos. Så ei gangsti der eg har fyllt på sagflis som har lege ute eit par år, reinsleg og lite ugras som sår seg i sagflisa.






Heller/flate steinar har eg gravd ned på høgkant og planta mellom, feks. Saxifraga, Androsace, Draba ,Sempervivum og andre.
Har og planta ein del Sedum og diverse anna.

Mellom anna denne flotte Playcodon sp. eg har bytta til meg på hagegal.






Eg ser no at eg kansje skulle ha laga bileta eit hakk større, men vonar eg har klart å gje eit lite inntrykk av kor det ser ut.
Hadde gjort seg å kunne lage bileta klikkbare....

18 kommentarer:

Marit sa...

Så flott fjellhagedu har fått laget deg! Der skal det nok bli masse blomster etterhvert tenker jeg. Moro å se bilder av den!

ASSA sa...

Hei, velkommen ut i denne verden du også Hajal.
Flott fjellhage du holder på å lage deg++
fine bilder også++

RandiF sa...

Den hagen din er sanneleg i forandring heile tida. Må visst snart ta meg ein tur og sjå igjen.....

hajal. sa...

Takk for det ale tre, og velkomne er alle som har lyst å sjå !

Torill sa...

Gratulere med blogg!!!

Mariann S sa...

Oj, no blir eg jammen misunnelig på deg ;-)
For ein flott fjellhage du har laga deg då.

Randines parsellhage sa...

Flott fjellhage! Bildene dine er klikkbare, det blir mine også uten at jeg vet hvorfor.
Lykke til videre med hagen!

hajal. sa...

Flott Randine at du gjore meg merksam på det, eg prøvde nemleg åklikke på dei rett etter at eg hadde lagt dei inn og då var dei ikkje klikkbare.... ting rettar seg etterkvart !!

Tone sa...

Dette er tillaga med kjärlig hand og har laga nytt liv i brakklandet i Bakkjen! Håpar på ei snölaus jul om vi kjem på julebesök i år so vi får sjå steinarbeidet ditt med eigne auge!

Gullet70 sa...

Ja, nå blogger jeg også, da...Flott innlegg du har laga, godt å se at du nå får ut bildene dine, sånn at vi også får sett dem(mobb, mobb..)

hajal. sa...

Ja Tone, det ligg kjærleik i kvar stein og kvar bøtte jord eg har blanda ( blink...blink)

Gullet:
- Blogga du og ... ? (hopp, hopp...)

Lizbeth sa...

Gratulerer med blogg. :)
Blir spennande å følge med på fjellhagen din.

frøstjerne sa...

Hei, og takk for besøket :)
Takk for info om Pernettya'n. Det ser ut som man kan trenge både han- og hunnplanter for å få bær, etter det jeg har klart å google meg til.
Gratulerer med ny blogg, forresten.

potentilla sa...

Fantastisk flott.
Masse arbeid lagt ned her ser jeg:)

Landliv sa...

Spennende å få følge med! Har fått frø av deg på hagegal; Danish Flag. Jeg elsker somniferium.
Lykke til med prosjektet!

Harryford sa...

Hei Hajal

Impopnerende steinarbeid du har utført!!! Jeg har jo lest om det før, men det blir noe annet å se bildene!

Må teste ut dette med komentarer og "ordrebekreftelse"!!!

Harryford sa...

Yess - det funka jo fint det! Kunne vi bare fått noen Smilies her inne - er blitt litt "avhengig"!!!!

Skal tro om en kan rette opp i komentarer en har skrivi selv - Det er disse skrivefeilene som først dukker opp "neste gang" vet du!!!!

hajal. sa...

Ja det var virkelig kjekt å kunne bruke bilder på ein enkel måte, denne Vista-Pcen ville ikkje godta alt eg gjorde så eg gav opp biletbruklen for ei stund på gal, men no vartdet mykje betre.
Må seie eg og saknar smileysane, dei er etterkvart bltt ein del av "språket" !
Retting av kommentarar har ikkje eg heller funne som mulighet ann enn søppelbøtta, men då kjem det vel opp at meldinga er sletta av forfattaren ...(trur eg...! )