fredag 5. desember 2008

Juletremerking



Idag har eg vore til skogs for å merke juletre i tilfell det vert så mykje snø at det vert vanskelig å ta ut eit brukande juletre når den tid kjem . Dette er noko eg plar gjere tidlegare på hausten, men i år har det ikkje blitt gjort tidlegare.
Det er vinterlig her hos oss no men nokre få cm snø og passeleg kaldt. Varierar frå rundt null til eit par kuldegrader.Vi har fleire skog teigar som høyrer til garden, i eit par av dei har vi planta gran så vi er sjølvforsynte med julegran iallefall inntil vidare. Vi skulle nok ha planta meir no slik at vi har høvelege juletre om 7-8 år og utover, då er nok dei vi no høgg på for store.

Eg fant eit tre til slutt som eg vart fornøgd med, i år må vi ha eit som ikkje tek for stor plass for i år blir vi forhåpentligvis mange som skal dele på plassen i stova i jula.Vanlegvis er eg nokså nøye på kva eg tek med meg heimatt frå skogen som juletre og likar dei fyldige og tette - i år måtte eg finne eit smalt eit. Det vert nok bra når vi får pynta det likevel !


Etter at treet var merka med gul plastsløyfe var det tid for å nyte utsikta mot bygda og innover fjorden.
Flott er det med vinterbilder sjølv om eg ikkje likar vinteren og kulden. Seinare på dagen kappa eg ved som skal kløyvast når eg får høve til det, likegreit å kappe og kløyve og få i hus etterkvart som det vert ledig plass i vedskylet såer det gjort og ein slepp å kløyve all veden på ein gong.



I går var eg på Eid på handlerunde og då traff eg Elsa som var på Nordfjordtur, det var koselig og overraskande å treffe hagegale frå nabofylket.



Eg skulle ha starta med frøsåinga og - har liggande ein god del staudefrø som skal såast, men har gløymt å ta inn sand så den er botnfrosen og eg må vente på mildveir, noko som visstnok bare er to dagar unna så då vert det nok staudesåing på mandag.
Eg får bruke helga til gravering av merkelappar.

No har eg fått med meg dagens episode med "The Julekalender" og; bob, bob, bob - ikkje sant ?

Ha ei god helg alle saman !

9 kommentarer:

Mario`s Verden sa...

God helg til deg!
Fine bilde fra hjembygda di.
Jeg er oppvokst med juletrehenting i skogen.
Koslig å labbe rundt å finne det peneste treet.
Men som ble kompromiss noen ganger når det gjalt det perfekte juletreet.hehe
Lykke til med såingen av staudefrø!

hajal. sa...

Takk for det Mario !
Dattera vår i Finland som kjem med gamilien sin den 15. har tinga på å få vere med å hogge juletreet, så det vert koselig.

Bjørg 47 sa...

Flotte bilder . Ha en riktig god adventshelg.

Mariann S sa...

Kor heldige du e so kan finne og hente juletre i eigen skog :-)
Flott utsikt innover fjorden.
Ha ein fin helg.

Unknown sa...

Oj så flotte bilder!
Vi hadde mange smågraner her på tomta, så vi hadde gratis juletre i hvertfall 4 år. Men så ble de andre for store.
Så i år blir det å kjøpe ja.

hajal. sa...

Ja det er problemet her og, når dei fyrst legg i veg med veksten, veks dei altfor fort og blir ikkje så fyldige og fine som ein gjerne vi ha juletreet. Hadde vel kunn egjort mykje med klipping og stell, men det blir ikkje til at ein prioriterar.

elle-melle sa...

Så flott å kunne gå i egen skog og hogge seg et juletre!
Nydelige vinterbilder har du også.

Anonym sa...

Ja, sjå der er treet som vi skal hogge! Vi gler oss! :)

hajal. sa...

Ja det er best å merke det, ein veit jo aldri kor mykje snø det vert (om det vert snø då) oppunder jul.
No veit vi iallefall kva vi skal hogge enten det vert snø eller ikkje ......