tirsdag 28. februar 2012

Eit streif av vår.

"

Idag har våren vore på besøk her i bakkane, retteleg flott var det idag med fleire timar solskin, 7-8 plussgrader og fuglekvitr i busk og kratt så det var ein fornøyelse å være ute og plukke kvist og putle på ei stund. No har eg fått rydda ihop all kvisten på den nye stykket. Foreløbig ligg den i tre store dungar men planen er at eg skal få malt opp ein del av det på kompostkverna litt etter litt og bruke det i gangane, som strø i komposthaugen og som toppdekke i enkelte bed. Vi får sjå kva som skjer og ta ein dag i gongen.



Idag var det fyrste dagen krokusane opna seg i 2012 - "rekordtidleg" 28. februar.
Både den gule Crocus chrysanthus 'Saturnus' (bilde øverst på sida) og bildet under som viser den same for nokre dagar sidan då den stod i knopp og bare venta på at sola skulle varme den opp så den kunne falde ut begerblada i all si prakt.
- Den lys blå krokusen over trur eg heiter 'Blue Pearl' om eg ikkje tek feil - også den er nydelig.



At blåveisen også opna sin fyrste blomst idag hadde nesten gått meg forbi, så eg måtte til med ei ekstra fotorunde for å få vise fram "det store under" - den fyrste blåveisen!


Snøklokkene har alt blomstra ein heil månad no, i vekslande kår. Av og til frost og snø, men dagar som idag struttar dei av livsglede - her eit bilde frå 17. februar.


Så vil eg presentere nokre bilder frå det nye stykket vårt

Her står eg i nederste del av det som er vår opphavelege eigedom, vi ser murkanten som markerer grensa mellom vår hage og naboeigedomen. Her stod det tidlegare eit gjerde som eg har fjerna. Ein heil del småtre og kratt er fjerna og no har eg plukka kvist og raka så det ser ryddig ut. Vi skimtar også ein bit av den kommunale vegen som går nedanfor som inndirekte er årsaka til at vi skal overta det mellomliggande arealet.

På bildet over ser vi samme arealet frå den andre kanten.......

Så snur eg meg 180 gr. (mot nord) og tek bilde den andre vegen, mot uthuset og drivhuset. Om nokre veker vert bakkane der fulle av kvitveis....
På arealet nedanfor uthuset/drivhuset er det jamnare terreng så om eg får rydda det for busk og kratt og reparere ei dreneringsgrøft er plana at det skal plantast frukttre der. Det arealet kan slåast med plenklippar når det vert rydda.


Også ein liten bekk renn under vårt opphavelege areal, men på nedsida - på det nye stykke er der open bekk som eg ser for meg at eg ein gong i tida kan få gjort litt meir ut av....
Godt å ha planer, men det er lang veg frå planer til å sette det ut i livet i praksis.

6 kommentarer:

Ranten sa...

Slått på målstreken ser jeg :)Vi henger litt etter men kommer nok sterkt etter hvert! Koselig vårbilder :)
Marit

Ingrid E 's hage 630 moh sa...

Det gjer seg med slike fargeklattar i alt det gråe :)
Skal vestover tiol helga, og er veldig spent på hvor langt det er kommet der....

Mariann sa...

Krokus allerede, det var tidlig!
Så flott du har ryddet på det nye stykket. Riktig fint var det blitt, der har du mange muligheter.

gerdh sa...

Å! Nå tror jeg på våren! Takk for fin inspirasjon!

Eivind Førde sa...

Gjer du noko spesielt for å få Blåveisen til å trivast? Mine overlever somregel ikkje vinteren eingong. Stiller dei spesielle krav? Blir forresten spennande å se kva du får ut av det nye hageområdet ditt!

hajal. sa...

Hei Eivind.
Den vanlege blåveisen likar kalkhaldig jord så eg brukar vanlegvis litt skjellsand i planteholet ved planting. Dessutan vil den ha det bra drenert samtidig som jorda må ha eigenskapen å halde godt på fuktigheta, evt. ha jamn tilgang på fuktighet. Når det gjeld lysforhold likar den best halvskugge så plassering ein stad der den får skugge frå tre/busker den varmaste tida på dagen er gunstig.