søndag 5. april 2009

Morgonstemning


Gull over Gullskòra



Eg sit her ei tidleg morgonstund og ventar på at dagslyset skal sige på. Etter mi meining den aller flottaste tida på døgnet, særleg no på denne tida. Opnar eg varandadøra og slår av radioen har eg den flottaste konserten eg kan tenke meg - i ein tretopp sit svarttrasta og tonar ut dei vakraste vårlydane eg veit. Det er for mørkt til at eg ser han, ja for det er hannen som syng så vakkert.

Litt etter kvart vaknar dei andre småfuglane og rundt i busk og kratt og det vert eit rikhaldig lydbilde, tom. tjelden nede i fjæra skvaldrar og kjempar for å oppretthalde teritoriet sitt.
Men over dei alle tonar det ein solist - svarttrasta.
Eg opnar varandadøra meir for å høyre den vakre vårsongen betre, det får våge seg at det vert litt kald trekk, eg har jo gensar å ta på meg....


Etterkvart som det sig på med litt dagslys skimtar eg konturar av landskapet meir og meir - fjorden og fjella - der kjem Skjæret til synes og i ei lita lysstrime.
Skjæret - ein liten holme midt på fjorden ved inngangen til Davikbukta som vert overfløymd ved flo sjø. Like ved sida står det eit oppmurt seglingsmerke måla i svart og kvitt til varsel for sjøfarande om at her er det ei grunne ein ikkje bør komme nær.



Ser eg nedover hagen frå min ståstad på verandaen - ja eg har flytta meg heilt ut no med kaffekoppen min - må nyte både fuglesongen og den kommande dagen i fullt mon,
ser eg det lysnar i ein krans av blomstrande påskeliljetuer kring Morelltrebedet der Primula og krokus blømer så fint.
Der gjel hanen og frå hønsehuset, når eg tenkjer meg om har eg høyrt han heile tida, men den er eg så vandt å høyre at eg legg ikkje merke til det. Det er dei andre lydane eg er konsentrert om no.....




På himmelen hausar det seg opp skyer som ser mørke og truande ut. dei skifter stadig formasjon der dei seglar over himmelkvelven og skapar sitt eige landskap. Ein mild bris frå sør ruskar litt i sjøoverflata og får krusningar til å gje liv i fjorden og.

No har det blitt så lyst at eg ser bøar og hus innover i bygda - strimene etter aktivitet av traktor og gyllevogn for eit par dagar sidan er og eit ekte vårteikn - og lukta som mange hatar som pesten, men som vi som arbeider med og lever av denslags ikkje reagerer noko på høyrer og med.



Det er vår i lufta, i fjæra, på bøane og i skogen og løftar ein blikket mot fjellet ser ein tydeleg at det smeltar og vert mindre og mindre snø dag for dag der og !



Etterkvart vert det fullt dagslys og sola fargar skyene i gull - det lyser gull over Gullskòra

God palmesøndag til dåkke alle.

9 kommentarer:

orchis sa...

Griegs "Morgenstemning" dukket opp i hodet når jeg så bildene dine. Vakkert! God palmesøndag til deg også.

Elsa sa...

Flott skildring av morgenen Hajal.

Ha ein fin palmesøndag i Davik også:-)

Janne sa...

så fint du hadde skrive! Va som å oppleve det sjøl. :)Her er begynt å komme litt fuglekvitring sovidt. Men våren nærmar seg her og.

Ha ein fin dag!

Rita sa...

Du verden for en fantastisk skildring av morgenstemning :)

Må innrømme at jeg ikke fikk samme følelsen av morgenstemning da jeg kosta sist ankomne snø av verandaen i morges mens jeg skuet ut over en meter snø på flatmark......men som Janne sa; det kommer vår hit og etterhvert :)

RandiF sa...

Nydelig skildring Harald. Her plaskregner det og bles, så det er ikkje råd å høyre om fuglane syng. Og dei teier vel i sånt vèr kan eg tenke meg....Innedag i dag, får pusle litt med frøplantane.

Harryford sa...

Godt å lese - godt se! :-)

Her har endelig østabrisen drivi tjukkskodda vekk, så sola slepp til!
14 grader i skyggen er det blitt, og sein fokost er spist på terrassen. Jeg dorma sågar av litt etterpå! Holder meg i ro, forkjølelse og småfeber rår - men nyter lyset og varmen - så lenge det holder!!!
Ha en fortsatt riktig fin palmesøndag Hajal!

hajal. sa...

Takk for hyggelige tilbakemeldingar alle saman. :)

ASSA sa...

Så flott å lese om dine beskrivelser denne morgenen!
Jeg er bare innom og hilser God Påske! til deg og dine.

disa sa...

情趣用品,情趣,伊莉論壇,sogo論壇,台灣論壇,plus論壇,plus,痴漢論壇,維克斯論壇,情色論壇,性愛,性感影片,校園正妹牆,正妹,AV,AV女優,SEX,走光,a片,a片免費看,A漫,h漫,成人漫畫,免費A片,色情網站,色情遊戲,情色文學,麗的色遊戲,色情,色情影片,同志色教館,色色網,色遊戲,自拍,本土自拍,kk俱樂部,後宮電影院,後宮電影,85cc免費影城,85cc免費影片,免費影片,免費小遊戲,免費遊戲,小遊戲,遊戲,好玩遊戲,好玩遊戲區,A片,情趣用品,遊戲區,史萊姆好玩遊戲,史萊姆,遊戲基地,線上遊戲,色情遊戲,遊戲口袋,我的遊戲口袋,小遊戲區,手機遊戲,貼圖,A片下載,成人影城,愛情公寓,情色貼圖,情色,色情網站,色情遊戲,色情小說,情色文學,色情,aio交友愛情館,色情影片,臺灣情色網,寄情築園小遊戲,情色論壇,嘟嘟情人色網,情色視訊,愛情小說,言情小說,一葉情貼圖片區,情趣用品