søndag 14. mars 2010

Meir snø og nye showauriklar i blomst

Dette bildet er ikkje frå idag, men det siste døgnet har vi fått nye 25 cm snø og har no 67 cm. Det fortsette å snø så vinteren er absolutt ikkje over enno sjølv om meisene prøvar å innbille seg og oss at det er nært foreståande med vårstrofene sine og fakter som ikkje er å misstyde.
Det går på solsikkefrøa og småfuglane er flittige gjestar på matstasjonen på varandaen. Kjøttmeisene er i fleirtal, men vi har også mange blåmeiser, granmeiser, 3-4 spettmeiser og svarttraster av og til er raudstrupen og eit dompappar innom og i går var ein grønnsisikhoe på besøk.

Eg hadde håpt på at regnet vi fekk denne veka skulle ta med seg det meste av snøen og renne til havs, men den gang ei!!! :(

Då lyt vi trøyste oss med andre gleder og i kjellaren under plantelyset har eg fått dei tre siste showauriklane mine i blomst og etterkvart som knoppane utvikla seg vart eg meir og meir spent på fargen - eg vart fort klar over at dei var av den attraktive "grønblomstra" sorten og heldigvis tre forskjellige!
Alle desse tre pluss dei tre eg viste i eit tidlegare innlegg er alle sjølvsådde av frå frå det franske frøfirmaet Barnhaven- eit frøfirma eg varmt kan anbefale til alle som likar Primula av alle slag.
Dei har godt utvalg både i Auriklar og andre Primula så det er vel verdt å ta turen innom deira sider på nettet.

Den raude kransen syns eg er lekker mot det grøne, kvite og gule. (klikkbare bilder)

Denne går meir over i raudfiolett, noko som viser betre på bildet under (same planten)


Den siste er mykje mørkare på farge, nesten over i det svarte og med god melering på blomst og stilk - utruleg lekker må eg seie!


Eg gled meg veldig til Hageauriklane ute i beda startar blostringa si, håpar det vert rikeleg blomstring denne våren, både på auriklar og dei andre Primulane når dei fyrst kjem igang.
Dei siste vintrane har eg hatt Primula i blomst stort sett heile vinteren, no er vi komne til midten av mars og snøen ligg djup over alt og gøymer alt det vakre som berre ligg å ventar på få utfolde seg. Tippar det vert litt av ein"eksplosjon" i fargar når fyrst snøen smeltar dei slepper til .

God helg til dåkke alle!

13 kommentarer:

potentilla sa...

Nydelige :)

Unknown sa...

ÅÅÅh så stilige med grønnfarge?! Ja her ligger det også metern med snø enda. Håper det smelter i en fart. Jeg fikk jo en aurikkel av deg for to (?) år siden, og håper den blomstrer i år.

Tove sa...

De var flotte. Jeg må titte på den frøsiden. Når sådde du disse? De showauriklene er vel hardføre de også? Her har det minket veldig på snøen den siste uka, for vi har hatt knallvær med mange varmegrader på dagtid. For en gangs skyld har vi relativt lite snø. Håper ikke kong vinter finner det for godt å komme på besøk igjen før våren setter inn for godt.

Rita Hogefeld sa...

Så flotte de var. Ser nesten ut som jeg må kjøpe sånne frø ja. I år kjøpte jeg frø til fylte aurikler, de er jeg veldig spent på :)

hajal. sa...

Desse showauriklane var sådde i mars 2008, auriklane treng jo ikkje stratifisering så det er ikkje for seint å så fortsatt.

Lotte: Du kan nok trygt reikne med blomster på den til våren.

Tove:
Showauriklar er mykje meir ømfintlige for vinterfukt enn hageauriklar, men når eg får formeire dei opp så skal eg plante ut nokre eksemplar av dei i veldrenert jord og prøve om dei kan gå på friland her. Treng nok litt dekke mot altfor mykje vinterregn reiknar eg med, men det er arbeid osm eg gjerne tek om dei klarar seg ute.

Nesten så eg får lyst å bestille frø frå Barnhaven sjølv også !! ;-))))))

Villrose sa...

WoW!

IngunnBW sa...

Lekker fargekombinasjon! Spesielt den grønne/blåsorte var knallfin! Så moro å gå ned i kjellern når du blir møtte av slike vidundere :) Det får deg nok til å glemme alt det ekle hvite utenfor huset

krepsemor sa...

Nydelige aurikler! Jeg har sådd aurikler selv i år, og de koser seg på planterommet for tiden! Rett nok er de fortsatt små, men de vokser da!
Her har det også snødd nærmere en halv meter i går kveld og i natt, så det var litt av et syn som møtte oss i dag tidlig! Godt da å ha snøfreser :o) Kos deg med blomstringen!

Britt Åse sa...

Ojojojojoj! de var nydelige, jeg kan bare gratulere :-)

Marit sa...

Lekre aurikler! De grå er kjempestilige. Jeg har sådd doble aurikler fra Barnhaven i år, og de har spirt over all forventning. Det går vel et par år før de blomstrer, men er vel verdt å vente på. Tror jeg må prøve meg på noen flere sorter derfra.

Frøya-Heidi sa...

Ååh, de Showauriklene var helt nydelig!!! Heldig du som har disse å glede deg over når vinteren drar ut i langdrag.

Her trodde vi våren var kommet forrige helg da all snøen regna bort, men nå har vi fått ett hvit lag igjen og det snør ennå :(

hajal. sa...

Takk for mange hyggelige kommentarar alle saman, kjekt med tilbakemeldingar!

Iris:
I kjellaren har eg også fem jordbærkorger med prikleplantar av hageauriklar som var sådde sist vinter og prikla i løpet av våren/ sommaren. Ein av desse små har faktisk klart å produsere blomster som snart sprett ut. Sådeet er nok mulig å få blomster på dei året etter såing med godt stell.
Det skal seiast at desse eg har i jordbærkorger absolutt IKKJE har fått optimalt stell utover sommaren/hausten!

Ingunn sa...

Wow, så fine blomster ;)