torsdag 5. august 2010

Blomstring pr. 1. August 2010, del 3



Rosa helenae 'Hybrida' er ei nydelig rose med god duft som brer seg i hagen i desse dagar.



'Symphatie' klatrar i armeringsnettet.

'Golden Showers' - ei flott klatrerose.


e'Dronningen af Danmark'
.Her er det "Eikefjordrosa" som eg har omtala før i bloggen min. Ukjent sort, men eit klenodium som har ein særeigen betydning i hagen min ettersom den kjem frå kona mi sine besteforeldre sin hage som ikkje lenger er i familien. Den vekker mange gode minner.
Dessverre har den lett for å få roserust og ofte vert blomstringa øydelagt av mykje regn som den tåler dårlig.


'Rose de Rescht' ein gamal og god sort som finst i mange hagar - denne fekk mor mi med seg frå sin barndomsheim og eg har fått den vidare til min hage.

Liljene er midt i den flottaste blomstringstida og her er nokre av dei :
Lilium pardalinum er eit fyrverkeri av fargar i raudt, orange, gult og brunt som ikkje kjem så godt fram på bildet her pga. lysforholda. Skal prøve å ta eit betre bilde av den når eg kjem heim - den fortenar det! ;)



'Pink Perfection' er ei nydelig lilje, syns det gulgrøne svelget gjer denne lilja til noko spesielt.


'Madame Butterfly' blomstrar rikt og sprer godlukt.

'TomPouce' luktar ikkje, men er ei flott liljelikevel.

'Schocking' har nokså store blomster og er ei flott lilje.

Lilium tigrinum splendens - eg likar spesielt godt kombinasjonen av varm gulorange og brunt. Dette er ei av dei flottaste variantane av tigerliljene syns eg.


Blomstringa er den ferdig med, men druene veks i klasane. Håpar på at det vert betre veir under modninga denne hausten enn i fjor då soppangrep øydela det meste av druene i ròteveiret vi hadde då!

9 kommentarer:

Mariann sa...

Nydelige roser og liljer. Den første rosen, Rosa helenae 'Hybrida', var spesielt flott.
Håper høsten blir så bra at druene modner.

Blomsterguri sa...

Flotte blomster og liljer. Helt etter min smak. Du har jammen det store druer - hmm - har du en hemmelig oppskrift?

Mia sa...

Jag bara sitter och drägglar( sikler..) av allt läckert. Alla dessa liljorna, dom frestar så! Dyr historia med alla dom läckerbiskene, beställningen är sänd..

hajal. sa...

No ser eg at eg har "juks litt" og sett inn feil bilde der Rosa helenae 'Hybrida' skal være- (har brukt det samme bildet av 'Golden Showers' to gongar - det får eg rette opp!
Skunde meg og rette det opp.... ;)

Anonym sa...

Det var mange fine bilder og liljene var utrolig fine,Eikefjorrosa er Blush Damask,den kultivert før 1759, er ganske vanlig i område Eikefjor-Naustdal og Førde

hajal. sa...

Anonym:
Mange takk for tipset, eg har lenge vore på leit etter namnet til denne rosa så dette må eg sjekke nærare. ;)

Mariann:
Eg hadde dessverre feil bilde av 'Hybrida' i starten, men har no bytta det ut med det riktige.

Blomsterguri:
Ingen spesiell oppskrift på druene. Litt gjødsel av og til.Eg lar bare to klasar være på kvar sidegrein og kuttar kvar sidegrein på to blad over 2. klase. Eg skulle heilt sikkert ha tynna druene i klasane også for å få best mulig kvalitet, men det har eg ikkje gjort.

Mia:
Ja det er fristande å bestille meir liljer, dei er så flotte og så er det så mange lekre sortar.

Marit sa...

Mange flotte roser og liljer. Imponerende drueklaser du har!

Marie sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Marie sa...

Takk for kommentar :)
Masse fint du har i hagen din :)