torsdag 13. november 2008

Nytt bed og ny Kristtorn

Gullregnbedet
Den siste tida har det ikkje vorte tid til så mykje hagearbeide, men mandag manna eg meg opp og lagde bed rundt gullregnen som nesten rotvelte i kraftig vind i Juni.
No har eg sett ned tre kraftige, impregnerte pålar og heldige meg fant ein gamal sykkelslange i uthuset som skal halde treet på plass der det skal stå. Med svakt rotsystem som gullregnen har reiknar eg med at desse tre pålane lyt stå der så lenge gullregnen står og då er det meir praktisk med bed ikring.
Så vart det planta 12 Kirgisløk (Allium aflatuense) og 50 Muscari latifolium.
Håpar det vert bra til våren for Kirgisdløken blomstrar samtidig med gullregnen.
No manglar det bare kantstein, men der har eg ein plan ( for å seie som Egon) :)

Idag fekk eg pakke frå ei hagegal dame som tipsa meg om ein Kristtorn ho hadde kjøpt - Ilex 'Hollywood'. Ein dvergsort med veldig små blad og kompakt vekst, og gulrosa nyskudd. Riktig ei perle som skal få seg ein utsøkt plass, bare eg får tenkt meg om - og eg har tid å tenke, den skal ikkje plantast ut før til våren.
På bildet t.h. viser eit blad av Ilex 'Hollywood' og eit blad av Ilex aquifolium (vanleg kristtorn), her er det forskjell i storleiken ja !
Må frambringe ei stor takk til den hagegale dama !

Veiret denne veka har vore variert, enkelte dagar har vi fått litt nedbør, såvidt litt rim på bakken eit par morgonar og tysdagskvelden/natt til onsdag var det eit nyyyydelig måneskin og
2-3 plussgrader. No er det visst venta regn dei kommande dagane så vert det iallefall ikkje frost.

Under plantelyset i vekstrommet har eg ein Vallota som snart kjem i blomst. Den kjøpte eg i den botaniske hagen i Turku (Åbo) då eg var der i sommar og det ser ut som det og kan vere ein dvergart for eg trudde ikkje det var mulig at det kom blomster på dei små løkane, men på blomsterstilken er det 4-5 knoppar. orangeraude på farge. Eg kjem att med bilde av den når den er i blomst.

7 kommentarer:

Marit sa...

Hvordan er herdigheten på den lille kristtornen? Kristtorn er flotte planter!

hajal. sa...

Ja sei det, eg har ikkje funne noko om den på google, så foreløbig veit eg ikkje !

Berit sa...

Artig liten sak!
Må forresten fortelle at det begynner å bli litt størrelse på de to sortene Zephyranthes jeg fikk av deg. Hvor lang tid tror du jeg må regne før de vil blomstre?

hajal. sa...

Hei Berit !
Eg vil nok tru atdu får blomster på dei til våren/sommaren, mange av dei blomstrar som relativt små løk.

elle-melle sa...

Så liten kristtorn har jeg aldri sett. Den var søt.
Her vokser vanlig kristtorn i store mengder, fuglene sår dem tror jeg. Jeg luker massevis av små kristtorn planter hvert eneste år. Jeg vil jo ikke ha bare kristtorn i hagen heller.

hajal. sa...

Her og sår den vanlege kristtornen seg ved hjelp av fuglane, om ikkje overalt ein finn litt så iallefall slik at her og litt der i utmarka.

Berit sa...

Enda en grunn til å glede seg til våren, Hajal!