Åbo er det svenske namnet på byen (og kansje mest kjendt i Noreg ) frå den tid Finland låg under Svensk herredømme, men finnlendarane likar helst at vi seier Turku ( som rimeleg kan være...!!!).
Turku er Finlands femte største by med ca 177 000 innbyggarar og Finlands eldste by, grunnlagt på 1200-talet.
Fram til 1812 var det hovudstaden i Finland.
I byen finst det utruleg mange gamle og staselege bygg og mange attraksjonar for dei som er historisk interesserte, og for dei som er hagegale er det sjølvsagt med eit besøk i botanisk hage som ligg eit stykke utanfor byen. Der var eg sommaren 2008 (kansje eg skal lage eit innlegg med bilder derifrå og ).

I ein storbrann i byen i 1827 fekk store delar av byen omfattande skadar, deriblandt den staselege domkyrkja som då måtte gjennomgå omfattande restaurering.
Julafta kl.12.00 er det århundrer lang tradisjon (truleg frå den tid byen var hovudstad) at borgarmeisteren erklærer jula for offisielt opna frå domkyrkjetrappa. I tillegg til vakker korsong og eit militærorkester som spelte julesongar. Dette vart kringkasta på finsk TV og det var oppmøtt nokså mange tusen menneske på domkyrkjeplassen som overvar dette såg vi.
Hadde eg visst det skulle eg ha teke meg ein tur og fått opplevelsen med meg for det var ikkje meir enn ca 20 min å gå frå der vi budde.
Byen Turku/Åbo er delt i to av ei elv/kanal som er sjølve livsnreven i byen. Mykje av friarealet ligg langs denne kanalen og ein ser stadig massevis av folk som spaserer langs kanalen i allslags veir både sommar og vinter. Langs kanalen ligg det mange reataurantbåtar fortøygde ved kanalsidene og ein del av dei var i full drift no i jula og såg eg tiltross for at dei alle låg innefrosne.




Madammen var innom der sommaren 2008 ( den dagen eg var i botanisk hage) og der var det svært mykje å sjå for den som er historisk interessert. M.a foregår det utgravingar av den gamle byen under noverande gatenivå og publikum hadde adgang mens utgravingane foregår - det hadde vore spennande å fått med seg, men slik gjekk det ikkje.
Eg hadde også planer om å ta bilder av dei flotte, gamle 1 1/2 etg. husa som var mange stader i byen - dei fleste malte i rosa, grøn, blå og gule pastellfargar. Men så pådrog eg meg halsbetendelse på laurdagen då vi skulle på museet så eg måtte halde meg innendørs resten av tida der borte. Dei husa hadde ein spesiell apell til meg må eg seie dei såg så koselege ut.

For den som har lyst å være turist i Turku er det rikeleg muligheter med attraksjonar av både det eine og det andre m.a eit gamalt slott frå 1200-talet som vi enno ikkje har "gjett oss tid til" å sjå nærare på med vi er der, men det kjem nok fleire høver reiknar eg med.
Det går daglega båtruter til/frå Stockholm for dei som vil reise med eigen bil, sykkel eller bare vil følge båten. Dei som har teke den turen anbefalar reisa.
2 kommentarer:
ja du gjekk glipp av so mykje når du var i hagen der borte, vi gjekk no i den gamle byen og såg der den dagen..
Det slottet som er fra 1200-tallet, er det den som ligg nærheten av kaia-der du tar over me båten? sofall har eg og Lars vert der :p var ganske so fint, men vi skulle hatt litt bedre tida..
hadde vi vunne på tippinga so skulle vi tatt oss en tur til finland igjenn.. da hadde vi tatt ferja igjenn, Ja; det er ein UTRULI utsikt, med solnedgang/oppgang og mangen små øyer so langt du kan sjå :) du går glipp av so mykje når man tar flyet..
Fine "blå" vinterbilder" Hajal.
Sitter å tenker mens jeg leser inlegget ditt, på hvor lite en vet om Finland.
Ikke mye skolelærdom å få om det landet i 60/70 åra. Bastu, kalinka, vinterkrigen, og seinere i livet, Alvar Alto.
Skal tro om en ikke i nye skolebygg fra 50/60 åra, som jeg gikk på, det nye Norge, nok fant spor fra hans funksjonalisme.
Men bildene du viser oss, er vist fra en tid da funksjonalisme måtte vike for skjønnhet og storhet! Hovedstad må vite!
Veldig koselig å se at de tar vare på sine grønne lunger.
Vi venter på sommerbildene :-)
Legg inn en kommentar