mandag 11. oktober 2010

Druehausten og turgåing

Litt av utsikta frå "kvilebenken" i Nipsene der mine daglege turar har sitt endepunkt.




No i det siste har vi hatt mange gode stunder med heimelaga druer frå drivhuset. God kvalitet på druene vart det i år i forhold til i fjor då det meste av druene rotna vekk i det svært fuktige veiret vi hadde då.
Den gulgrøne sorten heiter Himrod og er søte og gode dersom dei får henge til dei er godt modne. Problemet er ofte sprekking med påfølgane soppangrep som sprer seg raskt så ein må passe på kvar dag og plukke vekk så snart ein der ei drue som får brunfarge.


Den andre sorten eg har veit eg ikkje namnet på, men det er nok ei typisk vindrue med tjukt skal og inneheld nokså mykje syre og bittersmak. Ikkje alle druene like mykje, nokre kan tom. være nokså gode på smak. Eg for min del held meg til dei gulgrøne ettersom eg får plage med magesyra ved å ete dei blå, men vakre er dei både i skåla og i taket i drivhuset! ;)




Ellers har eg hatt mange fine skogsturar i finveiret i det siste på mi faste rute langs skogsvegen på eit lite stykke av "Nordsjøløypa" som vart opna her i bygda tidlegare i sommar.


Parti frå skogsvegen der eg går tur. Fjellet i bakrunnen heiter Troda (eller Storetroda) og er 954 moh. - eit populært turmål for mange både sommar og vinter.

Langs skogsvegen er det mykje og mangt å studere, som steinar og berg pent dekorerte frå naturen si side med ymse slags mose og lav. Som det berget på bildet over .....

....eller i fuktige grøftekantar der torvmosen lyser mot oss i og er slett ikkje mindre prydeleg enn mange plantar ein plantar i hagen. Likeeins med desse moseartane som veks side om side på bildet under. Den mørk grøne heiter bjørnemose, men den andre arten veit eg ikkje namnet på.
Kansje nokon av lesarane mine kan gje meg eit hint ? ;)

På "endestajonen" på turane mine er det utplassert ein benk i tilknytting til "Nordsjøløypa" og der sit eg og nyt utsikta (det øverste bildet) før eg vender nasa heimover igjen.
Ikkje så veldig lang tur, men lang nok for meg i den situasjon eg er no. Det gjer iallefall godt både for kropp og sjel å gå tur, og godt å ha eit mål for turen.
Også bildet under har eg teke frå der min endestasjon er på dagsturane mine. Vi ser fjorden innover mot Nordfjordeid.

God haustferie til dei som har det denne veka og nyt hausten og fargane dei som har høve til det.

5 kommentarer:

Arne sa...

Tusen takk for at eg fikk være med på turen Harald.... det var som eg skulle være der.... nydelige bilde og spennande observasjona.... blir gjerne med ein gong eg e heime!!
Har du prøvd deg på vinproduksjon av dei blå?? :-)

hajal. sa...

Takk for det Arne, Det er mykje å sjå og høyre når ein går tur i skogsvegen og gjev seg tid å studere og observere.
Har ikkje prøvd meg som vinprodusent endå. Dei blå druene var fyrste året vi fekk avling av i år så det hadde ikkje vorte rare skvetten å smake på, men kansje ein gong når vinranken er vorte bærekraftig nok.... ;)

Mariann sa...

Nydelig natur og flott utsikt. Fint gå tur,spesielt på skogsvei, i det fine været vi har hatt i det siste. Mye å se på veien bare man, som du, har øynene med seg.

Litt eksotisk med egenproduserte druer. En sort for øye og en sort for gane.

Ha en fin uke. Håper du er i bedring.

Northern Shade sa...

What a gorgeous hiking trail you have nearby, and wonderful views. I particularly like moss and lichen covered rocks, with little cushions of green.

Tove sa...

Snadder med egenproduserte druer. De ser flotte ut. Flott turområdet du har i nærområdet. kos deg videre i høst