fredag 29. april 2011

Dufta av nyslega plen...

Idag har eg slege plenen for fyrste gong i år ... å så godt det luktar av nyslege gras og etter den fyrste slåtten er alltid lukta av nyslege plengras den aller beste. Dertil vinsten ved at hagen med eitt ser meir velstelt ut når plenen er klipt (Sjølv om langt ifrå alt er på stell ellers i hagen)!
Ei anna lukt som brer seg er pinsliljene som har slått ut i full blomst iløpet av dagen, ikkje rart så varmt og drivande det er i veiret no om dagen.

Ellers blomstrar mangt og mykje no etterkvart. M.a. Himalayfotblada (Podophyllum), den fylte Soleihoven (Caltha palustris 'Multiplex), Blodrota (Sanguinaria) Tulipa urumiensis, Muscari og mange sortar Narcissar m.m. , men meste stolt er eg av Fritillariaen på bildet under - sådd hausten 2007 og planta under svarthyllen som gjer at den har det nokså tørt etter at lauvet er komme på hyllen, det trur eg er eit lurt trekk samt rikeleg med næring frå tidleg vår. Eg hadde ikkje venta at den skulle komme i blomst enno. Eg har også to andre Fritillaria som står med knoppar frå same årgang.


Ellers blomstrar fleire av auriklane mine og under er nokre av dei som no er i blomst. Det som er mindre kjekt i år når det gjeld auriklar er at "barnehagebedet" der eg hadde alle frøplantane som eg sette ut er herpa av hjorten i løpet av hausten og vinteren. Berre nokre er att der dei var planta resten et borte vekk eller eg finn ein og annan hist og her med inntørka røter på stadar dei "ikkje høyrer heime".



Dei siste dagane har eg omgjort "øvre morelltrebed" til blåveisbed og fått planta ut ein del blåveisplantar som var frøplantar i fjor og året før. Også orkideane Cypripedium og Brudespore (Gymnadenia) har fått plass i det bedet, kalkelskarar som dei er.

Ellers er tida for alt som har overvintra inne som skal ut i friluft igjen. m.a har Apeskrekkplantane mine klart vinteren fint, men må belage seg på fleire år enno i potter før dei er store nok til utplanting på det nye stykket vårt som foreløbig er fullt av kratt av hatl, hegg, lønn, or, bjørk og spisslønn (huff, der har eg ein langvarig og stor jobb å gjære og med min innsats for tida er eg redd det kan ta laaang tid å få rydda området)
Akkurat no er det store kvite tepper av kvitveis på det stykket. Her eit bilde frå nokre dagar sidan.På innefronten vil eg vise fram den flotte Cliviaen min som eg fekk av ein slektning for nokre år sidan. Tidlegare i vår var det masse blomster på den, men kom eg ihug å ta bilder av den då ...?
No kom den med eit lite etterflor og då nytta eg høve til eit bilde av den.


Med dette vil eg ynskje alle ei god helg! :)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Så leit med aurikler på avveie. Min første hjemmesådde Show aurikel åpner seg i morgen, bestilt og sådd etter en titt i din blogg i fjor vinter ;)Jeg tror kanskje jeg har mistet podophyllumene mine, men mulig de bare er seine. I såfall er det vel nesten det eneste som har bukka under for kulda i vinter så man kan vel ikke klage!
ha en fin kveld, Line

krepsemor sa...

Så hyggelig med blomstring på Frittilaria, selvsådd også! Trikset er nok å la de få de forhold som er optimale. Jeg har nok litt å lære der!
Så synd med barnehagebedet ditt! Selv har jeg to pallekarmer der alle mine staudebarn tilbringer tiden til de blir store nok til å plantes ut i bedene. Og jeg har hønsenetting spikret over! Tar ingen sjanser med hjorten luskende rundt her!

Mariann S sa...

Trist med auriklane dine :(( Håpe dei er ekstra fine dei som er igjen :) Eg fikk nokre hos deg i fjor, og er veldig spent på dei når dei når dei begynner å sprette ut :) Ei utrulig herlig tid dette her. Våren er faktisk bedre enn sommaren og hausten til sammen :)

RandiF sa...

Her har forholdsvis mykje forsvunne denne vinteren, ikkje ofte vi opplever sånt svinn. Til og med druestiklingane eg fekk av deg, trudde dei var herdige? Men det er ikkje liv i dei....:-((

hajal. sa...

Randi:
Det var synd med druestiklingane dine som ikkje klarte vinteren. Eg har mista mykje og, særleg slikt som vart potta litt ut i sesongen. Drueplantane mine er like fine og dei fyrste blomsterklasane har begynt å vise seg.
Er du interessert i nye drueplantar ?