fredag 18. mai 2012

Aurikkelblomstring -


Dagen i dag skal visst markerast som "Fascination of Plants Day", og ei av dei planteslektene eg har aller størst fasinasjon for er Primula og då i særleg grad hageauriklar "(Primula x pubescens). Etterkvart har eg erverva meg mange forskjellige variantar i forskjellige fargar og nyansar av fargar. Nokre av dei har eg bytta til meg, men dei fleste har eg frøsådd og då veit ein ikkje kva som openbarar seg når den fyrste blomen opnar seg, så det er spennande dagar for eg har enno ein del fyrstegangsblomstrande som eg ventar på.
Denne trur eg er ein "Konkel-aurikkel" ...


Denne brune med gylne kantar fekk eg av ei eldre dame i  nabobygda for over 20 år sidan
Dei siste tre variantane over her ser nokså like ut, men dei har alle forskjellig senter når ein studerer dei nærmare.


Denne sorten har forholdsvis små blomster og er meir "klokkeforma" enn vanleg.
Her er ein fyrstegangsblomstrande av året som eg var svært nøgd med ettersom eg ikkje hadde lyseblå variantar frå før.

Denne blågrå varianten syns eg er vakker
Dei gule hageauriklane er eg spesielt glad i. Eg har observert at dei aaller fleste gule har sterkare og betre duft enn mange av dei andre. Auriklar duftar DEILIG!!!!!!! 
Eg har nokre kvite og, denne kvite er den einaste fylte aurikkelen eg har foreløbig. Skal eg være heilt ærleg syns eg dei enkle er finare.
Ikkje alle auriklar er like lette å ta bilder av. Denne var ein vriompeis i så måte, men omsider fekk eg eit bilde som eg tilslutt let gå gjennom "sensuren". Denne har nesten svarte blomster  som ikkje foldar seg heilt ut (blomsterforma minner litt om P. veris) og sjølve blomsten er nokså liten - ein spesiell variant som blomstrar for fyrste gong i år.


Når eg skriv dette har eg fortsatt ein del auriklar som ikkje har blomstra enno, og nokre variantar som ikkje var samarbeidsvillege mht. bildekvalitet. Om komande veke kjem med betre veir og temperatur vonar eg at fleire variantar dukkar opp så eg får ta eit oppfølgingsinnlegg om det skulle dukke opp noko nytt.

Ein av sortane eg har hatt i mange år har hjorten lagt sin elsk på denne vinteren og akkurat den gruppa var beita heilt ned og delvis nappa opp så stubbane låg opp på jorda tidlegare i vinter. Kvifor den valgde seg ut akkurat den gruppa er uvisst, men det kan tyde på at den sorten hadde smak/lukt som hjorten sette pris på.

Eg har og nokre showauriklar som har blomstra i drivhuset tidlegare i vår i drivhuset. For litt sidan oppdaga eg at mange av dei har fått rotlus, dei må eg behandle på eit eller anna vis så ikkje rotlusa sprer seg til andre drivhusplantar. Heldigvis stod desse for seg slik at fare for spredning til andre plantar ikkje skla være fare for.

11 kommentarer:

Frøya-Heidi sa...

Så mange flotte aurikler du viser på en gang! Må være kjekt å vente i spenning på at nye sorter skal blomstre for første gang. Til neste sesong må jeg visst så flere aurikelfrø.

Jeg likte også den blågrå spesielt godt og den med striper i blomsten.

hajal. sa...

Takk for det Heidi. Tenkte det var greit å samle dei så er det lettare å samanlikne fargar og former ;) -Ja auriklar er lette å så sjølve. Det franske firmaet Barnhaven kan eg anbefale, dei har spirevillig og godt frø og mangfoldig sortement. Ellers er det også spennande å så frø frå eigen hage som blitt bestøva av humler og bier, dersom ein ikkje vel å bestøve dei sjølv for å få spesielle kombinasjonar.

New Dawn sa...

Spennende med Aurikler. Sådde noen jeg også for et par år siden, og en av de fikk variegerte blader og gul blomst.
Du kan se bilde av den i bloggen min om du klikker på stauder i feltet til høyre. Jeg har registrert mange av plantene i et program som heter Evernote.
Er det vanlig at de kan få variegerte blader?
Har du forresten oversikt over hvor mange du har?

hajal. sa...

Variegerte blad hos auriklar har eg ikkje vore bort i, men det finst nok som hos dei fleste andre planteslekter.
Eg er vanlegvis ikkje så glad i variegerte blad med unntak av Hosta og enkelte andre så det kan godt være at eg har "oversett" auriklar med variegerte blad på nettet, men eg har aldri hatt slike sjølv iallefall.Kor mange forskjellige aurikkelvariantar eg har har eg ikkje oversikt over, men det byrja å bli ein god del etterkvart.
Eg har sett at du har skrive om Evernote og det er lurt å lage seg ei oversikt på det viset, spesielt når ein kallar seg ". Eg får sjå om det kansje kan bli ein vintersyssel hos meg og med tida.

Ranten sa...

Så utrolig mange flotte aurikler du har! Snakker vi samleobjekt eller?!

Ingvill sa...

Hei:) Så flott å sjå bloggen nyfyllt og blomstrende!! Du har ett utrolig flor allerede, og det fra så mange arter.. Her er det bare iferd med å grønnes%)Men vi kjem fort bare det sett igang.. Koser meg veldig med hagen din!

hajal. sa...

Ja for meg har det nok utvikla seg til "samlemani", men svært få av dei har namn, men fine er dei likevel. :)

hajal. sa...

Takk for det Ingvill. Om nokre veker har nok dåkke nådd oss igjen i utvikling tenkjer eg. Det har vore ein usedvanleg kald vår her så frå at det låg an til svært tidleg vår i mars er vi no komen der hen at det er nokså seint til midt i mai å være. ;)

krepsemor sa...

Så utrulig mange flotte aurikler du har, Harald! Eg er også veldig glad i auriklar, og har sådd mange, og da fargeblanding! Det er det som er så spennende, å sjå kva farge som dukker opp! No har mine også begynt blomstringa! Herlig! Gleder meg til fleire flotte bilder :)

RandiA sa...

Oi, så flotte...tror jeg kjenner igjen noen av dem, men jeg tror sannelig du har en del flere enn meg.

Blogger sa...

BlueHost is the best hosting provider for any hosting plans you require.