mandag 2. april 2012

Etter at vi torsdags kveld om heimatt frå ein 7 dagars tur på besøk hos dattera vår i Charlottenberg i Sverige der vi hadde eit strålande veir nesten heile tida kom vi heim til grønt gras og blomstrande hage - alle bilda er tekne fredag 30. mars så nær som det siste som eg tok i dag tidleg.

Ribes atrosanguineum - blodrips er snart klar til å sprette ut

Påskeliljene er i full blomst

Denticulaten får representere Primulane denne gongen

Cypripedium er godt på veg, håpar det vert blomstring denne sommaren

Peonane var på full fart opp gjennom baret som eg la på ved juletider for at ikkje komposten eg fylte på ikkje skulle bli skylt vekk iløpet av vinteren og det trur eg var lurt etter alt regnet vi har hatt og mange omgangar med svært kraftig regn.

Den fylte soleihoven er klar til å springe ut om ikkje lang tid

Ei av dei store gruppene med Dryopteris filix-mas - Ormeteglsbregne som eg har i hagen. Syns dei er fine eg, både i kvilande tilstand og når dei veks til.

Meconopsis betonicifolia 'Lingholm* har klart vinteren og er i fin utvikling

Men så kom tilbakeslaget, idag - 2.april har vi 20 cm snø og istappar frå taket....
Får håpe det er dei siste krampetrekningane denne vinteren, men det forundrar meg ikkje om vi får smake på vinteren fleire gongar..... mor natur kan være lunefull!

6 kommentarer:

Rita Hogefeld sa...

Herremin så vårlige du har det. Med min over halvmeteren med snø på plenen enda er jeg slett ikke misunnelig. Neida......ikke i det hele tatt......

Aina Strand sa...

Den historien der kunne handlet om min hage og... en meter snø no, og det stopper ikke...
Men våren kommer vel for å bli til slutt :-)

Mariann sa...

Her var det et tynt lag snø i dag tidlig. Men det har vært sol mellom snøbygene, så det meste er borte nå.
Hos deg var det blitt veldig vårlig og grønt før snøen kom. Vi får håpe det snart blir mildere igjen, men april kan jo by på det meste.

krepsemor sa...

Flotte bilder av spennende planter i hagen din! Vi får krysse fingrene for at de dukker opp like fine når snøen smelter! Og snøen smelter, den! Jeg tenker at om en uke er alt borte igjen :) Vi må tro på det, Harald!
Fortsatt god påske!

Eivind Førde sa...

Veit du kva Cypripedium du har? Eg har planta ein del av dei, men er spent på korleis dei har klart vinteren. Har dessverre ikkje fått vore i Bremanger så mykje som eg ville i det siste.

hajal. sa...

Den eine skal være enten 'Gisela' eller 'Caleolus', ein står det bare Cypripedium på og så har eg ein der står C. x hybrida på, men den har ikkje vist seg enno så eg misstenkjer at den har sagt takk for seg etter denne våte vinteren. Men etter det er har høyrt frå andre hender det at Cypripedium kan holde seg skjult ein sesong eller to for så å dukke opp at seinare....