onsdag 11. februar 2009

Sådag II

Alt er klart til såing av staudefrø.


Å hjelpe meg... er det sååå lenge sida siste innlegget her ?
Ja ja eg har ikkje hatt så mykje å skrive om då men.... kunne no ha lagt inn nokre ord om dagleglivet ein finn alltid noke å skrive om når ein bare startar!

Dei siste dagane har eg måtte halde meg i hus pga. problem med lungene i kulden. I helga var det ned i -8-9 grader og det er kaldt her. Var ikkje ute anna enn det eg måtte for å komme meg til/frå jobb og på butikken, men det var nok for lungene sjølv om eg brukte forebyggande astmaspray. Så mandag og tysdag måtte eg skulke jobben og halde meg innandørs og bare fyre i omnen og ta det med ro. Ja det er vare saker desse lungene når dei er reduserte slik. Har aldri røykt heller så eg kan ikkje skulde på det, men for vel 20 år sidan hadde eg lungekollaps så det er nok der det skriv seg frå.
Sola skin så fint ute no og eg har masse ved som ropar på meg, men det får bare ligge der til mildveiret kjem att. Ikkje det at det hastar med det heller, den spring ingen veg...... ;)

Idag har eg sådd stauder 38 sortar dvs. 4 av dei ligg i lunka Zalovatn på termosen til i morgon og det er Cyclamenfrøa - ja så er der ein "pose" med Helleborus niger som skal vere med på Eid i morgon då skal Hagelaget ha tema såing på møtet og eg skal fortelle litt om såing av stauder, medan andre skal ta seg av såing av 1-årige.
Tenkte eg kan ta med litt ekstra og så nokre porsjonar som kan loddast ut slik at hagelaget får litt i kassa.
Alle frøpottene er plasserte på badet til "forvarming" før dei skal settast ut i snøen og kulden, men eg må passe på å få ut Draba etter nokre dagar så dei ikkje spirer inne slik eit par av dei eg sådde tidlegare i vinter som spirte inne før det hadde gått ei veke.
Frøa eg no sår har eg kjøpt frå STA og Dansk Primulaklubb (DPK) og frå den siste var der nokså rikeleg med frø i kvar porsjon av dei fleste sortane. ;)


Då er frøpottene sett i vannbad for opptrekking av vatn og er snart klar til å bli sådde!

Idag har eg sådd:
Androsace brevis (STA)
A. carnea v. brigantica (STA)
A. halleri (A.carnea ssp. rosea/A. c. v. halleri) (STA)
Cortusa altaica (STA)
C. matthioli 'Alba' (STA)
C. matthioli ssp. pekinensis (STA)
Draba aizoides (STA)
D. dedeana (STA)
D. fladnizensis(STA)
D. haynaklii (STA)
D. lasiocarpa (D. aizoon) (STA)
D. korabensis (STA)
Fritillaria imperialis 'Rubra' (STA)
F. imperialis v. inodora (F.eduardi)(STA)
Primula aurantaica (DPK)
P. burmanica (DPK)
P. chionantha, kvit (DPK)
P. chionantha ssp. melanops (P.melanops)(STA)
P. chionantha ssp. sinopurpurea (DPK)
P.elliptica (DPK)
P. grandis (DPK)
P. mistassinica (DPK)
P. modesta (DPK)
P. mollis (DPK)
P. muscarioides (DPK)
P. polyncura (STA)
P. prolifera (DPK)
P. x pubescens, bl.fagar (DPK)
P. pulverenta (DPK)
P. rysbyi ssp. elleisiae (P. elleisiae) (STA)
P. wilsonii var. anisodora (DPK)
Saxifraga cochlearis (STA)
S. granulata (STA)
S. hirsuta (STA)


Då er alt sådd og klart for eit opphald på badet så frøa får sugd til seg fuktighet før det berst ut i vinterkulda.



I tillegg ligg som sagt frø på termosen som skal såast i morgon, men der trur eg at eg må bruke større såpotter enn dei små yoghurtbegera.
Det er :
Cyclamen coum (DPK)
C.hederifolium (DPK)
C. hederifolium album (DPK)
C. hederifolium 'Silver Cloud' (DPK)
Det gjeld å merke termosen godt slikk at ikkje velmeinande "hjelparar" i heimen tømmer heile innhaldet i vasken ! ;)


Så får vi sjå då kva det vert av spiring utover våren, ser ut for at det kan bli ein del prikling denne sesongen og sjølv om eg har sådd små porsjonar (difor yoghurtbeger ;)!

Ha ein flott onsdag alle saman!

7 kommentarer:

Vivi sa...

Så mange flotte primula du har sådd. Du har virkelig stått på - ønsker deg lykke til.
Sønnen min sitter her og ser på "såpottene" dine, og synes det er veldig urettferdig at du har mere yoghurt enn det vi har. Jeg forklarer han at dem skal brukes til å så frø i, og da reiser han seg og går. Dere er gale, mamma! Joda, kan vel være enig i det.
Ha en fin dag.

hajal. sa...

Hi hi... ja det er sikkert og visst Vivi, vi er hagegale og er STOLTE av det ! ;)

Anne på Moseplassen sa...

Du har orden gitt!
(og lapp på termosen kan jeg forholde meg til, mannen stiller seg litt undrende av og til til enkelte av prosjektene mine...)

New Dawn sa...

Du har system i sysakene ser jeg :-)
De primulaene så virkelig spennende ut - jeg har ikke hørt om halvparten en gang.
Lykke til.
PS: Lurer stadig vekk på om jeg er skyldig deg ett eller annet...har du peiling? Vil gjerne gjøre opp for meg vet du :-)

hajal. sa...

New Dawn:
No stilte du meg virkelig på prøve, men takka vere notisboka eg noterer alle bytter i fant eg ut av det og det er heilt og fullt min eigen feil at du ikkje har fått gjort opp for deg ... (rødme)....
Du fekk Zephyrantesløkar og eg skulle finne prikleplantar frå sålista di i fjor vår... lenge sidan det no, men har du noko til overs til våren i form av prikleplantar så har eg nok plass til dei og ! ;)
I allefall dette skal ikkje DU ha dårleg samvit for ! :)

New Dawn sa...

Det ordner seg nok skal du se. Sålista mi ligg i bloggen. Ta deg en tur innom og se om du finner noe interessant. Send meg PM eller skriv i bloggen, så skal eg prøve å få lagt til side noe til deg. :-)
Lista er ikke komplett ennå, det som mangler er diverse sommerblomster

Tove sa...

Så mye spennende du har sådd :-) Lykke til med spiringa :-)