tirsdag 28. september 2010

Ukjent tre frå Rhodos


Dette treet har eg fått frå ei hagegalvenn som fortel at frøa var hausta på Rhodos, men vi kjenner ikkje til kva slag tre det dreiar seg om.
Er det nokon som kan identifisere det for oss hadde eg vorte svært glad.
Det ser ut til å være fullt hardført her for eg har overvintra det ubeskytta i potte i kaldt drivhus i to vintrar og den siste vinteren er absolutt noko av det kaldaste vi har hatt på lang tid.

Nydelege haustfargar har det iallefall og vil verte eit flott prydtre med tida, men det hadde vore kjekt å vite kva ein kan forvente seg i høgde, og kva jordforhold osv. det helst likar før ein vel ut vokseplassen.


Resultat:
Då trur eg vi har fått slått fast at treet heiter Koelreutheria paniculata (på dansk Kinesetre)
Dette treet brukte fornemme Kinesiske slekter til prydtre på familiegravplassen sin las eg ein eller anna stad på nettet.
Vert ca 10 m. høgt, trivst best på grusblanda jord og er svært tørketålande.

Takk til Orchis som klarte å overbevise meg om atdet er dette treet (til slutt ;) )


7 kommentarer:

tutta sa...

kjære pappa, når vi gjekk på barneskulen, lærte vi at slikt tre er eit lauvtre! den har ikkje slike små grønne nåler på seg, derfor er det ikkje eit bartre. da er det berre lauvtre igjenn som er valget ;)

hajal. sa...

Takk for hjelpa snille Silje!
Då skriv eg lauvtre på merkelappen og startar leitinga på internett om dyrkingsforhold osv.... :)))))))

tutta sa...

jo ver so god ;) kjekt å hjelpe til! :) men eg trudde virkelig du hadde meir peil enn eg på tre da :p hihi

orchis sa...

Tenkte først Acer negundo, men bladene er spissere. Neste tips blir derfor Koelreuteria paniculata. Men skråsikker er jeg ikke... :)

orchis sa...

Glemte linken...: http://davesgarden.com/guides/pf/showimage/289538/

hajal. sa...

Takk for forslag og link Orchis, men når ein ser på dette bildet av Koelreutheria paniculata :http://davesgarden.com/guides/pf/showimage/193969/ er det heit tydeleg andre blad enn den eg har.

hajal. sa...

Orchis har nok rett likevel. Det ER Koelreuteria paniculata som er rett namn.