onsdag 23. mars 2011

Våren er på veg

Den eldste blåveistua mi av vanleg blåveis Hepatica nobilis har mange knoppar som no kjem litt etterkvart.


Etter å ha vore vekkreiste nokre veker i anledning nytt barnebarn som kom til verda i Valdres. - (ein staut og flott gut) kom vi heimatt til nesten bar mark forrige torsdag og nokre dagar etter var heile hagen snøfri. Snøklokkene stod i fint flor og både det som er gledeleg å sjå og det ein helst ville sleppe å sjå (alt som skal ryddast vekk i beda) kom til synes.

Fredag fekk eg meg ei fin økt og rydda vekk i Peonbedet, der store, svulmande raude knoppar bryt seg opp til lyset og bare ventar på sol og varme.....
Ekstra gledeleg var det óg at trepionen har overlevd denne svært kalde vinteren, som vart innleia med fire veker hard barfrost før snøen kom, står frisk og fin klar til ny dyst. Den MÅ flyttast til ein varig plass denne våren - eg må bare finne ut kvar fyrst...

Vi har hatt to svært så nedbørsrike dagar her i vest no noko dei fleste sikkert har sett i nyhetene, men i går var det lange periodar med opphald og då såg eg meg snitt til å ta med fotoapparatet for å knipse bilder av blåveistuene mine som no står med store knoppar.
Litt sol og varme no så står dei i fullt flor.


Dei ungarske blåveisane er to år gamle i hagen min og her er den fyrste blomstrknoppen i år av den rosa utgåva.

Her er det den kvite sorten ' Weinreichs Weize' som kjem med fleire knoppar.



Her den lyseblå sorten 'Weinreichs Blaue'
- Hjortane som har hatt tilhald her om natta mykje av hausten og vinteren har takka for opphaldet ved å legge att "gjødselkuler" - greit nok, men eg er ikkje verre enn at eg hadde klart å gjødsle beda mine sjølv dersom dei holdt seg i skogen der dei høyrer heime!



Til slutt sorten 'Konny Greenfield' - ein nydeleg flott utgåve av Ungarsk blåveis som eg gled meg til skal openbare seg.

No gjeld det bare at det som er att av vinter ( for den kjem nok heilt sikkert igjen både ein og fleire gongar før han må gje seg) ikkje vert av slikt slag at den gjer skade på dei flotte knoppane som gøymer på så mykje visuell glede.

7 kommentarer:

Kristin Aurdal sa...

Så deilig at våren er på vei hos deg, her holder vi på å blåse vekk, og regnet har drevet sidelengs i hele dag så jeg har ikke orket å inspiset hagen etter at snøen reiste.
Jeg gleder meg til å se de ferdig utsprunget, du må huske å ta bilder som du kan vise oss.

hajal. sa...

Her og har det vore vindfullt og svært mykje regn dei siste dagane, men eg passa på å smette ut mellom bygene slik at eg fekk teke bilder
av vårens fysrte.
Bilder av blåveis i blomst kjem! ;)

Mia sa...

Några bakslag får man alltid räkna med även om det är trist. Det brukar som regel gå bra ju. Men vad ljuvligt det måste vara att gå runt och finna tillbaka till alla gamla kära plantor :)

krepsemor sa...

Det er like givende hver vår når vi ser at "gamle kjenninger" er på vei opp i lyset! Dette er den beste tiden på året, syns jeg! Jeg kunne også tenkt meg en blåveistue i hagen. Hvor får jeg tak i?
Hjorten er ofte på besøk her hos oss også. Skulle nok hatt et høyt gjerde for å holde den unna hagen!

hajal. sa...

Krepsemor:
Så avgjort beste tida på året frå no og til slutten av mai!
Enkelte gartnei og hagesenter har av og til blåveis for salg så du får ha augene opne. Eg har nokre frøplantar som var prikla i fjor sommar så dersom du vil ha av dei må du bare seie frå, men det vil ta eit par år før dei kjem med fyrste blomsten.
(send ein PM på hagegal i tilfelle)

Merethe sa...

Åå se så skjnne vårtegn. Det tar nok ei stund før vi finner slike i hagen her. Mye av snøen har gått men vi har så masse :) Men om litt :D Det er noe eget ved de aller første spirene...

Mari sa...

Gratulerer med barnebarn! Stas med de små :)
Blåveis må vell være den fineste vårblomsten synes jeg. Blir spennende å se dem utsprunget :D
Her må vi nok vente litt før de dukker opp, men hestehov er observert så da kommer nok blåveisen om ikke alt for lenge heller :)