søndag 29. mai 2011

Endeleg har eg igjen fått kontakt med min eigen blogg og fått logga meg inn. Nokre dagar no i det siste har bloggtilgangen vore blokkert på eit eller anna vis så ikkje har eg fått logga meg på eigen blogg og heller ikkje fått lagt inn komentarar på andre bloggar. Ikkje var det hjelp i å pønsje inn passordet sitt på nytt heller det virka ikkje/vart ikkje godkjent så då var det bare å håpe at det retta seg med tida.

Parasollblada var store og flotte, men kraftig vind og slagregn har dessverre gjort at dei ser ikkje slik ut lenger. "Skjorteknappane" begynnte blomstringa like før 17. mai og står fortsatt i fin blomst under det misnt 50 år gamle morelltreet.


Aquilegia flabellata nana blomstrar rikt samtidig med auriklane. Auriklane er nesten ferdigblomstra, men akeleia fortset blomstringa ei stund til.



Veiret deen siste tida har vore kaldt og ufyselig og lite innbydande til hagestell. Litt ugrasreinsking har det vorte inni mellom, men eg ligg som vanleg godt på etterskot.

Den fylte soleihoven (Caltha palustris 'Multiplex') blomstra overveldande i vår, men no er den snart heilt avblomstra. Den likar tydeligvis den fuktige og litt kraftige jorda der den er plassert.

Den vesle mini-akeleia Aquilegia canadensis nana passar fint i fjellhagen.

I fjellhagen lyt eg nok til med supleringsplanting då det er ein del som har gått ut iløpet av vinteren.

I woodlandet har det meste klart seg over vinteren og spesielt glad er eg for at denne har klart seg så godt. Acer japonica 'Orange Dream' . Bare litt tilbakefrosen i toppane og det må ein bare reikne med ein slik frostvinter.

Nydelege bladfargar både vår og haust.

Kusymrene har blomstra frå seg for i år. Ofte er dei litt vanskelege å fange rette fargen på, dei har lett for å bli altfor lyse på bilda, men her ser det ut til av eg var heldig med knipset.

Meconopsis quintuplinervia har blomstra ei heil stund og sender stadig ut nye utløparar, her har den selskap med vanleg kvitveis.

7 kommentarer:

Elsa sa...

Så flotte bilder. det ser frodig ut i hagen din.
I min hage er det bare sorgen etter vinteren. Håper det blir bedre neste år når jeg får planlagt litt og plantet litt mer. Dette året blir hagen satt på vent:)
Du er ikke den eneste som har slitt med blogger i det siste. Hos meg løste det seg da jeg skiftet nettleser. Nå bruker jeg Chrome, og den funker veldig bra. Rask er den også.
Håper alt er bare fint der nede i Davik. Av grunner jeg ikke skal ta opp her er forbindelsen til Rugsund kuttet, desverre.
Kanskje vi treffes på Moa en gang så kan vi prates da.
Ha en fin helg:)

hajal. sa...

Kjekt å få kommentar frå deg Elsa igjen.Lenge sidan sist vi har prata no. Her er fortsatt helsetilstanden lik sist vi treftest på Moa og foreløbig ser det ikkje ut til at det er betring i sikte dessverre, men eg putlar no på i hagen det eg har ork og energi til så får hagen klare seg sjølv når eg ikkje er i form til det.

krepsemor sa...

Nydelige bilder som alltid! Overgartneren har sørget for vanningen siste 14 dagene, men kanskje det lysner nå? Acer`en din var utrolig flott!
Ønsker deg en fin uke!

Kari K. sa...

Så flotte parasollblader. Er "skjorteknapper" det samme som duppesoleie? Jeg er på leting etter, men det er utsolgt de få stedene de har hatt.

Ha ei fin hageuke.
Kari K.

hajal. sa...

Krepsemor:
Ja no håpar eg at veirutsiktene lysnar, det er snart på tide med litt sol og høgre temperatur.

Kari K.:
Ja "Skjorteknappar" er det samesom duppesoleie (Ranunculus aconitifolius flore plena)- ei gamal og flott staude.

Kari K sa...

Takk for svar på bloggen min. Jeg skal lete litt lokalt etter duppesoleie, så får vi se. De er virkelig fine.

New Dawn sa...

Så flotte bilder:-)
jeg har den akeren jeg også, og den er nydelig. Har tilfeldigvis bilde av den i dagens blogginnlegg jeg også.
Soleihov kjøpte jeg meg nå i vår, og den lyser så flott opp i bedet.
Gleder meg til den blir like frodig som din.