torsdag 12. mai 2011

Årets fyrste Peonen i blomst



Så er den fyrste peonen i blomst. Eg har mista namnelappen så eg er ikkje sikker på kva det er for ein art, men det er ein frøsådd sak. Truleg er det Paeonia veitchi, men eg er ikkje sikker for denne er bare ca 50 cm høg og den andre eg har som eg veit er P. veitchi er 70 cm høg. Eg veit ikkje om den arten kan variere så mykje i høgde. No er riktignok den lave 4-5 år yngre så det kan no ha litt å seie også. Dessutan syns eg det er litt forskjell i bladverket og, men det og kan ha litt med alder å gjere.

På biletet under ser vi den eg veit er P. veitchi som eg fekk som liten frå Toveve på hagegal for nokre år sidan og den har vakse seg jamt og trutt større og kraftigare for kvart år og i år kan eg telle 32 blomsterknoppar som no er begynnt å vise farge.


I år er det for fyrste gong knopp på Svovelpeonen (P. mlokosewitchi) også, frøsådd og etter det eg har forstått kan den variere litt i farge så den er eg spent på, men det tek ei god stund enno før den viser farge.

Det mest gledelege er at alle peonane eg kjøpte ved Kinaimporten i fjor har klart vinteren og er i god vekst. Dei var litt seine før dei begynte å vegetere så eg var litt i stuss om dei kom igjen i det heile.

Ein annan spennande Peon er den frøsådde trepeonen eg fekk frå Bina på Hagegal for nokre år sidan. Til no har den bare stått der og ikkje blomstra, men i år er det masse knoppar på den. Eg flytta den tidleg i vår og det ser den ut til å ikkje ha teke skade av heldigvis.

Så vil eg vise bilde av den flotte japanske lønnen min med namnet 'Orange Dream' nydelig bladverk både vår og haust.

Her er dei nye blada i ferd med å folde seg ut.....


No er dei pålag fullt utvikla flotte blad og flotte fargar....

Så litt på avstand så ein ser forma på busken. Ein slik lønn får plass sjølv i ein svært liten hage.

5 kommentarer:

Sigrid sa...

Nydelige begge to, Harald. Min tidligste pion står med knopp nå, så om ei uke eller to kan jeg kanskje poste bilde jeg også :-)

akoen sa...

Flotte planter.
Det er mange veitchii varianter og nokre er kryssa med anomala trur eg. Eg synest dei er spennandes å så. Veit aldri kva det blir utav det :)

Anne (Moseplassen) sa...

ååå, peoner i blomst allerede!
For et praktfullt syn :D

Og nydelige lønner også, herlige farger.

Mariann sa...

Flott peonblomstring allerede og enda mer i vente. Spennende å vente på blomstringen. Nydelig bladverk på lønnen.

hajal. sa...

Godt mulig det er ein veitchi-hybrid. I allefall er blomstrane og blada mykje lik den andre veitchi-peonen eg har.