onsdag 24. februar 2010

JIPPI !!!

Det manglar ikkje på snø denne vinteren, men vi skal ikkje klage. Her er det ikkje meir enn ca 40 cm på bakken, mange andre stadar har dei mykje meir og får jamt påfyll.
No har vi hatt 11 dagar samanhengande utan nedbør men idag fekk vi ei lita lett snøbyge nett so mykje at vi vart påminna om at det ikkje er heilt tomt der oppe.
Mange stadar høyrer eg at dei er alvorleg redde for mangel på vatn etterkvart m.a. i Bergen og eg trur nok at held denne vinteren fram lenge KAN det bli realiteten andre stadar og. Grunnvasstanden på Vestlandet er visst betydeleg redusert las eg for litt sidan.
For ikkje å snakke om reservane i kraftmagasina - straumprisen er sjokkerande kva spotmarkedet angår og fastprisen er og på god fart oppover.
Men det finst håp...........


Under kjeglegrana min skjuler det seg eit håp om at under alt dette kvite er det aktivt liv tross i kulden.



Den fyrste snøklokka har begynt å vise farge og er eit kjærkomme vårteikn - det går på fram i år og.

lørdag 20. februar 2010

Aurikkelblomstring i kjellaren





Ja det er langt mellom innlegga i denne bloggen for tida.
Helsesituasjonen er uforandra og denne veka har ikkje vore den beste i så måte, men det finst og gleder i kvardagen slik som aurikkelblomstringa i kjellaren.



No har to av dei Show-Auriklane som eg sette inn i kjellaren før jul komme i blomst.
Dei står under vekstlys i eit uoppvarma rom der einaste varmekjelda er er eit vekstlysarmatur og to djupfrysarar som gjev frå seg litt varme - nok til at det held seg på plussgrader uansett kor kaldt det vert ute. Og ute er det framleis vinter.

No har snøen lege konstant sidan 19. desember og det er det svært lang tid sidan vi har opplevd på våre kantar. Nett no har vi 42 cm snø "på flat mark " som det heiter ( her skal vi leite lenge for å finne FLAT mark!!!!)
Idag viser temperaturmålaren minus 6,5 grader som er nokså kaldt her hos oss, etter at vi har hatt ein periode med litt mindre kulde.


Fjellet som vi ser bak her heiter Troda eller Storetroda og er eit populært turmål både sommar og vinter. Det er nok flotte forhold å gå på ski til toppen av Troda denne vinteren for dei som er interessert i denslags. Personleg har eg aldri likt meg på ski.




Fleire Show-Auriklar er i knopp i kjellaren så eg håpar det vert fleire spennande opplevingar når dei opnar knoppane sine om eit par veker.

Ellers har eg meldt meg på ein import av auriklar og blåveis frå Tyskland ilag med andre blåveiselskarar på Nordic Hepatica forum
http://www.hepatica.org/phpBB3/index.php
Det vert vel den store invisteringa i hageplantar dette året reiknar eg med. Ellers får eg satse på å ta meg av alle dei frøplantane av stauder eg ikkje fekk prikle i sommar som var. Håpar dei fleste har overlevd vinteren og er klar for prikling til våren.

Sola har vi no hatt sidan 2. februar og i år har vi vore heldige å fått sett mykje til den også dei fyrste to vekene, ikkje kvart år det er så mange soltimar på denne tida.

Her ser vi dei fyrste solstrålane på den fyrste soldagen 2. februar 2010.

Eg ynskjer alle ei god helg!

søndag 24. januar 2010

Auriklar - verdt å vente på til våren


I dag har eg sete og drøymt meg vekk i ymse linkar på nettet med Primula, Hepatica, Saxifraga, Anemonella og ymse anna og kjenner at lengselen mot vårteikn og vårlege aktivitetar vert meir og meir påtrengande. Då er det godt å ha både internett og eigne bileter å trøyste seg med.
I år vert det ikkje staudesåing på meg (trur eg). Eg har rikeleg med uprikla stauder i drivhuset og ute som eg ikkje fekk gjort i sommar av helsemessige årsaker. Desse håpar eg å klare å ta meg av når våren kjem.
Når det gjeld helsa er den ikkje betre, blodprøvane viser at boreliabakterien har byggt seg opp att med høge verdiar og dei kvite blodlegemene er under det nivået dei bør være så eg reiknar med at det snarleg vert ein ny kur for å prøve å ta knekken på styggedomen.
Energinivået er labert og dei andre symptoma har komme att med full tyngde så eg får no bare vente og sjå kva som skjer med vidare behandling osv.
Trasig er det å gå slik mnd. etter mnd., men som eg seier er det dei som har det verre!




