lørdag 20. februar 2010

Aurikkelblomstring i kjellaren





Ja det er langt mellom innlegga i denne bloggen for tida.
Helsesituasjonen er uforandra og denne veka har ikkje vore den beste i så måte, men det finst og gleder i kvardagen slik som aurikkelblomstringa i kjellaren.



No har to av dei Show-Auriklane som eg sette inn i kjellaren før jul komme i blomst.
Dei står under vekstlys i eit uoppvarma rom der einaste varmekjelda er er eit vekstlysarmatur og to djupfrysarar som gjev frå seg litt varme - nok til at det held seg på plussgrader uansett kor kaldt det vert ute. Og ute er det framleis vinter.

No har snøen lege konstant sidan 19. desember og det er det svært lang tid sidan vi har opplevd på våre kantar. Nett no har vi 42 cm snø "på flat mark " som det heiter ( her skal vi leite lenge for å finne FLAT mark!!!!)
Idag viser temperaturmålaren minus 6,5 grader som er nokså kaldt her hos oss, etter at vi har hatt ein periode med litt mindre kulde.


Fjellet som vi ser bak her heiter Troda eller Storetroda og er eit populært turmål både sommar og vinter. Det er nok flotte forhold å gå på ski til toppen av Troda denne vinteren for dei som er interessert i denslags. Personleg har eg aldri likt meg på ski.




Fleire Show-Auriklar er i knopp i kjellaren så eg håpar det vert fleire spennande opplevingar når dei opnar knoppane sine om eit par veker.

Ellers har eg meldt meg på ein import av auriklar og blåveis frå Tyskland ilag med andre blåveiselskarar på Nordic Hepatica forum
http://www.hepatica.org/phpBB3/index.php
Det vert vel den store invisteringa i hageplantar dette året reiknar eg med. Ellers får eg satse på å ta meg av alle dei frøplantane av stauder eg ikkje fekk prikle i sommar som var. Håpar dei fleste har overlevd vinteren og er klar for prikling til våren.

Sola har vi no hatt sidan 2. februar og i år har vi vore heldige å fått sett mykje til den også dei fyrste to vekene, ikkje kvart år det er så mange soltimar på denne tida.

Her ser vi dei fyrste solstrålane på den fyrste soldagen 2. februar 2010.

Eg ynskjer alle ei god helg!

6 kommentarer:

amo sa...

Man kan i hvert fall drømme om våren når man ser aurikler i blomst. Hos oss er det snøkaos i dag. Ellers skulle jeg gjerne vært på toppen av det fjellet (Troda) som du viser bilde av. Må være en fin tur på ski.

hajal. sa...

Draumen om vår lever iallefall i beste velgåande hos underteikna, personleg set eg våren framfor alle andre årstider.
Toppen av Troda ligg på 954 m.o.h. og dete er flott utsikt frå toppen når ein kjem til topps.

Frøya-Heidi sa...

Nydelige aurikler hajal! De gir en deilig vårfølelse ja.Skulle gjerne vært med på den aurikelimporten..

Her har vi også hatt mye mer snø og kuldegrader enn normalt. Men det meste av snøen er forsvunnet nå, men -8 grader og stivkuling i dag. Skikkelig guffent!

Ønsker deg fortsatt god bedring og håper det går fort mot vår!

hajal. sa...

Takk for det Heidi.
Her er det austavinden som gjer det guffent når den kjem på denne årstid, men heldigvis har den ikkje vore så veldig plagsom til no.

Fristen for å være med på importen er vel dessverre utløpt. Der var virkelig mange flotte auriklar i sortementet hos Peters.

Iris sa...

Nydelige naturbilder og nydelige aurikler! Hyggelig å se sånne bilder nå, for det må jo bli vår en gang. Jeg fikk så mange aurikler i fjor, og gleder meg til å ta bilder av de når den tid kommer.

lineoghagen sa...

Takk for titten og inspirasjonen (ble en bestilling fra Barnhaven her nå ;) )
Fortsatt god bedring!
Line