lørdag 21. april 2012

Vårblomstring på Nordåker

Eg merkar at er skikkelig dårleg på å oppgradere bloggen min... no får eg ta eit tak idag å presentere nokre bilder frå hagen og noko av det som blomstrar akkurat no.
Mange PRIMULA er typisk vårblomst  og eg har fleire artar i blomst no framover og fleire kjem det etterkvart.

Til høgre er det Primula x pruhonicensis'Wanda' som er ein av dei sikraste og mest blomsterrike i min hage. Den set pris på omplanting år om anna og jamn tilgang på næring og fuktighet i jorda.

Primula elatior var mayerii er ein annan tidleg og flott vårblomstrande som har lang blomstringstid og som gjerne kjem att med blomstring seinare i sesongen og, særleg på seinhausten.
Denne var faktisk i blomst med nokre få opne blomster rundt juletider også.
 Denne Primulaen har eg gløymt namnet på. Namneskiltet er vekk og, men flott er den uansett.

 Fylt Soleihov - Caltha palustris 'Multiplex' trivst godt i fuktig og humusrik jord



Under ser vi Primula rosea 'Gigas'  ein bytteplante eg har fått for eit par år sidan. Veldig flott liten Primula.
 Pionbedet mitt ser det svært lovande ut. Alle Peonane kjem att i år, og mange av dei har lagt godt på seg siste sesongen





 Trepionen min skyt rikt frå basis i tillegg til at det som er over bakken ser ut til å ha klart seg fint denne vinteren og. Eg var redd det kansje hadde vore for vått i vinter med alt det regnet vi har hatt så det var ein gledeleg overraskelse.

 Scilla siberica eller Othocallis siberica
  som den skal heite no, sår seg svært villig og kan nokså raskt bli til store matter med lysande blå blomster. Nydelege er dei når dei står i blomst og dei har lag å dukke opp både her og der i hagen, truleg er det mauren som syter for å spre frøa rundt ikring.


Blomstrande rips - Ribes sanguineum blomstrar ilag med Pulmonaria angustifolia. Humlene er like glade i begge to og vitjar dei jamt på fine varme vårdagar.


Kusymra - Primula vulgaris veks vill i kystnære strøk. Eg har "importert" den til hagen min der den ser ut til å trivast godt, ialle fall blomstrar den villig nett no.

 
Av og til finn eg forskjellig i hagen når eg grev i jorda. I går fant eg ei lommebok som har lege ca 1 meter ned i jorda i +/- 40 år vil eg tru. Dessverre følgde det ikkje rikdom med den i form av klingande mynt eller sedlar... det hadde gjort seg det! 







Då ynskjer eg alle ei god helg både til dei som skal grave i hagen og til dei som vel andre fritidssyslar eller har helgevakt i jobben.

7 kommentarer:

Unknown sa...

Ja Primula elatior, som jeg fikk frø av deg av, for mange år siden, har formert seg til mange flotte planter. Og en god del av de måtte jo bli med til nyhuset. SÅ nå står de der med knopper. Hajalprimula kaller jeg de bare. Hehe,

hajal. sa...

Hihi... tenk eg har fått meg Primula med eige namn "Hajalprimula" ...... fint namn det Lotte! ;)
Primula elatior er flotte og blomsterrike plantar. Eg hadde veldig mykje av dei tidlegare i mange fargevariantar, men for eit par vintrar sidan vart bestanden sterkt redusert iløpet av vinteren. I fjor sådde eg imidlertid nye ut på seinsommaren/hausten og har no ei heil potte med småplantar som skulle ha vore prikla, potta og utplanta denne sommaren. Lyt nok ta meg på tak å få gjort det før småplantane vert for store og samanfiltra.

Rita Hogefeld sa...

Så mye flott blomstring det er hos deg nå. Bittelitt misunnelig.......jeg skal på skitur i morgen, jeg :)

hajal. sa...

Rita: Dette langstrakte landet vårt byr på variasjonar ja. Men når våren fyrst kjem hos dåkke skjer det så mykje på ein gang og vips så har dåkke nått oss att i utvikling og vel så det. Eg harinntrykk av at nord-norske hagar kan være minst like frodige som her sør.
I allefall ha ein fin skitur - i løpet av turen har dåkke komme eit steg nærare våren hos dåkke også! ;)

Turid sa...

Mye vakkert som vokser hos deg. Henger meg på den: ørlitt misunnelig. Men når jeg ser været nå, kan det tyde å at i dag er den store første utehagedagen :))
Ha en flott søndag.

Elisa sa...

Eg har blitt så glad i blodrips! No har den sprunge ut hos oss også. Lenge sidan eg har vore innom deg no, men det er alltid kjekt å sjå kva fint du har!

hajal. sa...

Tua: Her sluddar det kraftig idag (28. apr.) så vi kan ikkje være trygge for etter slep av vinterleg veir enno, men vi får håpe det beste. :)

Elisa: Blodrips er ein av dei buskene eg hugsa vi hadde i tunet heime då eg var smågut. Den vil alltid ha ein ekstra plass hos meg. ;)