Idag har eg lyst å vise fram nokre av dei Aurikkelbileta eg har (har sikkert vist nokre av dei før i bloggen min, men det er vel ei stund sidan så det kan takast att denne gongen og.

Mange av dei har eg sådd sjølv, nokre har eg fått frå andre hageeigarar i området her og nokre er bytteobjekt frå andre hagegale venner som meg rundt om i landet.



Nydelig farge på denne lilla syns eg.


Denne brungule meinar eg at eg fekk hos ei dame i nabobygda ein gong rundt 1990.

Denne lilla og gule er det mange her i bygda som har i hagane sine og er sjølvsagt komen frå ein av dei hagane.


Eg sår aurikkelfrøa i såjord med iblanda litt meir sand. Såtida er frå november til "ut på vinteren", men dei bør helst få nokre veker med temperaturar mellom 0 og 4 grader - så set eg dei ut - kuldegrader er vel strengt tatt ikkje nødvendig.
Eg prøvar å så så tynt at eg kan la dei få 2-3 blad før eg priklar dei, men dei kan sjølvsagt priklast tidlegare og, men ein må være varsam så ein ikkje skadar dei. Det er lett å rive dei sund dersom ein ikkje løyser dei godt nedanfrå under prikling, og då er det lett å få soppangrep i såra. Om så skjer dusjar eg dei med ei oppløysing av Atamon som ein får i daglegvarehandelen.
Ofte sår eg i jordbærkorger for at dei skal få god plass. Eg priklar også i jordbærkorger, dei syns eg er praktiske å arbeide med.


Ein delikat raud variant


Ein heilt mørk lilla variant.


Såååå lekker farge, minner meg om sitronfromasj....
Mange av auriklane har ei utsøkt god duft under blomstring og eg syns særleg mange av dei gule luktar særs godt. Korleis det var med denne varianten hugsar eg ikkje nett no.




Reint kvit aurikkel

Dei to siste eg har bilete av idag er frå Show-aurikkelfrø eg har kjøpt frå det franske firmaet BARNHAVEN. Dei har frø av mange lekre auriklar og andre Primula artar og vel verdt å ta seg tid å besøke på nettet for Primulaelskarar.
Mange andre stadar og er det råd å få tak i aurikkefrø og for dei som er ekstra interesserte i auriklar og andre Primula artar er Dansk Primula Klub ein fin plass å teikne medlemskap og knytte kontakt med likesinna.


Eg er spent på dei av denne sådden som ikkje har blomstra enno skjuler. Før vi reiste på "juleferie" tok eg desse Auriklane inn i kjellaren under plantelyset der i så og seie uoppvarma rom for eg var usikker på herdigheta til desse Showauriklane, og det var sannelig bra så kaldt som det etterkvart vart!
No står fleire av dei med knoppar og om nokre veker vil dei syne kva dei gøymer på - eg gled meg stort til dei viser farge!


Den siste her var eg ekstra stolt over å ha fått fram. Grøn, brun og gul med rikeleg melering ( (det kvite "mjølet") på blomst og stilk.

Så håpar eg at min vesle presentasjon av auriklar har sett litt vibrasjonar igang hos andre og som ventar på vårteikn og blømande tider igjen om nokre få månader.

onsdag 20. januar 2010

Elgen på Ål

Eg høyrde i radioen idag om ein episode på Eldresenteret på Ål i Hallingdal der ein elg sprang gjennom ei glasrute og inn på eit pasientrom der han tilslutt vart avliva .
Heilt sikkert eit stort sjokk både for elgen, bebuararne og dei tilsette.
Det "måtte" eg bare kommentere på min måte!

