
Alt er klart til såing av staudefrø.
Å hjelpe meg... er det sååå lenge sida siste innlegget her ?
Ja ja eg har ikkje hatt så mykje å skrive om då men.... kunne no ha lagt inn nokre ord om dagleglivet ein finn alltid noke å skrive om når ein bare startar!
Dei siste dagane har eg måtte halde meg i hus pga. problem med lungene i kulden. I helga var det ned i -8-9 grader og det er kaldt her. Var ikkje ute anna enn det eg måtte for å komme meg til/frå jobb og på butikken, men det var nok for lungene sjølv om eg brukte forebyggande astmaspray. Så mandag og tysdag måtte eg skulke jobben og halde meg innandørs og bare fyre i omnen og ta det med ro. Ja det er vare saker desse lungene når dei er reduserte slik. Har aldri røykt heller så eg kan ikkje skulde på det, men for vel 20 år sidan hadde eg lungekollaps så det er nok der det skriv seg frå.
Sola skin så fint ute no og eg har masse ved som ropar på meg, men det får bare ligge der til mildveiret kjem att. Ikkje det at det hastar med det heller, den spring ingen veg...... ;)
Idag har eg sådd stauder 38 sortar dvs. 4 av dei ligg i lunka Zalovatn på termosen til i morgon og det er Cyclamenfrøa - ja så er der ein "pose" med Helleborus niger som skal vere med på Eid i morgon då skal Hagelaget ha tema såing på møtet og eg skal fortelle litt om såing av stauder, medan andre skal ta seg av såing av 1-årige.
Tenkte eg kan ta med litt ekstra og så nokre porsjonar som kan loddast ut slik at hagelaget får litt i kassa.
Alle frøpottene er plasserte på badet til "forvarming" før dei skal settast ut i snøen og kulden, men eg må passe på å få ut Draba etter nokre dagar så dei ikkje spirer inne slik eit par av dei eg sådde tidlegare i vinter som spirte inne før det hadde gått ei veke.
Frøa eg no sår har eg kjøpt frå STA og Dansk Primulaklubb (DPK) og frå den siste var der nokså rikeleg med frø i kvar porsjon av dei fleste sortane. ;)

Då er frøpottene sett i vannbad for opptrekking av vatn og er snart klar til å bli sådde!
Idag har eg sådd:
Androsace brevis (STA)
A. carnea v. brigantica (STA)
A. halleri (A.carnea ssp. rosea/A. c. v. halleri) (STA)
Cortusa altaica (STA)
C. matthioli 'Alba' (STA)
C. matthioli ssp. pekinensis (STA)
Draba aizoides (STA)
D. dedeana (STA)
D. fladnizensis(STA)
D. haynaklii (STA)
D. lasiocarpa (D. aizoon) (STA)
D. korabensis (STA)
Fritillaria imperialis 'Rubra' (STA)
F. imperialis v. inodora (F.eduardi)(STA)
Primula aurantaica (DPK)
P. burmanica (DPK)
P. chionantha, kvit (DPK)
P. chionantha ssp. melanops (P.melanops)(STA)
P. chionantha ssp. sinopurpurea (DPK)
P.elliptica (DPK)
P. grandis (DPK)
P. mistassinica (DPK)
P. modesta (DPK)
P. mollis (DPK)
P. muscarioides (DPK)
P. polyncura (STA)
P. prolifera (DPK)
P. x pubescens, bl.fagar (DPK)
P. pulverenta (DPK)
P. rysbyi ssp. elleisiae (P. elleisiae) (STA)
P. wilsonii var. anisodora (DPK)
Saxifraga cochlearis (STA)
S. granulata (STA)
S. hirsuta (STA)

Då er alt sådd og klart for eit opphald på badet så frøa får sugd til seg fuktighet før det berst ut i vinterkulda.
I tillegg ligg som sagt frø på termosen som skal såast i morgon, men der trur eg at eg må bruke større såpotter enn dei små yoghurtbegera.
Det er :
Cyclamen coum (DPK)
C.hederifolium (DPK)
C. hederifolium album (DPK)
C. hederifolium 'Silver Cloud' (DPK)

Det gjeld å merke termosen godt slikk at ikkje velmeinande "hjelparar" i heimen tømmer heile innhaldet i vasken ! ;)
Så får vi sjå då kva det vert av spiring utover våren, ser ut for at det kan bli ein del prikling denne sesongen og sjølv om eg har sådd små porsjonar (difor yoghurtbeger ;)!
Ha ein flott onsdag alle saman!