I dag har eg sete og drøymt meg vekk i ymse linkar på nettet med Primula, Hepatica, Saxifraga, Anemonella og ymse anna og kjenner at lengselen mot vårteikn og vårlege aktivitetar vert meir og meir påtrengande. Då er det godt å ha både internett og eigne bileter å trøyste seg med.
I år vert det ikkje staudesåing på meg (trur eg). Eg har rikeleg med uprikla stauder i drivhuset og ute som eg ikkje fekk gjort i sommar av helsemessige årsaker. Desse håpar eg å klare å ta meg av når våren kjem.
Når det gjeld helsa er den ikkje betre, blodprøvane viser at boreliabakterien har byggt seg opp att med høge verdiar og dei kvite blodlegemene er under det nivået dei bør være så eg reiknar med at det snarleg vert ein ny kur for å prøve å ta knekken på styggedomen.
Energinivået er labert og dei andre symptoma har komme att med full tyngde så eg får no bare vente og sjå kva som skjer med vidare behandling osv.
Trasig er det å gå slik mnd. etter mnd., men som eg seier er det dei som har det verre!
Idag har eg lyst å vise fram nokre av dei Aurikkelbileta eg har (har sikkert vist nokre av dei før i bloggen min, men det er vel ei stund sidan så det kan takast att denne gongen og.
Mange av dei har eg sådd sjølv, nokre har eg fått frå andre hageeigarar i området her og nokre er bytteobjekt frå andre hagegale venner som meg rundt om i landet.
Eg prøvar å så så tynt at eg kan la dei få 2-3 blad før eg priklar dei, men dei kan sjølvsagt priklast tidlegare og, men ein må være varsam så ein ikkje skadar dei. Det er lett å rive dei sund dersom ein ikkje løyser dei godt nedanfrå under prikling, og då er det lett å få soppangrep i såra. Om så skjer dusjar eg dei med ei oppløysing av Atamon som ein får i daglegvarehandelen.
Ofte sår eg i jordbærkorger for at dei skal få god plass. Eg priklar også i jordbærkorger, dei syns eg er praktiske å arbeide med.
Mange av auriklane har ei utsøkt god duft under blomstring og eg syns særleg mange av dei gule luktar særs godt. Korleis det var med denne varianten hugsar eg ikkje nett no.
Dei to siste eg har bilete av idag er frå Show-aurikkelfrø eg har kjøpt frå det franske firmaet BARNHAVEN. Dei har frø av mange lekre auriklar og andre Primula artar og vel verdt å ta seg tid å besøke på nettet for Primulaelskarar.
Mange andre stadar og er det råd å få tak i aurikkefrø og for dei som er ekstra interesserte i auriklar og andre Primula artar er Dansk Primula Klub ein fin plass å teikne medlemskap og knytte kontakt med likesinna.
No står fleire av dei med knoppar og om nokre veker vil dei syne kva dei gøymer på - eg gled meg stort til dei viser farge!
Den siste her var eg ekstra stolt over å ha fått fram. Grøn, brun og gul med rikeleg melering ( (det kvite "mjølet") på blomst og stilk.
Så håpar eg at min vesle presentasjon av auriklar har sett litt vibrasjonar igang hos andre og som ventar på vårteikn og blømande tider igjen om nokre få månader.