Her er heile historia frå Nrk Buskerud:

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/buskerud/1.6954378





Elgen på Ål



Det vart no vel noko til hending på Ål
då skogens konge sprang rett mot sitt mål
og gjennom den blanke ruta
så glassplint og rammeverk spruta.

Han hadde høyrt gjete at der var det flott,
å sleppe å fryse - det må være godt!
han hadde nok grunda på dette
om det var det einaste rette.

Han samla seg krefter og rennefart tok
og hamna til slutt bak ei dør i ein krok
der kunne han snart kjenne varmen,
men skjønte ikkje heilt seg på larmen.

Han høyrde det prata og dører som slo
men litt etter litt vart det stillhet og ro,
han saumfarte kvar ein tomme
på det nyokkuperte rommet.

Så brått opna døra seg sakte på glytt,
han stirra nyssgjerrig for dette var nytt
og då kom ein smell så det susa
og elgen seig saman og dusa.

Skal tru om den elgen får oppfølgt sin draum
om varme på kroppen av kommunal straum
og såleis på middagsfat hamne
for alle dei slitne og gamle ?

tirsdag 19. januar 2010

Den rosa haien

Vinterlyset kan være flott også her i vest, og for nokre dagar sidan (fredag) var det flotte morgonfargar over landskapet .


Ofte er det mange rare formasjonar på skyene som kan sette fantasien i sving.
Er ikkje dette ein hai kansje ?

Den rosa haien på veg nordover.

torsdag 14. januar 2010

Litt om Turku by ( Åbo)

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg vil eg vise noke vinterlege bilder frå Turku (Åbo) som er ein flott , gamal by i vårt naboland i aust.
Åbo er det svenske namnet på byen (og kansje mest kjendt i Noreg ) frå den tid Finland låg under Svensk herredømme, men finnlendarane likar helst at vi seier Turku ( som rimeleg kan være...!!!).

Turku er Finlands femte største by med ca 177 000 innbyggarar og Finlands eldste by, grunnlagt på 1200-talet.
Fram til 1812 var det hovudstaden i Finland.
I byen finst det utruleg mange gamle og staselege bygg og mange attraksjonar for dei som er historisk interesserte, og for dei som er hagegale er det sjølvsagt med eit besøk i botanisk hage som ligg eit stykke utanfor byen. Der var eg sommaren 2008 (kansje eg skal lage eit innlegg med bilder derifrå og ).


Domkyrkja i Turku er gamal. Den var påbegynt på slutten av 1200-talet.
I ein storbrann i byen i 1827 fekk store delar av byen omfattande skadar, deriblandt den staselege domkyrkja som då måtte gjennomgå omfattande restaurering.
Julafta kl.12.00 er det århundrer lang tradisjon (truleg frå den tid byen var hovudstad) at borgarmeisteren erklærer jula for offisielt opna frå domkyrkjetrappa. I tillegg til vakker korsong og eit militærorkester som spelte julesongar. Dette vart kringkasta på finsk TV og det var oppmøtt nokså mange tusen menneske på domkyrkjeplassen som overvar dette såg vi.
Hadde eg visst det skulle eg ha teke meg ein tur og fått opplevelsen med meg for det var ikkje meir enn ca 20 min å gå frå der vi budde.



Byen Turku/Åbo er delt i to av ei elv/kanal som er sjølve livsnreven i byen. Mykje av friarealet ligg langs denne kanalen og ein ser stadig massevis av folk som spaserer langs kanalen i allslags veir både sommar og vinter. Langs kanalen ligg det mange reataurantbåtar fortøygde ved kanalsidene og ein del av dei var i full drift no i jula og såg eg tiltross for at dei alle låg innefrosne.


Her ser vi nedover elva/kanalen frå den nederste av bruene.


Her er utsikta oppover elva frå samme brua. Tre av desse bruene var både for bilar og gåande/syklande traffik fram og tilbake frå ein esida til den andre, medan den fjerde kun var for gåande.


Av dei mange gamle og staselege husa i byen var Handelsbanken. staseleg bygg syns eg.


