tirsdag 24. februar 2009

Våren er i anmarsj





Ja no er det lenge sidan eg har oppdatert bloggen min. Forma har ikkje vore den beste sidan kulden tok meg for ei tid sidan og skrivekløa har ikkje vore påtrengande akkurat, eller rettare sagt heilt fråværande den siste tida.
Snøen har kjeme og reist att og i dag tidleg var det atter kvitt på bakken når eg stod opp, men den har reist att iløpet av dagen.
I mellomtida har eg kost meg med slektsforsking andre ting i fritida, jobben tek jo som kjent det meste av tida slik det skal vere.
På bordet ved sida av meg har eg hatt ein bukett med morellgreiner som eg har dreve i blomst.

I går var eg ei lita runde i hagen for å sjå om det var noko nytt som kom fram no når snøen hadde smelta, og der var det jammen sant litt av kvart men eg var der i skyminga rett før eg skulle gå på jobb om kvelden og for mørkt til å få skikkelige bileter så eg utsette det til idag og heldigvis forsvant det velse snødekket som kom i natt.
Her er litt av det eg fant i blomst :

Blåveistua mi viser blå knoppar alt, litt uklare og våte er dei i småregnet vi har idag.



P. elatior-hybrider (P x polyantha) har eg i fleire fargar, men denne syns eg er finaste av dei som blomstrar no.
Primula elatior ssp. Mayerii var også komme i blomst no

Galanthus nivalis flore plena heiter denne fylte snøklokka, idag var den ekstra pynta med regndropar.



Like ved sida står det ein anna sort snøklokke eg ikkje veit namnet på. Eg fekk den av ein hagevenn som ikkje visst kva sort det er. Skal komme med fleire bileter når den utviklar seg meir. Blomstrane er mindre enn den vanlege G. nivalis og er ein god del seinare.

Også tusenfryden er komme i blomst, men biletet var av ein slik kvalitet at den ikkje var presentabel. Ellers livnar mykje til i hagen no framover, og i peonbedet mitt er det spennande å sjå kor mange av dei som vaknar til live i år også.



Her er Peonen eg fekk frå Toveve for to år sidan. Overraskande mange skot som dukkar opp i år så det er tydeleg at det trivst i det opphøgde bedet eg laga til. Er eg riktig heldig kjem den i blomst til sommaren.

I dag kom Hagetidend i postkassa og det vert vel det eg har som sengelektyre til kvelden, men no fyrst er det ei ny runde på jobben.

Ha ein fin tysdagskveld alle saman.

9 kommentarer:

Merethe sa...

Å for noen fine vårtegn. Her er det haugevis av snø så vi ser vel ikke noe livstegn før langt uti april :) Men det har smeltet litt i dag. Mildt og godt nå. :)

Kristin Aurdal sa...

Så flotte vårtegn - må si det har kommet utrolig langt på dine kanter - bittelitt misunnelig.

Det var litt av en kontrast på dagens bilder og de vinterbilda du viser i det forrige blogginnlegget ditt :-)

Marit sa...

Du verden så tidlig det er hos deg! Det er en viss forskjell fra der du bor til her, sukk...
Kos deg med vårtegnene :-)

RandiF sa...

Her er ikkje krokusen begynt å vise farge ennå, men snøklokkene har blomstra sidan januar.
Aprpos snøklokker, hos naboen til mor mi såg eg ein snøklokkesort eg ikkje har sett før, den hadde mykje breiare blad enn G. rivalis. Lurer på om det kan være G.elwesii. Har du sett dei nokon gong? her er ein google-link:
http://www.treemo.com/files/treemo.mikekk.39611.or.jpg

hajal. sa...

Ja det er virkelig flott med nokre vårteikn no på denne tida, det får ein til å lengte enno meir til alt i hagen vaknar og kjem i vekst.

RandiF:
Dei snøklokkene såg interessante ut.
Veit ikkje om det er G.elwesii, trur dei skal vere grøne øverst mot blomsterfestet, men de at dei har ein kraftigt passar no med at blada er breide og at dei har ein kraftig vekst.

Dei eg har er mindre enn G.nivalis, har smalare og mindre blomster.

Om du kjenner denne naboen kan du jo hinte om at du er interessert i nokre løkar. :)
Eit evt bytte oss imellom og kan i såfall vere interessant, så har du med eitt to nye sortar! ;)

På den gamle PCen min har eg ein link til eit snøklokkeforum i USA eller England (trur eg) og der var det bilder av svært mange sortar, men den PCen har eg foreløbig på utlån.

Anne på Moseplassen sa...

åå, så mye nydelig du har i hagen da!
Tror jeg må ta meg en tur hjem til foreldrene mine og stjele meg noen fruktgrener, her er det bare ett puslete lite tre, ikke noe å klippe inn enda..

Mariann S sa...

Oj, no blir eg misunnelig gitt.
Snøklokkene blomstrar her og det er det.
Men det er utruligt deilig no når det går mot vår :-)

solfrid sa...

Så deilige bilder; her ligger snøen tung og høy. Men, det er plussgrader på tredje dagen og det smelter sakte, men sikkert =DD

elle-melle sa...

Våren er ei herlig tid!
Jeg kvakk da jeg så det første bilde ditt, men ble litt roligere når jeg skjønte at kvistene var drevet inne. Kirsebærblomstringen er et av årets høydepunkter - nydelig.