mandag 13. april 2009

Heime igjen



Dagane med påskeferie på Beito gjekk fort saman med denne karen.



Det vart ein del turgåing med Sander i bæresele og i vogn, eg trur han likte vogna best.
Ellers vart det god tid til avslapning, god mat og litt datasurfing inni mellom.


No er vi atter på plass heime på Nordåker og du verden kor mykje som har forandra seg på dei dagane vi var på Beito.

Her har stadig fleire plantar komme i blomst og enkelte lauvtre er i ferd med å bli grøne, m.a rogn, hegg og bjørk.
Plenen ser ut til å måtte slåast innan ei veke om dette veiret fortset og eg føler at eg er akterutsegla når det gjeld vårarbeidet. Skal få gjort ein del idag, men så er det arbeid igjen resten av veka, minus to dagar som går med til andre gjeremål, m.a. ein tur til augespesialist.

I går etter at vi kom att frå tur måtte eg sjølvsagt ut i hagen med kameraet og fange opp blomstringa rundt om i beda.

Draba dedeana - Klipperublom er ein av dei som blomstrar i fjellhagen min no.

I den nyetablerte (og uferdige) fjellhagen min blomstra fleire sortar Draba, Thalapsi, Androsace og Primula, ein Sedum viser og farge.



Krokusane er for det meste avblomstra, medan påskeliljene no står på det flottaste, både dei vanlege og dei fylte sortane. Pinsliljene kjem snart og om nokre få dagar ser det ut til.

Pulsatilla vulgaris 'Alba'


I woodlandet blomstrar fleire slags Primula m.a. kuleprimula, P. elatior, P aff. urumensis og fleire. Klosterklokke, Blodrot, lungeurt, kvit kubjølle og mykje anna.
Blåveisen nesten avblomstra no, men 'Kyrvinberg' held stand og kjem med enno ein knopp - den tredje.


Sanguinaria canadensis - Canadablodrot



Russeblåstjernene gjer mykje av seg den korte stunda dei varer og avløyser snøklokkene som no er ferdige med si blomstringstid. Snøklokkene er det no på tide å grave opp og flytte på, dei som det skal.


På stykket nedanfor hagen min, der eg har hogge ut i vinter blømer kvitveisen i rikt monn. Vi ser den så mykje betre no når alle trea og krattet er borte. :)

To av fargane primula elatior-hybrider som eg har.


Idag er det lettskya, fjorden ligg så blank og stille - det er heilt vindstille og fuglane syng ute - reine konserten. I går såg eg forresten linerla på fergekaia på Fodnes på veg heimatt. Då kan det hende eg får sjå den her heime idag og då !
Sola glytter fram mellom lette skyer - det vert ein flott dag i hagen idag!

6 kommentarer:

Rita Hogefeld sa...

Ååååh, sukk.......som jeg lengter etter vår når jeg ser bildene dine. Du har mange flotte planter i hagen din, Hajal :)

Merethe sa...

Så langt det har kommet i hagen hos deg. Her har krokusnene så vidt begynt å blomstre.:) Enda ligger det litt snø på plenen.

Marit sa...

Så mange flotte primula du har! Det er hyggelig å se på vårbilder :-)

Mari sa...

Det var en tøff kar :) Artig å se hvor langt våren har kommet hos deg. Flotte vårblomster :) Går og venter på at primulaene jeg fikk av deg i høst skal dukke opp. Snøen har nesten smeltet bort der jeg plantet dem så det skal bli spennende å se resultatet! Er nå jamt innom her for å se hva du pusler med og i dag er jeg innom via Charlottes Blogg hopping. Så nå bærer det videre i blogglista di, ha en fin kveld :)

hajal. sa...

Takk for hyggelige komentarar, det er kjekt at dåkke legg att komentarar.
Idag har det vore eit drivande veir og eg er forbløffa over kor det har vakse både i bed og på plen idag.

Mari:
Ja det med Bloghopping av eit artig påfunn. Sjølv har eg ikkje hatt så mykje tid til surfing på nettet idag anna enn til nødvendig innhenting av opplysningar av div. slag.
Har forøvrig hatt ein knalldag i hagen med vårarbeid i fineveiret.

ASSA sa...

Så herlig å gå rundt i hagen og se på de store framskritta når man har vært borte en stund!