onsdag 24. februar 2010

JIPPI !!!

Det manglar ikkje på snø denne vinteren, men vi skal ikkje klage. Her er det ikkje meir enn ca 40 cm på bakken, mange andre stadar har dei mykje meir og får jamt påfyll.
No har vi hatt 11 dagar samanhengande utan nedbør men idag fekk vi ei lita lett snøbyge nett so mykje at vi vart påminna om at det ikkje er heilt tomt der oppe.
Mange stadar høyrer eg at dei er alvorleg redde for mangel på vatn etterkvart m.a. i Bergen og eg trur nok at held denne vinteren fram lenge KAN det bli realiteten andre stadar og. Grunnvasstanden på Vestlandet er visst betydeleg redusert las eg for litt sidan.
For ikkje å snakke om reservane i kraftmagasina - straumprisen er sjokkerande kva spotmarkedet angår og fastprisen er og på god fart oppover.
Men det finst håp...........


Under kjeglegrana min skjuler det seg eit håp om at under alt dette kvite er det aktivt liv tross i kulden.



Den fyrste snøklokka har begynt å vise farge og er eit kjærkomme vårteikn - det går på fram i år og.

12 kommentarer:

Iris sa...

Endelig et vårtegn! Det var et koselig syn :)

Ingrid E 's hage 630 moh sa...

Endelig et bevis på at vinteren er på hell :-)

smgj sa...

:)
Her må jeg nok spa om jeg skal finne tilsvarende vårtegn - på tross av at snøklokkene er plantet på tomtas først snøfri flekk.

Tove sa...

Oj, oj, det der er virkelig stas. For et flott vårtegn :-)

Mariann S sa...

Å herlige tid, kor deilig det var å sjå snøklokkene dine :)
Det er håp - JIPPI :)
Hos meg har eg funne en liten Primula og en liten Tusenfryd :)

Sigrid sa...

Det bildet gjorde godt!
Takk skal du ha, Hajal :-)

RandiF sa...

Trur eg må ut og grave skal eg finne noko slikt....men eg meiner eg observerte store knopper på trollhasselen i halvmørket i kveld.Snøklokkene pleier jo ellers å blomstre frå slutten av januar....

lineoghagen sa...

Åh så deilig å se! Nydelig :D
Jeg fikk aurikkelfrø i dag fra Barnhaven og lurer på om de skal stratifiseres eller ikke. Hva er din erfaring?

hajal. sa...

Ja eg må nok grave mykje eg og skal eg finne tilsvarande vårteikn andre stader i hagen, men her under kjelgegrana der snøen ikkje har fått lagt seg meir enn at sola har klart å smelte det som var tittar den kjærkomne snøklokka fram.

hajal. sa...

Line:
Aurikkelfrø spirer utan stratifisering, du kan bare så dei og vente på spiring, men det er ingen ting i vegen for å sette dei ut i vinterkulda om det passar best.

Ninni sa...

Hva! Er det mulig! Ååå, for et løfterikt syn :)

Berit sa...

Et herlig syn, hageabstinensene råder her også!