mandag 8. desember 2008

SÅSEONGEN ER I GANG

Då har eg starta såsesongen 2009.
I dag tok eg mot til meg og sådde ein del staudefrø som skal stå ute i vekslande vinterveir og godgjere seg før spiring. 48 forskjellige artar kom i jorda idag så det er no ein pen start det ja !
Eg får lage eit eige innlegg med namn der eg kan følge opp med spiredato osv. utover våren og sommaren.

Ellers har no heldigvis helsa ret
ta seg, hofta er igjen i gjenge håpar eg, så i morgon er det jobb igjen.
Fredag kappa eg dei trestammane eg hadde drege heim og var klar, og laurdag kløyvde eg dei og stabla midlertidig ute. Der får dei stå til det er ledig plass i vedahuset til "varig" oppbevaring under tak. Godt å ta det etterkvart.

Den veka som gjekk har det halde seg vinterleg, men natt til idag regna det kraftig ei stund og det kom over 48 mm iløpet av nokre få timar. Snøen som låg forsvant, men på morgonkvisten kom det ei kraftig snøbyge som la kvitt igjen. Seinare gjekk det over i sludd og regn, fortsatt er det kvitt ute.

I går skreiv eg julebrev til slektningar på andre sida av "dammen", kjekt å ha kontakt med den delen av slekta, eller rettare sagt etterkommarar av dei som eingong valde å prøve å skaffe seg levebrød i "den nye verda" over there !
Medan eg skreiv julebrev som skulle sendast fant madammen ut at vi skulle sjå om vi fant dei på Facebook ! Vi fant mange med det aktuelle namnet som budde i Canada og tok sjangsen på ei som vi syntes kunne passe og skreiv melding med forespørsel og det var full klaff ! Rette folka og stor glede på begge sider av Atlanteren. Og gjett kva dei styrte med på ein søndagsføremiddag (blei det vel der borte) ?
Jau dei sat og skreiv julebrev som skulle til Norge... artig samantreff syns eg !

Dagen vart ellers brukt mykje til googling i planteverdenen. Ei lang frøliste frå Euroseed med masse spennande plantar -særleg alpinplantar vart gjennomgått og eg fekk lagd meg ei liste over prioriterte som eg skal sende nedover bare eg finn ut korleis eg skal sende betalinga.... det var ikkje bare, bare......

Dagen idag har eg forutan å så staudefrø vore mykje oppteken over grublerier over hagegal sin julekalendertråd, men idag gjorde eg visst meir ugangn enn gagn i forsøket på å finne løysinga.. (hi hi ..) men løysinga kom i hamn tilslutt likevel. Randi M er bare fantastisk flink å løyse oppgåver ! GRATULERER !!

Ugle bildet trur eg at eg må dedikere Randi i dag !
Den vesle porselensugla kjøpte eg i Turku då vi var der i sommar. Ei slik hadde eg lett etter eit par år utan å finne ei som passa i holet i vedkubben.
Den står på murkanten ved inngangsdøra vår som ei lita helsing til alle som kjem og går !

Ha ein fin mandagskveld alle saman !

5 kommentarer:

Harryford sa...

Kveld har nå blitt morgen og de som har helse og jobb er vel i full sving!;-)

Ja ja, godt å hører at hofta er "på plass" igjen! Det er da nok annet å drive med frem til jul, om en ikke skal styre med kroppen og!!!

Såmannsdagen kom tidlig i år - ja 2009 altså! ;-) Mine ligger nå klar på gulvet, du vet du fikk spora meg på så - det blir såing!

Pussig det med amerikafolket og facebook, og at de satt og skreiv julebrev samtidig. Det sies at det stundom føles at en tenker på hverandre! Hmmmm!

ja ja, nå er familen sendt ut i verden, og jeg får begynne å bære gamle glassruter fra garsjen og til "materialbua" Det er ruter til det neste, altså etter det første - drivhuset! Det var vel glass-klart!!!

Uhhu og ha en fin dag!

Anonym sa...

STOR slengkyss til deg. Flott ugle. Nesten til å fryse på ryggen av at du valgte ei ugle. Jeg samler nemlig på ugler som jeg kjøper når vi er utenlands.

hajal. sa...

Harryford:
Det er vel slik med oss såmenn (eller kansje eg skulle ha skreve såfolk !) som med idrettsfolka at vi reiknar året i seong istaden for kalenderår( blir det "såsong" kansje ?). Altså dei skal såast no og spire til våren altså sesongen 2009 !

Kjekt å sjå at du og er med i 2009 "såsongen"

Når det gjeld hofta er den på plass og det seier den frå at den er, så eg prøvar å vere litt forsiktig i min gjøren og laden... håpar den held ut sesongen ( ei veke til i arbeid så juleferie.)

Det med drivhuset står heilt klart føre meg !

Anonym : (reiknar med at det er Randi M)
Ja men det kunne no ikkje ha passa betre det då, ugler er flotte !

elle-melle sa...

Den ugla så jo ut som den hadde funnet seg godt til rette i stubben din. Artig å bli møtt med en slik en.

hajal. sa...

Ja eg syns ugla er koseleg den !