
Eg har fått award frå New Dawn i bloggen hennar - Tusen takk New Dawn for utmerkinga! :)
http://newdawnsinhagedagbok.blogspot.com/
Med awarden følgde ei utfordring som består av 7 ting eg skal fortelje om meg sjølv. Ikkje enkelt akkurat å velje alle punkta eg vil ta med, men eg let det stå til.
1. Den hagegale
Eg er fullstendig hagegal, noko dei fleste sikkert veit frå før, men det er ikkje nokon heilhetleg hage eg har. Som plantesamlar flest er beplantninga i hagen min "alt mulig" og ingen store parti med eins farge eller form. For meg er det mest interessant å få til den og den plantearten, så for meir strukturerte hagefolk fortonar sikkert hagen min seg som eit sant kaos.... LOL
Den andre store hobbyen min er skektsgransking som eg har halde på med sidan 13-14 års alderen. Det starta med å spørje ut slektningar, lån av bygdebøker og slektsbøker som sirlig vart avskrivne og samla i ringpermar. Etter at dataalderen kom inn i livet mitt er eg begynnt å legge desse opplysningane eg har samla inn i slektsprogrammet EMBLA. Dette tek tid for kvar person vert sjekka i kjeldene frå dåp til gravferd og kjeldehenvisningar skal med i databasen - eit tidkrevande, men svært så spennande arbeid. Det dukkar stadig opp fleire personar i mange familiar enn det bygdebøker og andre slektsbøker har fanga opp og ikkje alle opplysningar i desse bøkene er alltid pålitelege heller. Ofte må det både sjekkast og trippelsjekkast før ein kan være sikker på at dei opplysningane ein har om ein person er korrekte og mitt mål er at alle dei opplysningane eg har i databasen min skal være korrekte så langt det let seg gjere.
Bildet under er av to av mine tippoldeforeldrer.
3. Diktaren
Sidan ungdomsåra har eg hatt moro av å skrive dikt. Det meste av dei hamnar i mitt "private arkiv". Av og til kjem nokre av skriveria mine ut i offentligheta i form av dikt til 17. mai, bygdakvelden eller andre arrangement og private samankomstar.
Eg skriv for det meste for å more meg sjølv eller feste til papiret enkelte tankar og meiningar eg har, men kan det more andre òg er det ein ekstra bonus. Dei seinare åra har det vorte lenger og lenger mellom kvar gong det renn noko ut av pennen ser det ut for - det kjem iallefall periodevis.
Skal eg lese noko vert det oftast "faglitteratur" som hagebøker og -blad eller stoff med lokalhistorisk eller slektshistorisk tilsnitt.
Dessutan er eg glad i historisk baserte romanar, gjerne bygderomanar og naturskildringar. Særleg er eg glad i bøkene til Mikkjel Fønhus som eg las opptil fleire gongar i ungdommen.
Av diktarane våre er det Jakob Sande som står høgast i kurs hos meg, men når eg nemner Sande må eg og ta med dei pålangt nær så kjende novellene hans som er fullt på høgde med det andre han produserte. Han var ein meister med pennen! ;)
Jakob Sande's "Dikt i samling" og "Noveller i samling"
5. Bærplukkaren
Den beste ferien eg får er når eg tek med meg bærspannet og stryk til skogs etter bæra. Då kosar eg meg skikkeleg. Eg likar helst å gå åleine på desse turane for då styrer eg vegen, tida og tankane mine sjølv. Eg kan setje meg ned og la blikket glide langs strendene og bygdene innetter fjorden eller studere dyre- og plantelivet som ein del av naturopplevinga på desse turane. Det er balsam for sjel og kropp.
6. Reise
Å reise har eg aldri vore glad i, heller ikkje å køyre bil.
Bilen er ei nødvendighet for å komme seg frå A til B, men heller ikkje noko meir for meg.
Eg har imidlertid eit stort ynskje for framtida når det gjeld reise, nemleg ein gong å reise med hurtigruta langs kysten nordover for å sjå og oppleve Nordlandskysten og mange av dei stadane mine forfedre har levd sine liv langs kysten.
7. Høgderedd
Til slutt må eg komme med ei bekjenning.
Eg er nemleg høgderedd. Det er ikkje høgt eg skal klatre før det syg skikkeleg i magen og eg vert mo i knea. No har eg fått velvillige fam. medlemmer til å male huset i den høge nordaustramen.
Det ser ikkje ut til at det gjer dei noko å spankulere på stillaset der det øvste platået er 8,35 over bakken. No er veggen nedskrapt, vaska og grunna og enkelte bord og vindskeier er skifta, så skal den malast ut i veka som kjem.
Så er det dei eg vil utfordre til å ta stafetten vidare:
http://marianns08.blogspot.com/ Sunnmørshagen min
http://randifsinvestlandshage.blogspot.com/ RandiF sin vestlandshage
http://heimdalhagen.blogspot.com/ Heimdal
http://mittlillerom.blogspot.com/ Mitt lille rom
http://sommerhagen.blogspot.com/ Vår svenske sommerhage
http://heltpajordet.blogspot.com/ Helt på jordet
http://maritshagedagbok.blogspot.com/ Marits hagedagbok