mandag 2. august 2010

Blomstring pr. 1. August 2010

Startar med den flottaste eg har i hagen for tida Ligularia 'Britt-Marie Crawford' - ei kjempeflott nøkketunge med DEN kombinasjonen av mørke blad og gule blomster.... ååååååååååååååååhhh!

****** ***** *****

No har eg forflytta meg frå Nordfjord til Valdres for nokre dagars tid.
Eldste dattera og gutungen Sander (2) har vore på Davikbesøk ei vekes tid og no er det vår tur å være i Valdres på besøk.
Før vi reiste tok eg bilder av det meste som blomstra i hagen heime på laurdag som eg vil presentere i ein biletserie her slik eg har gjort dei forrige månadskifta tidlegare i år.
Alle bilda er klikkbare og alle er tekne laurdag 31. juli

Ridderspore har eg alltid hatt litt vanskar med å få til å blomstre rikt, men i år slo dei til, litt av dei vart vindens rov, men nokre av stilkane klarte seg bra.


Eit lite parti frå fjellhagen som viser Smørbukk (Sedum telephium), Engnellik ( Dianthus deltoides 'Brilliant') og Alpeaster (Aster alpinum) og bakerst ein Geum


Her er ein anna Engnellik 'Artic Fire'


Rudbeckia vert ei stor og kraftig staude og kombinasjonen av gult og brunt har alltid tiltalt meg. Eg er vel kansje ein av dei sjeldne hageentusiastane som elskar gule blomster.....
T.h. ser vi Pulmonaria saccharata - Flekklungeurt med flotte sølvspettar på blada.

Her eit parti frå woodlandsbeplantinga mi. Her ser vi Ligularia przewalskii (Aksnøkketunge), Rudbeckia og eit par purpurblada japanske lønn.

Sedum er ein lettstelt og fin plante til steinbed og murkantar, dekorative

Mjødurten (Fillipendula) er no på det finaste - eigentleg syns eg at den er aller finast i knopp som ser ut som ein bukett med små rosa perler (biletet under)


Pionane fekk hardhendt behandling midt i blomstringa denne sommaren, fyrst var det kraftig vind og seinare nokrså mykje nedbør som gjorde at dei såg heller trasige ut. Saksa måtte fram og visne og halvrotne blomster blei "kompostmat" . Nokre få knoppar var att som kom etter at regnet hadde gjett seg. Vi får håpe på meir "pionvenleg" veir til neste år.

Queen Elisabeth har nettopp begynt å blomstre og i år har dei virkelig mange knoppar. Denne rosa er minst 40 år gamal i denne hagen - ein etterlevning etter dei forrige bebuarane i hagen vår og i mi tid har den måtte finne seg i flytting iallefall to gongar. Der den står no ser den ut til å trivast veldig godt så det spørs om den skal få stå der "til evig tid". Lilja 'Enchantment' er eigentleg madammen sin - ei gåve ho fekk som pottelilje for 10 år sidan og sidan har den blomstra trufast kvart år.

Eg har fleire bilder av dei blomstrande i hagen så eg kjem som vanleg att med fortsettelsen om ein dag eller to.

3 kommentarer:

solfrid sa...

Nydelig! 'Artic Fire' tok helt av i år. Sådde den i fjor. Må så mer dianthus:)

Unknown sa...

Veldig mangfoldig og flott blomstring, hajal! Vi bor i et land med mye vær... kort og greit...men kjedelig for blomstene. Her hadde roseblomstene "smeltet" og råtnet på stedet hvil...

krepsemor sa...

Din Ligularia var slående vakker! Jeg har sådd Hieracium "Chocolate Dip", som har mørke blad og gule blomster, og blomstene ligner veldig på Ligulara`s! "Arctic Fire" har jeg sådd i år, og gleder meg til de blomstrer! Det var utrolig frodig i bedene dine! Sommeren har ikke vært av de beste, så det bærer mine planter preg av dessverre! Håper vi fær en varm og fin høst!