onsdag 6. oktober 2010

Hoya - Porselensblomst


Hoya er ei spennande planteslekt der den mest kjende er Hoya carnosa eller Voksblomst som den vert kalla på norsk. Det er lettstelte plantar som tåler godt at eigaren reiser frå dei ei stund eller tillet seg å "gløyme " dei ei stund.
Vi har hatt Hoya i våre glaskarmar i fleire omgangar, men dei vert av og til angripne av ullus og skjoldlus og då ryk dei rett ut om vi ikkje klarar å få bukt med problemet.

No har vi hatt ein art her eit par år som eg trur er ein Hoya carnosa 'Compacta'
Den veks seint, har "skrudde" blad og hadde nok heilt sikkert teke seg bra ut som hengande om den hadde hatt meir enn desse to rankane vårt eksemplar har.
Vi har plassert den i selskap med ei due og der ser den ut til å like seg for no kvitterer den med ein blomsterklase. Godduftande som den er (særleg om kvelden) er det meir enn bare pryd for auga.
I drivhuset har eg hatt ståande ei potte med ein variegert sort av Hoya carnosa, stiklingar tekne frå dattera vår sin plante i Valdres. Ein plante ho fekk av oss for to og eit halvt år sidan då vi var på besøk der.
Den var det no på tide å ta i hus for eg har ikkje varme i drivhuset mitt.
Den er meir av den klatrande sorten når den fyrst kjem i gang og kan etterkvart dekke eit nokså stort areal, eller ein kan lage eit espalier til den og feste den til det - vi får sjå etter kvart som den veks til.



For mange år sidan hadde eg eit flott eksemplar av Hoya bella - liten voksblomst som eg fekk av mormora mi. Den misste eg dessverre under eit stort ullusangrep, men den ynskjer eg meg igjen. Ein virkelig flott Hoya med rik blomstring og godduft som kan fylle eit heilt rom.

5 kommentarer:

RandiF sa...

Hoya er flotte blomster. Eg hadde eit kjempeeksemplar som stamma frå svigermor sin plante, men i fjor fikk den et gedigent angrep av ullus, og måtte til slutt kastast.:-(. Men har 3 stk., en 'vanlig', 1 variegert og denne som du viser, H. compacta. Den siste har ikkje blomstra enno, men dei andre har vore flittige på seinsommaren og hausten. Nydelig duft.

RandiF sa...

Vi kaller den forresten porselensblomst....

krepsemor sa...

Min "compacta" her heller ikke flere enn to ranker, men den henger nå i stuevinduet likevel =) Jeg har 8 sorter av Hoya, men de er treige til å blomstre! Compacta har nettopp hatt en blomsterklase, men bare Bella blomstrer uavbrutt nesten! Jeg kan sende deg en stikling, men den må få vokse seg til igjen! Jeg har nettopp klippet den ned, og kastet avklippet =(

Mia sa...

Nog kan jag ende deg en stikkling av Bella, send meg en mail med adressen, når nå Krepsemor ikke hade på lager. For å få compakta buskete har den bara godt av å klippes, kanskje noen her ute som vil ha en stikling av deg? Er selv helt frelst i Hoya :)

hajal. sa...

RandiF:
Takk for at du retta på namnet. Voksblomst er noko heilt anna (eg har ein i hagen): No har eg retta opptittelen slik at også det norske namnet skal være rett.

Krepsemor:
Takk for tilbudet, men som du ser under her har eg også fått tilbud frå MIa som kan sende stikling.

Mia:
Takk for tilbodet om stikling av Hoya bella. Eg sender deg adressa.