fredag 5. mars 2010

Uoffisiell snørekord


Drivhuset er snart nedsnøa, snart kan eg grave meg tunnell for å komme til dørene der.


Idag har vi virkelig fått påfyll av snø. No måler snødjupna på flat mark 93 cm og eg kan ikkje hugse å ha målt så stor snødjupne på dei 20 åra vi har hatt målestasjon for Det meterologiske Institutt. Hugsar vi eit år var oppe i "nokre og åtti cm" men hugsar ikkje i farten korkje år eller nøyaktig mål. (gidd heller ikkje finne fram alle notatbøkene og sjekke det ;-)
Enno meir sjelden er det at snøen har lege fast i 11 veker - snøen la seg den 19. desember og sidan har den lege utan opphald. Slikt er sjeldan kost her i fjordfylket.
No høyrer eg at det går ras mange stadar og mange vegar i fylket er stengt pga ras og fare for ras. I morgon varslar dei om meir snø før det på søndag skal gå over i synnjaveir og regn og når eg skal være ærleg syns eg det hadde vore godt no å bli kvitt snøen.

I dag fekk eg måka av drivhustaket og med den nedbøren som kom utover dagen er eg sikker på at det hadde vore ein ruinhaug no dersom eg ikkje hadde fått det gjort på føremiddagen.



Småfuglane stakkar har harde kår for tida, men her har dei matstasjon på verandaen der vi forar dei som best vi kan og kjøtmeis, blåmeis, granmeis, spettmeis, raudstrupe og svarttrast har vi der kvar dag . I dag eg var ute og måka snø høyrde eg jammen nokre av dei var begynnt å øve seg på vårstrofene sine, iallefall kjøtmeisa og spettmeisa var i vårstemning ei lita stund då sola nesten braut gjennom skydekket. Kort tid etterpå vart det plutseleg temmeleg mørkt og når eg sår rundt meg var eg omkransa av tjukke snøbyger på tre kantar og det skulle vise seg at dei ikkje gav seg før det leid på sein ettermiddag.

Spettmeisa



Morelltrea i vinterdrakt

I kjellaren er det no like før dei to siste showauriklane opnar blomstane sine og eg har ein mistanke om at dei har mykje grønt i seg, fargevariantar eg ikkje har noko imot å ha i mi eige.
Eg får komme attende med bilder når dei har sprotte ut.

God helg til alle som er innom ! :-)

4 kommentarer:

krepsemor sa...

En utrolig vinter vi har hatt, ja! Og så kaldt som det har vært....
Du må sette inn bilde av dine aurikler!

anne - moseplassen sa...

her har snøen begynt å klappe sammen! Vi hadde noen fine dager her denne uken, og plutselig dukket fuglemateren frem fra snøkaoset.. minst 20 cm har snøen krympet, gull!

Håper det ikke blir noen skader på verken dyr eller materialer av all snøen som skal ned igjen, også håper jeg det blir lang vår, så det ikke flommer heller.. slipper å tenke på sånt her i oslo, glad for det.

smgj sa...

Vi får tro fuglene har rett og at det BLIR vår. Her har iallfall sola kommet de siste dagene, så det kjennes bedre.

Janne sa...

fuglar er det mykje av her og. Kan komme i flokkar på 15-20 stk, som kranglar om å få plass rundt mataren. Trur det er mest kjøttmeis vi har. Jørgen hadde sett ein hakkespett som jobba på ein stolpe her, og vi har eit hol over garasjen på huset, som eg er rimelig sikker på er hakkespetten sitt verk. :) Kjekt med fuglar! :)

No trur eg kanskje dåkke kan ta turen hit snart, for e vel ikkje mykje att før dåkke har meir snø enn oss! :D