lørdag 16. juni 2012

Høgsesong for akeleieblomstring



No er akeleieblomstringa i full gang i hagen. Eg har forskjellige av dei, men som kjent er akeleier ein svært så flyktig plante mht. kryssing mellom dei forskjellige artar og sortar og det oppstår ofte frøplantar som kjem med nye fargar om dei ikkje vert luka bort. Årleg lukar eg bort mange frøplantar for eg er ikkje alltid like flink å fjerne frøkapslane før dei vert modne, men det gjer no det heile meir spennande...


Denne burgunderfarga har eg hatt i hagen i mange år, her fant eg ein blomst der to av tuppane på kronblada var grøne.  Desse vert ca 65 cm høge.


Kvite akeleier har eg forskjellige plassar i woodlandet, blir opptil 100 cm høge.




.... her ei som har funne selskap med Clematis recta atropurpurea noko som framhevar begge partar.


Blå har eg i fleire variantar som strekker seg mellom 60 og 100 cm





Og rosa som denne....


... her er den same i profil. Ca 60 cm høge.






Denne fylte sorten vert ca 50-55 cm høg og blomane er oppovervendt


Denne tofarga under heiter 'Magpie' og er ein av favorittane mine. Det er den høgste av alle og vert ca 115 her i hagen hos meg.


Gule variantar har eg og, som denne som er ca 60 cm




Denne gule og rosa/ orange var nokså vrien å ta bilde av, måtte bare gje opp profilbilde av den. Ca.100cm høg og held på å opne fyrste blomen no i morgontimane...


Ei halvfylt burgunder held også på å opne fyrste blomen idag, også ca 100 cm høg.


og ei ny rosalilla som hadde sådd seg i kanten av stien i woolandet må få være med...


Kansje min største favoritt er den ca 20 cm høge tidlegblomstrande Aquilegia flabellata nana som blømer samtidig med auriklane. Den er for det meste avblomstra i denne omgang, men fjernar ein frøskolmane kjem den att med eit seinare flor. Eg fant nokre etternølarar som var i blomst enno.
Denne eignar seg godt i fjellhagen.



Til slutt vil eg vise ei akeleie som tilhøyrer slekta Semiaquilegia.
Semiaquilegia ecalcarata vert bare 30-35 cm høg og er svært blomsterrik, ein absolutt alternativ for fjellhagen.






10 kommentarer:

Vivi sa...

Hei!
Her var det virkelig mange flotte akeleier. Når akeleiene starter da blir det så fargerikt i hagen!

Kjempe flott bilder! Klem

New Dawn sa...

Her var mange vakre akeleier. Den med grønne tupper ligner på en jeg fant i hagen i går, og viser bilde av i bloggen min. Nydelig:-)
Har flere bilder av krysninger av akeleier liggende på PC'en. Tenker jeg får blogge om de senere.
Ønsker deg en flott hagehelg.

RandiA sa...

Du verden, så mange lekre akeleier du har...

Ranten sa...

Mange lekre akeleier her hajal! En del har alt blomstret av i hagen vår, men heldigvis ikke alle. Når det livgivende vannet har kommet tilbake fra oven så kan det jo hende at de står litt lengere. Om jeg er heldig :)God helg!

hajal. sa...

Takk for det alle saman. :)
Akeleier vert ein aldri lei av, det er fargerike og sikre stauder.

Blomsterguri sa...

Nydelige akeleier i hagen din. Skulle ønske jeg hadde halvparten. Nå må jeg prøve å skaffe flere tror jeg :-) Ha en god uke!

Northern Shade sa...

You have so many colour variations of akeleieblomstringa. Their interbreeding can make for many pretty colours in the garden.

I like your Aquilegia flabellata, very pretty. The photo of your yellow pink and orange Aquilegia shows how exotic they can look with the elaborate petal combinations.

The aquilegia with upward facing flowers is especially showy, because you can see all of the petals.

Sissel sa...

For en flott hage du har! Har vært inne tidligere også og tittet!Jeg har lenge vært på jakt etter aksnøkkeltunge, som du har bilde av fra 2010. Hvor har du fått tak i den - og alle de fantastiske akeleiene?

hajal. sa...

Sissel: Takk for det! :)
Dei fleste plantane eg har har eg enten bytta til meg eller sådd frå frø. Sjølvsagt har eg kjøpt ein del også. Akeleiene har eg for det meste sådd sjølv eller nokre av dei har sådd seg sjølv frå akeleier eg har/har hatt i hagen.
Aksnøkketunga hugsar eg ikkje i farten kvar eg fekk, men her sjølvsår den seg villeg og eg må luke vekk ein heil del av dei kvart år.
- Du kan ta kontakt med meg på haloba krøllalfa gmail punktum com så skal det bli aksnøkketunge i din hage også. ;)

Marie sa...

Å så masse fine akeleier!
Grasiøse og vakre blomar :)

God helg :)