onsdag 20. januar 2010

Elgen på Ål

Eg høyrde i radioen idag om ein episode på Eldresenteret på Ål i Hallingdal der ein elg sprang gjennom ei glasrute og inn på eit pasientrom der han tilslutt vart avliva .
Heilt sikkert eit stort sjokk både for elgen, bebuararne og dei tilsette.
Det "måtte" eg bare kommentere på min måte!

Her er heile historia frå Nrk Buskerud:

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/buskerud/1.6954378





Elgen på Ål



Det vart no vel noko til hending på Ål
då skogens konge sprang rett mot sitt mål
og gjennom den blanke ruta
så glassplint og rammeverk spruta.

Han hadde høyrt gjete at der var det flott,
å sleppe å fryse - det må være godt!
han hadde nok grunda på dette
om det var det einaste rette.

Han samla seg krefter og rennefart tok
og hamna til slutt bak ei dør i ein krok
der kunne han snart kjenne varmen,
men skjønte ikkje heilt seg på larmen.

Han høyrde det prata og dører som slo
men litt etter litt vart det stillhet og ro,
han saumfarte kvar ein tomme
på det nyokkuperte rommet.

Så brått opna døra seg sakte på glytt,
han stirra nyssgjerrig for dette var nytt
og då kom ein smell så det susa
og elgen seig saman og dusa.

Skal tru om den elgen får oppfølgt sin draum
om varme på kroppen av kommunal straum
og såleis på middagsfat hamne
for alle dei slitne og gamle ?

9 kommentarer:

janne sa...

hehehe, fantastisk bra vers!! :D

Anita sa...

Tøft! Du er en ekte rimsmed! Denne burde du få sendt inn til noen - Nitimen eller hva? :D

hajal. sa...

Tja, eg veit ikkje Anita det er vel ikkje SÅ spreke greier.... det er sånnt eg lagar av og til dersom det dukkar opp spesielle episodar. Dei fleste held eg for meg sjølv. ;)

Anita sa...

Fint at du deler den med oss, da! :D

Mariann S sa...

Flott dikt Hajal - hi hi.

sofie hjelseng sa...

hei!
Jeg syns at diktet ditt var veldig fint og artig, og at det til og med er på nynorsk er veldig morsomt for oss som til vanelig bare hører dikt på bokmål. Så jeg lurte på om jeg kunne få bruke på skolen. På steinerskolen har vi noe som er en blandng av dans og musikk som kalles eurytmi, det var til dette jeg lurte på om jeg kunne bruke diktet ditt. Jeg skal selvfølgelig oppgi hvor jeg fant diktet.
fra Sofie

hajal. sa...

Hei Sofie.
Kjekt at du likte diktet.
Du skal sjølvsagt få bruke diktet i skulen, fint at det kan brukast i den samanheng. :)

Tone sa...

Knakande dikt, pappa! Stå på! :)

Silje Elin sa...

knak du! XD mp skrive fleire slike! :)