søndag 4. april 2010

Påskedag 2010

Eg håpar at dette biletet av bygda sitt eige "påskegg" -Gullskora -vert det siste vinterbiletet denne sesongen!
Sjeldan å sjå fjorden så blank som ein spegel, men det var det den dagen (30.mars) då madammen tok dette biletet frå varandaen vår.



Påskeliljene rakk ikkje å bli ferdige til påska dette året, men om ikkje lenge har eg mange flotte gule tuer rund om i hagen.


I dag har eg vore ute og reinska litt i fjellhagen og bed, men det var ikkje så lange stunda før eg måtte gje meg og gå i hus att - energien er ikkje på topp nei, men eit innlegg i bloggen vart det jo i pausa..... så får eg sjå om det vert ei økt til seinare idag.
Har fått yngstedattera heim på besøk og ho skal være her eit par veker så eg får spørje pent om litt bistand så eg får gjort det grøvste før veksten kjem igang for alvor ! ;-)



Helleborus niger - den reint kvite julerosa er fullt utsprotten no. Vakker!

Blåveisane er også såvidt begynnt å sprette ut. Det ser ut til at alle har overlevd vinteren og det er kjekt ettersom eg i fjor skaffa meg fleire nye sortar både av den vi har viltvoksane her i landet Hepatica nobilis og ungarsk blåveis H. transsilvanica. Knoppane er klar under snøkåpa og så snart snøen er vekk foldar dei seg ut mot sola og lyset. - Vårteikn betre enn noko anna!

Her ser vi knoppar på Hepatica transsilvanica 'Weinreich Weize' - på biletet under er det også ein ungarsk blåveis H. transsilvanica 'Weinreich Blaue'


Her er det Hepatica nobilis marmorata - ein blåveis eg importerte frå Tyskland i fjor som skulle ha sølvmarmorerte blad, men det har den lite av så det spørs om ikkje det er ein feilmerka plante eg har fått!!!! - Iallefall er blomsterknoppane velfyllte og sprettande klar til å opne seg mot verda.

Krokusgruppene lyser mot meg mange stadar i hagen - dette trur eg er C. tomasianus som eg har grupper av fleire stadar.


Under sommarfuglbusken (Buddleja) har eg planta grupper av forskjellige krokusar som lyser opp. Her har småfuglane hatt mellomlanding med solsikkefrø i vinter så det ligg betydelege mengder med solsikkeskal på bakken. Litt beskjæring trengst og iløpet av våren.

Enkelte av Auriklane mine ute og har begynt å vise knopp. Eg gled meg til dei kjem i blomst, håpar at mange av dei sjølvsådde kjem i blomst i år med mange nye fargevariantar.

Kuleprimulane viser og knoppar og begynnande farge.


Tilslutt vil eg vise den flotte barken på snøklokkebuska mi - Halesia carolinae - det er ikkje bare "snøklokkeblomstane" på den busken som er tiltalande.

I går på påskeafta hadde vi eit strålande pent veir med sol og bra temperatur som lokka fram både den fyrste humla og den fyrste sommarfuglen dette året.
Kjekke vårteikn!
Idag er det overskya og søraust bris. Det ser ikkje ut til at det skal bli meir sol idag enn dei små og få glytta vi fekk i morgontimane, men det er bra temperatur så vi er fornøgde bare det er opphald.

Tilslutt vil eg ynskje alle ei fortsatt god påske!

9 kommentarer:

krepsemor sa...

Så herlige bilder! Ingenting er så vakkert som når vårblomstene dukker opp. Blåveisene er nydelige, og auriklene likeså! Jeg kikker stadg etter vårtegn i hagen min, men her er fremdeles altfor mye snø! Da får jeg heller nyte bilder fra alle de flotte bloggene, som din!
Jeg klør i fingrene etter å begynne hagearbeidet, men må vel smøre meg med tålmodighet en stund til.... Jeg har konfirmant i år 8.mai, og håper hagen er snøfri til den tid!
Ha en fortsatt god påske!

Tove sa...

Flotte bilder. Det er virkelig full vår hos deg :-) godt at alle blåveisene ser friske og fine ut. Ha en fortsatt god påske.

smgj sa...

God påske! Så deilig. Jeg ser at mer krokus må til her hjemme. Den småblomstrede er favoritten.

Elsa sa...

Flotte vårbilder. Det ser ut som våren er kommet for fullt til Davik.
Skal ikke klage på været her heller i dag med sol, sørøst vind og temp. på 11,5°C. Med sånt vær får snøen fart på seg også, barflekkene blir større for hver dag.

Ha en fortsatt god påske.

Iris sa...

Flotte veiser du har fått tak i. Kuleprimulaene er flotte når de blomstrer, og auriklene også. Vi har mye å glede oss til fremover!

hajal. sa...

For meg er det ingen blomster som kan konkurrere med vårblomstane. April- Mai er absolutt favorittmånadane for min del og eg gled meg over kvar liten spire som er på veg opp kvar dag.

Krepsemor: Eg kryssar fingrar for snøfri hage og blosmtring hos deg 8. mai! :)

Smg: Småblomstra krokus er absolutt favoritten her også! ;-)

Mariann S sa...

Tusen takk for koselig kommentar i bloggen min :) Ja veret er heilt fantastisk, ein skikklig varm dag :) Har vore ute sida frokost, no måtte eg berre ha meg ein liten bloggpause ;)Kos deg i hagen, våren er herrrlig :)

Sine sa...

Jeg tror også jeg må satse på flere av disse tidlige blomstene til neste år. Har bare noen ytterst få tuer. De er ubetalelige når de varmer hageglades frosne hjerter på denne tiden av året.

Berit sa...

Så fint og vårlig det er hos deg! Påskeliljene mine har ikke kommet riktig så langt, men til gjengjeld blomstrer kuleprimulaen.