fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

Eit år går fort og året 2010 er ikkje noko unntak i så måte.
For meg har det vore eit nokså spesielt år ettersom eg har gått sjukmeld sidan august 2009 med diagnosen boreliose (ein bakterie forårsaka av flåttbitt for X antalll år sidan).
Dette fører til mange fysiske plager som energiløyse, mykje verk i kroppen m.m. og tilstanden vart ikkje betre då eg i slutten av september var uheldig å gli på sleipt gras og falle utfor ein liten mur, landa på nakke/skulder med resultat nakkebrot og kompresjon øverst i ryggen.
Eg må seie meg utruleg heldig som slapp frå det med "skrekken" - utruleg heldig er eg som ikkje hamna i rullestol etter nakkebrotet - marginane var på MI side denne gongen.

Hagestell som er ein av dei store hobbyane mine har for det meste lege på vent dette året i påvente av betre tider, noko som speglar seg av i blogginnsatsen min dette året.
Derimot har eg hatt utruleg mykje glede av den andre hobbyen min slektsgransking.
Dessverre fann PC'en min det for godt å ynskje meg god jul med svart skjerm i slutten av november så dei siste vekene har eg hatt ein "lånepc" så både slektsforsking og det meste anna eg vanlegvis fordriv dagane med har måtte ta pause ei stund. Pc'en min er til reparasjon og eg reiknar med at det "bare" skjermen/skjermkortet som har takka for seg så eg ser fram til å få att min eigen pc snart.

Jula har vi tilbrakt roleg i heimen, med mykje god mat og drikke slik skikken er.
Denne jula hadde vi yngste dattera og sambuaren heime, samt den ca 4 mnd gamle katten Ziggy.
Den siste sytte for å skape liv og røre i heimen så tom. katten vår Solo på 8 år tykte det var øye moro å ha julegjestar i hus.

Den uvanleg kalde november og desember har no gått over i mildveir og regn, og skal vi tru meterologen skal det bli høve til å få lufte seg skikkelig iløpet av den siste kvelden dette året.
Eg trur eg skal forholde meg roleg i sofakroken denne kvelden òg - nyte den gode varmen frå kaminen samt god mat og drikke.

Då vil eg ynskje alle eit GODT NYTT ÅR og takke for det gamle som om nokre timar ebbar ut.
Måtte alle mine venner og kjende få eit like harmonisk og fredeleg nytt år som desse to på biletet under!


Her strekkjer Solo og Ziggy ut etter ei runde "stova rundt" i full fræs som oftast endte i ein vennskapleg "brytekamp" under spisebordet.

15 kommentarer:

Unknown sa...

Huffda.. for et år!! Ja jeg ønsker deg god bedring og håper pc og alt kommer i orden.
Kattene dine er jo prikk lik mine?!!
Så vittig.

Randines hageblogg sa...

Et godt nytt år ønskes deg, håper det blir bedre enn 2010 og at det blir flere blogginnlegg...

Herdis sa...

Ønsker deg både god betring og GODT NYTTÅR, Harald!:-) Håper vi får sjå mykje til deg på hagelagsarrangementa våre i året som kjem, og at du får att "hagehelsa" di:))Klem frå Herdis

Maria sa...

Godt nytt år til deg og til dine -- du som for all fremtid går rundt i min hukommelse med en duft av krypende timian :-)

Jeg håper at neste år blir et bedre år helsemessig, men haven er der jo uansett- selv om det er en kunst å legge forventnignene på et passende nivå.

Hevenyttårsklem

Marit sa...

Ja, jeg har savnet bloggen din, så det var hyggelig å "høre" fra deg.
God bedring, og godt nytt år ønskes deg herfra.
Klem fra Marit

Mariann sa...

Kjekt å høre fra deg igjen. Håper på bedring for deg i 2011 og at du får et godt år både helsemessig og hagemessig.

Godt nytt år!

Kristin Aurdal sa...

Kjekt å høre fra deg igjen, lenge siden sist. Håper du er tilbake i godt gammelt slag snart og at året som kommer blir bedre for deg enn det som har passert.
Sender deg en varm nyttårklem og ønsker deg god bedring.

Tigerlilje sa...

Velkommen tilbake, eg har sakna bloggen din! Eg ønsker deg god bedring med helsa, og ser fram til fleire blogginnlegg frå deg!

Berit sa...

Godt nyttår, Hajal. Det gamle høres ikke ut til å være stort å takke for for ditt vedkommende. Men nytt år og nye muligheter både for blogg, hage og PC - og for et lite dikt i ny og ne, håper jeg.

Tove sa...

Der var du. Godt nytt år til deg også! Enda godt du hadde marginene på din side når du først skulle være uheldig. Krysser fingrene for at du blir helt frisk og rask igjen innen våren ankommer og at Pc'en bare har hatt litt hikke. Du skal vel så noen primulafrø i år også ;-)

potentilla sa...

Det må jeg si. Ønsker deg et adskillig bedre år og lykke til :)

hajal. sa...

Tusen takk for alle dei hyggelige helsingane frå dåkke alle - det varmar.
Blogginnlegga kjem nok tettare tilbake etterkvart som eg forhåpentlig har anna å skrive om enn syting og klaging over det helsemessige! ;)
Og jau då Tove, eg har liggande ein bunke frø eg iallefall har lyst å så i år og. :D
Dikta er det verre med Berit, dei kjem oftast når humøret og formen er i betre slag enn den er no, men kven veit....? ;-)

Unknown sa...

Du har en helt spesiell plass i hjertet mitt. Glad for at det tross alt går framover. Og pusebildet får jo hjertet til å blø! Klem fra en pt avgått kveldsvakt. :)

Lilly sa...

Håper du begynner å bli frisk igjen,- savner bloggen din!

hajal. sa...

Takk for det Lilly. helsa er det så som så med, men snart kjem det eit nytt innlegg i bloggen uansett! :)