******* ****** ******
Ja no er det lenge sidan eg har posta noko på bloggen min.
Denne sommaren og hausten har vore våt, våt og våt... men med november kom også mange fine dagar og temperaturen er for årstida svært behagelig. Nokre dagar har vorte utskjemde med tjukk skodde heilt i fjæresteinane og dei dagane har eg ikkje så mykje fysikk til å holde på i hagen.
Frosten er det knapt så vi har helst på. To gongar har eg skrapa is/rim av bilen og plengraset i hagen har bare såvidt vore rima eit par gongar. - Du verden kor flott når ein er komne til at vi snart skal starte på siste veka av november.
Eg kosar meg ute i hagen dei dagane eg er i stand til det.
Idag har eg reinska ugras i woodlandet i 10 varmegrader og heilt vindstille - ein heilt super dag!
I septiktankbedet mitt står fortsatt fuchsiane i blomst, og dei skal få lov å stå ute så lenge det ikkje er fare for skikkelig frost eller snø. Bare dei to stammefuchsiane mine har eg teke inn. Ikkje pga frosten, men pga. hjorten hadde lagt sin elsk på dei og friserte dei nokså bra så det var eigentleg lite å plukke vekk.
Rosa 'Queen Elisabeth' har eigentleg blomstra godt i heile sommar og haust til tross for mykje nedbør. Det er virkelig ei rose å anbefale på nedbørsrike stadar.
Også 'Golden Showers' og 'Symphatie' blomstra enno, men dei bileta vart altfor uklare til å ta med her...
Også Clematisane blomstrer flott no
Det er ikkje uvanleg at hageprimulane kjem med fornya blomstring om hausten, her er ein av dei
Doronicum er vanlegvis ein vårblomstrande plante, men denne har teke seg på tak og kjem no med ein blomst i slutten av november.
Hortensiane blomstrar enno, vakre bladfargar har dei og. Den rosa som eg fekk av naboen i fjor har eg ståande i ei potte og den skal inn når vinteren kjem for fullt. Neste år skal eg finne ein høveleg plass til den i hagen håpar eg...
PS! Alle bileta i innlegget er tekne den siste veka.