torsdag 2. februar 2012

Kyndelsmesse - Soldagen som vart sådag





Du store mi tid kor lenge det er sidan eg har skrive noko i bloggen min.... jaja, det står då til liv her óg sjølv om aktiviteten ikkje akkurat er på topp.

Idag 2. februar er det kyndelsmesse etter gamal tidsreikning, og den dagen er fyrste dagen vi skal ha sola inn stoveglaset her på Nordåker, men kva skjer? Jau, etter mange flotte og klåre dagar i det siste fant overgartnaren det for godt å la det lave ned med snø. Eller rettare sagt drive, for snøen kjem for det meste sidelengs, legg seg på eine sida av treleggen og den andre sida er mørk og rein.

Idag tidlleg var hagen min arena for eit hyggjeleg treff - 10 svarttraster såg eg på bakken samtidig som tok føre seg av litt brød og matrestar eg hadde lagt frå meg til trastene. Så mange traster på ein gong kan eg ikkje hugse å ha samla samtidig og det var svært gledeleg. Svarttrasta er nemleg den fuglen eg set mest pris på av alle pga. den vakre songen. Tok bileter, men det var ikkje mulig å få alle ti i fokus samtidig så eg får klare meg med nokre av dei samla.
Eg gled meg iallefall til ut i mars når songen frå trasta atter tonar morgon og kveld.



Så lyst på vår fekk eg i dag at eg tok fram kaktusfrøa mine og sådde dei. ;)

For mange år sidan hadde eg ei forholdsvis stor samling kaktus, ca 200 etter det eg hugsar, men av forskjellig årsaker vart den hobbyen avslutta og alle (nesten alle) kaktusane "gjekk på dungen" for ca 20 år sidan. :(

- Etter som tida har gått har angeren teke meg og bare vorte sterkare med åra, og etter "massiv påverknad" har eg no teke steget og kjøpt meg kaktusfrø og startar oppatt!!!! :D

No angrar eg veldig på at eg den gong selde det flotte kaktusleksikonet mitt - på størrelse og tjukkelse med ein 1600-tals bibel.
Den inneholdt beskrivelse av ca 4000 forskjellige artar ( om eg ikkje hugsar feil), der var det også utruleg mange flotte bileter både av kaktus i kultur og i naturen og ikkje minst synonym til dei forskjellige artane. Kaktusfamilien har som mange andre plantefamiliar vore omrokkert mange gongar og artar flytta frå eine slekta til den andre, oppdelt og flytta fram og tilbake så det kan være nokså forvirrande av og til å halde rede på kva som er same arten å ikkje - ikkje minst i det ein finn på nettet.

Det er slektene Notocactus, Ferocactus og Parodia eg har skaffa meg frø av i år.
25 forskjellige av desse tre kaktusslektene fekk eg tak i frå Kakteen-Haage i Tyskland - eit gamalt og velrenomert kaktusfirma som har vore i drift sidan 1685.
Eg vart litt overraska då eg fekk varsel om at eg hadde betalt inn for lite, men årsaka var at eg måtte ha Phytosanitær-sertifikat noko eg ikkje trudde var nødvendig med kaktusfrø.

Notocactus og Ferocactus har ofte svært vakre tornar i fine fargenyansar, medan Parodia er ein av dei som er lettast å få i blomst. Ikkje det at Notocactus og Ferocactus er vanskelege å få i blomst heller med rett stell, men det kan variere litt frå art til art.



Etter råd frå ein erfaren kaktussamlar eg har kontakt med, sådde eg frøa i barnematglas.
Eg har brukt ei toppa spiseskei med såjord iblanda litt ekstra olivinsand med ei teskei ekstra olivinsand på toppen. Deretter dusja eg lett og sette lokk på glasa.




Dei eg ikkje har lokk til brukar eg "gladpack plast" så held det seg fuktig til frøa har spirt og hugsar eg ikkje feil spirer dei fleste kaktusfrøa innan få dagar . Vert det for fuktig i kammeret er det bare å ta av lokket ei stund og la den overflødige fuktigheta dampe vekk.





Då er det bare å vente på spiring. - Kikke, glytte og sjå kva art som vert den fyrste til å vise seg på overflata i form av ein liten grøn spire som ser ut som ein Y.
Sidan kjem det små, lyse børster som utviklar seg til torner med tida. Kaktus er ein spennande plantefamilie og mykje meir variabel enn det dei fleste trur som ikkje har stifta nærare bekjentskap anna enn med dei som vert tilbydde no og då i blomsterbutikkar og daglegvarehandelen.

Så til slutt må eg takke den som har sponsa meg med barnematglas. Kjekt å ha familie med småbarn som kan gje ei hjelpande hand når "gamleonkelen" får så-ånda over seg og treng ekstrautsyr! :D

Hehe... måtte le då eg henta posen med barnematglas.
- Eg hadde ikkje fortalt kva eg skulle bruke dei til, bare spurt om ho kunne ta vare på ca 20 glas for meg. Då eg fekk posen spurte ho om eg skulle bruke dei til å så i.... - Jau, eg måtte medgje at det var eit såprosjekt på gang... " Tenkte eg det ikkje!" repliserte ho....

Hihi skal seie dei kjenne meg godt.... ja kva ellers skulle eg ha brukt dei til ...? ;)

4 kommentarer:

New Dawn sa...

Kjekt å sjå at du og bløggen er oppe og gjeng igjen. Gler meg til å sjå utviklinga i barnematen :-)
Husk å ta bilde så etterkvart så eg får sjå.
Lykke til!

hajal. sa...

Takk for det! -Ja eg må nok ta meg i nakkeskinnet og følge opp såprosjektet denne gongen! ;)

Unknown sa...

Hi, nice blog & good post. You have beautifully maintained it, you must try Travelling to India this website which really helps to increase your traffic.

hope u have a wonderful day & awaiting for more new post. Keep Blogging!

Thanks By:-

Travelling to India
Kashmir Holiday Packages
Kerala Vacation Packages
Travel Agency in India

Unknown sa...

Hello,
Your blog is Very useful.I Like Very Much.
Rajasthan Holiday Tours