Plana var at vi skulle ta eit besøk på Oldtidsmuseet som låg like ved elva ca 15-20 min å gå frå der vi budde. Dette hadde vi planlagt laurdag den 3. januar ettersom vi las på nettet at dei hadde ope kvar dag 11.00-19.00, men då vi kom fram hang det oppslag på døra om at det var stengt i jule- og nyttårhelga og opna igjen for publikum den 5. januar - avreisedagen vår !!!!
Madammen var innom der sommaren 2008 ( den dagen eg var i botanisk hage) og der var det svært mykje å sjå for den som er historisk interessert. M.a foregår det utgravingar av den gamle byen under noverande gatenivå og publikum hadde adgang mens utgravingane foregår - det hadde vore spennande å fått med seg, men slik gjekk det ikkje.

Eg hadde også planer om å ta bilder av dei flotte, gamle 1 1/2 etg. husa som var mange stader i byen - dei fleste malte i rosa, grøn, blå og gule pastellfargar. Men så pådrog eg meg halsbetendelse på laurdagen då vi skulle på museet så eg måtte halde meg innendørs resten av tida der borte. Dei husa hadde ein spesiell apell til meg må eg seie dei såg så koselege ut.


Noko av det som imponerar meg er alle dei store, flotte trea som pryder byen, både i gamal og ny bebyggelse. Det er tydeleg at byen set mykje inn på å ta vare på grøne verdiar.


Solnedgang i Turku - biletet teke frå verandaen til dattera vår.

For den som har lyst å være turist i Turku er det rikeleg muligheter med attraksjonar av både det eine og det andre m.a eit gamalt slott frå 1200-talet som vi enno ikkje har "gjett oss tid til" å sjå nærare på med vi er der, men det kjem nok fleire høver reiknar eg med.
Det går daglega båtruter til/frå Stockholm for dei som vil reise med eigen bil, sykkel eller bare vil følge båten. Dei som har teke den turen anbefalar reisa.

søndag 10. januar 2010

Berre eit lite ynskje....



Ja no klarte eg det ikkje lenger - eg bare MÅTTE poste eit innlegg med litt vårleg lengsel på bloggen min.
Eg vart " forleda" til å skrive eit lite dikt når eg såg at det var så mange på facebook som gav uttrykk for at dei lengta mot litt varmare tider og vårdrag i lufta - det drog meg med også.

Vinter er flott det når snøen ligg så stabil og fin som no, men det er kulden eg personleg ikkje taklar. Lungene protesterar allereide ved to-tre kuldegrader og hittil har eg brukt eit tjukt og godt sjal å puste gjennom når eg går ut for å varme opp lufta eg pustar inn, men no vurderar eg å gå til anskaffelse av ei såkalla varmemaske ( er det "Jonasmaske" det heiter? ).
Her hos oss har det vore nede i litt under - 12 på det kaldaste, men nede i bygda på dei lavaste plassane har det vore nede i under - 20 og det er det svært mange år sidan sist. Og enda lenger sidan det har halde seg SÅ kaldt så lenge.
Akkurat no ligg gradestokken på - 6,5 og det er det "varmaste" han har vore sidan juleveka trur eg.

På foringsplassen er det hektisk aktivitet med småfuglar som et seg mette på solsikkefrø, restar av epler og kokte poteter og anna vi har lagt ut til dei.
Dei eg har registrert etter at vi kom heimatt frå juleferien er Kjøttmeis, blåmeis, spettmeis, granmeis, raudstrupe og svarttrast. No gjeld det å fore godt så dei og kjem seg gjennom den strenge vinteren, så får eg forhåpentligvis hjelp av dei til plukking av uønska insektsinvasjon til sommaren som takk for maten.


Eg vil ha mildveir

Kulden han biter og nasa vert raud
eg fyrer i omnen og klagar mi naud.
No vil eg snart ha litt mildveir mot land
slik vi er vandt til ved Nordsjøens strand.
Eg vil sjå krokus og løvetann spire
å gå her og fryse det er ikkje pire!
Svarttrastesongen den lengtar eg til,
eg vil ha vår snart - eg vil, ja eg VIL!




Ser at mange har starta med såing m.a. av tomatfrø, trur eg ventar ei tid enno. Trur ikkje det vert så mykje såing på meg denne sesongen, det spørs korleis helsa utviklar seg utover. Håpar at det snart går rette vegen igjen på det planet og!

Ha ein fin søndag alle saman.