torsdag 7. januar 2010

Jula i Turku (Åbo)

Som sikkert dei fleste veit tilbrakte madammen og eg jul- og nyttårshelga hos mellomste datter med familie i Turku (Åbo), Finland.
Vi kom heimatt på tysdag (5.01) og er no sånn nokonlunde komne på rett kjøl igjen etter reisinga.


Norsk/finsk juletre på den innebygde varandaen

Heile tida var det kuldegrader der og bortsett frå mandag og tysdag i romjula - mandag regna det og tysdagen var det våt snø som kom.
Det var ikkje meir enn 10-12 cm snø den tida vi var der men laurdag den 2. jan var det ned i -18 grader og det var kaldt.
Denne dagen skulle madammen og eg på museumsbesøk og eg pådrog meg halsonde og forkjølelse sjølv om eg tok alle forholdsreglar med hensyn til god påkledning og pusting gjennom eit tjukt ullsjal. Dessutan var museet stengt og opna ikkje før avreisedagen vår!

Skulle nok ha holdt meg innandørs den dagen ja !


Den store hendinga for familien denne jula var var vesle Solveig sin ankomst. Natt til søndag 27. desember kom ho til verda- stor og flott jente på 52 cm og 3735 gr.

Besta fekk være med på fødselen og stolt var ho nok då ho fekk klippe navlestrengen til den fyrste datterdattera.
Solveig og mamma kom heim frå sjukehuset allereide etter 1 1/2 døgn og gleda var stor i heimen både for far, besteforeldrer og ikkje minst storebror Mikael (20 mnd).


Ein stolt besten kosar seg med Solveig på sofaen ein av dei fyrste dagane.





Her er det Mikael og besten på sofaen ilag med Hoppsidaisy det er nok Drømmehagen på dvd som opptek Mikael og Hoppsidaisy.

Alle vennane i Drømmehagen er dei store heltane til Mikael for tida og til jul fekk han pakke ut Hinkelpinkel "i lys levane live" - det var bare å trykke på ein knapp så både prata og dansa han !



Han fekk også Hoppsidaisy og den vart sussa så ansiktet var heilt vått.



Ein dag vi var på byen fant vi også "Makkapakka" og kjøpte den til han - trur nok at Makkapakka er den han likar best av alle. (gløymde å ta bilde av Makkapakka)


Skal komme tilbake til meir bilder frå Turku i nytt innlegg seinare i bloggen.


7 kommentarer:

Silje Elin sa...

endelig fann eg bloggen din, da kan ikkje vere so vanskelig å finne min heller :p hihi (skal oppdatere den etter kvart)

det er no typpisk at museum og slike er stengt når dåkke er der.. det er slik de er :p ka museum va d da?

hajal. sa...

Det var oldsaksmuseet ved sidan av elva der mamma var innom i fjor sommar. Utgravingar foregår under gatenivå og er ope for publikum samtidig som utgravingane pågår. Det hadde vore utruleg interessant å fått med seg men....

anne - moseplassen sa...

Gratulerer med barnebarn da :D

Det juletreet var forøvrig brillefint, ikke noe strev med nåler av det nei ;)

solfrid sa...

Så koselige bestefarsbilder! Finland er et land jeg aldri har vært i, men har veldig lyst til å besøke. En kollega har jobbet og bodd der i noen år og trives veldig godt. Regner med at svensk og engelsk er vanlig, rent språkmessig.

Godt nytt år!

hajal. sa...

Yakk for det Anne.
Dette minijuletreet likte eg og, det virkelige juletreet deira gløymde eg å ta bilde av!!

Solfrid:
Dei fleste forstår engelsk ja, og i sørvest er det mange som snakkar og forstår svensk, men eigentleg var det lite vi høyrde til det svenske språket.

hajal. sa...

Anne:
Det skulle sjølvsagt stå Takk!

Harryford sa...

Solveig, fint navn - ei tulle med det navnet kan ikke bli annet en ordentlig solståle!

- og til sommeren kommer hun nok med sol til din drømmehage! Satser på at du er i farten igjen da!