torsdag 22. mars 2012

Den fyrste kvitveisen -



Idag har eg funne den fyrste kvitveisen i blomst ute i hagen.
22. mars må være rekordtidleg, etter å ha sjekka min 7. sans frå dei siste åra er det tidlegaste eg kan finne 29. mars tidlegare år så ja, i år kom våren tidlegare enn "normalt".
Alltid stor stas å finne den fyrste, då veit ein at det er ikkje mange dagane så dukkar det opp kvite felt både her og der iallefall dersom lovnaden om pent veir dei næraste dagane held stikk.
Idag må vi nok finne oss i å ha enkelte byger hengande over oss.
Eg har som tradisjon å plukke den fyrste kvitveisen eg finn kvart år og sette den i vase ved mi kjære fru sin sitjeplass. Ei markering av det viktigste vårteiknet!




I hyperturfatrauet mitt blomstrar denne Drabaen fint - har blomstra ca ei veke alt og viser virkelig godt att sjølv om den er å reikne som ein "nærsyntplante".

Ellers poppar det opp med spirar som veks alle stadar, snøen som kom natt til mandag har ikkje gjort nemneverdig skade anna enn på krokusane der mange ser noko pjuskete ut og ligg langs bakken, men mange står også like fine som før snøfallet.

2 kommentarer:

torunn@unu-as.no sa...

Hallo!
Vågsøy Hagelag skal ha kurs i støyping av hypertufa etter påske, og eg ser at du har referat frå Eid sitt kurs på bloggen din.
Kan eg få lov til å vise til din blogg i informasjon til medlemane våre?
Elles var det skikkeleg vårstemning med deg!
Mvh
For Vågsøy Hagelag
Torunn Føllesdal Utnes
Sekretær

hajal. sa...

Ja det er heilt i orden det, Torunn. ;)